Hopp til innhold

Auke både i Noreg og Sverige: Fryktar at fangar skal overta makta i fengsla

I Sverige fryktar dei at kriminelle skal ta over fengsla. Også her i Noreg er det ei kraftig auke i vald og trugslar mot fengselstilsette.

Overfylte fengsel og aukande vald og trugsmål bak murane får fagforeiningsleiar til å rope varsko om svenske fengsel.

Politiets video frå eit svensk fengsel viser valden mellom innsette.

Dei siste åra har det vore ein auke i valdshendingar i svenske og norske fengsel.

I Sverige blei det i fjor rapportert om 1333 hendingar om vald og truslar mellom innsette, og rundt 2354 mot tilsette i fengsel og institusjonar, melder SVT. Til saman 3687, og det er ein auke på over 500 totalt frå året før.

– Vi mistar kontrollen. Dei innsette tek meir eller mindre over avdelingar, seier fagforeiningsleiar Christer Hallqvist til kanalen.

Ein av årsakene til dette er plassmangel.

Hallqvist seier tilsette ryggar i staden for å vere i nærleiken av dei innsette, og rekk ikkje å avverje hendingar. Det vil ende i katastrofe, meiner han.

– Utviklinga når det gjeld vald og trugslar er urovekkande i Noreg også, seier forbundsleiar Asle Aase i Norsk fengsel- og friomsorgsforbund.

Asle Aase, forbundsleder, Norsk fengsels- og friomsorgsforbund

– Det tek tid å få fleire tilsette i kriminalomsorga, seier Asle Aase i Norsk fengsel- og friomsorgsforbund.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Vi får rapportar om knallhardt press på tilsette, at det er mange hendingar. At innsette i Noreg er i stand til å styre enkeltavdelingar, det skal vi ikkje sjå bort ifrå, seier Aase.

Les også Sverige vil bruke mer kameraovervåkning i kampen mot gjengvolden

Kriminalitet Sverige, justisminister Gunnar Strömmer.

Fleire gjengkriminelle

Auken i vald bak dei svenske murane skjer på same tid som talet på innsette med bakgrunn frå gjengkriminalitet har auka kraftig.

– Vi har i dag nesten 1000 innsette med koplingar til organiserte brotsverk og gjengkriminalitet. Det er ei utfordring for oss, seier tryggingsdirektør Kenneth Holm i Kriminalvården til SVT.

Sveriges justisminister Gunnar Strömmer (M) seier den svenske kriminalomsorga er i ein særs vanskeleg situasjon.

– Det er eit resultat av ei alvorleg utvikling i kriminaliteten over mange år, og ei utviding av kriminalomsorga som kom altfor seint i gang.

Sveriges justisminister Gunnar Strömmer

Sveriges justisminister Gunnar Strömmer

Foto: Christine Olsson / TT / NTB

Tilsette i norske fengsel redde

På eitt år, frå vinteren 2022 til vinteren 2023, har Norsk fengsel- og friomsorgsforbund registrert ei markant auke i vald og trugselhendingar.

Frå rundt 90 registrerte avvik til rundt 140 per månad. Og talet på gjerningspersonar har auka frå rundt 40 til 75, ifølgje tal frå forbundet.

I fjor kom ein rapport som viser at mange tilsette i norske fengsel har opplevd vald og trugsmål på jobben.

– Det er ein vanskeleg situasjon i Noreg også, seier forbundsleiar Asle Aase i Norsk fengsel- og friomsorgsforbund.

Ifølge rapporten, som Rambøll gjorde på oppdrag for Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), har kvar fjerde tilsett ein eller fleire gongar kjent på dødsfrykt eller fare i samband med hendingar på jobb.

Nesten tre av ti har opplevd at ein kollega har blitt alvorleg skadd.

Lise Sannerud er direktør i Kriminalomsorgsdirektoratet.

Direktør i Kriminalomsorgsdirektoratet Lise Sannerud.

Foto: Paal Espen Hambre / Kriminalomsorgsdirektoratet

Då rapporten kom, sa KDI-direktør Lise Sannerud at ho var uroa for utviklinga.

– Det er heilt klart at mange tilsette i kriminalomsorga står i ein svært krevjande situasjon. Dei seinare åra har vi sett at andelen innsette og domfelte som har alvorlege psykiske lidingar har auka kraftig.

Aukande bruk av heimesoning for mildare brotsverk har også fått konsekvensar, sa ho.

– Ein større del av dei innsette i dag er dømde for meir alvorleg kriminalitet, seier Sannerud.

Ei gruppe jobbar framleis med å finne tiltak etter Rambøll-rapporten, opplys KDI til NRK.

Les også Jobber mot gjengkriminalitet i Oslo: – Forstår ikke hvorfor politikere drar til Sverige

Innsatte ved Eidsberg fengsel.

SISTE NYTT

Siste nytt