Hopp til innhold

Amerikansk etterretning åtvara Kongressen om nye russiske forsøk på å hjelpe Trump

Amerikansk etterretningsteneste har åtvara Kongressen om det dei meiner er russiske forsøk på å påverke valet og få president Donald Trump attvalt.

Donald Trump

OPPRØRT: President Donald Trump er opprørt over at amerikansk etterretning gjentek at Russland vil hjelpe han å vinne presidentvalet til hausten.

Foto: Evan Vucci / AP/NTB Scanpix

Det var 13. februar at valspesialisten til etterretningstenestene, Shelby Pierson, åtvara Kongressen om mistanken deira om at Russland allereie har tatt skritt for å påverke presidentvalet til hausten, ifølgje New York Times og CNN.

Under orienteringa gav Pierson og andre representantar for etterretninga eit generelt overblikk over russiske tiltak for å påverke valet. Dette omfatta datainnbrot, bruk av sosiale medium og åtak på valsystemet.

Sjølv om det russiske målet er å få Trump attvalt, er dei ifølgje brifinga til e-tenesta, òg ute etter å så mistillit til valprosessen generelt.

Shelby Pierson sa i førre månad til radiokanalen NPR at russarane allereie var i gang med å påverke valkampen, men at dei då mangla bevis.

Ho sa òg at det ikkje berre er russarane dei er opptekne av, men òg Kina, Iran, ikkje-statlege aktørar, hackarar og dessutan amerikanarar som vil undergrave valet.

Opprørt

New York Times skriv at Trump vart veldig opprørt og klaga over at Demokratane vil komme til å bruke opplysningane mot han.

Dagen etter møtet i Kongressen klaga han til direktøren for USAs etterretningsteneste, Joseph Maguire, over at han hadde tillate brifinga. Han skal ha vore spesielt irritert over at demokraten Adam Schiff som leidde riksrettssaka mot han, var til stades.

Republikanarane som var til stades under orienteringa, sa seg usamd i konklusjonane, og viste til at Trump har vore tøff mot Russland og styrkt europeisk tryggleik sidan han vart president.

Men Trump har òg snakka varmt om Russland sin president, Vladimir Putin, og har fleire gonger gjort ting som tener Russland, som å trekkje ut soldatar frå Syria og halde attende militærhjelp til Ukraina.

Ny sjef

Trump kunngjorde onsdag at han har utnemnt Richard Grenell, noverande ambassadør i Tyskland, til ny sjef for USA sine 17 etterretningsorganisasjonar. Grenell har ikkje erfaring frå etterretning.

Grenell har, som Trump, stilt seg tvilande til at Russland involverte seg i valet i 2016. Han gjorde seg òg upopulær i Tyskland med sin opne støtte til høgreekstreme populistar i Europa og sine truslar mot europeiske bedrifter om ikkje å handle med Iran.

Det er ikkje klart om brifinga 13. februar spelte ei rolle i utskiftinga av Maguire, men ifølgje Washington Post skjelte Trump han ut for at dei tilsette ikkje skal ha vore lojale mot han.

Djup skepsis

Trump har lenge uttrykt djup skepsis til sin eigne etterretningstenester og meiner at funna deira om at Russland involverte seg i presidentvalet i 2016, var resultat av ein «Deep State»-konspirasjon for å undergrave legitimiteten hans.

Dei amerikanske etterretningsorganisasjonane kom til at Russland hadde blanda seg inn i valet i 2016 gjennom sosiale medium og ved å offentleggjere e-postar som var stolne frå Demokratane.

Spesialetterforskar Robert Mueller konkluderte etter langvarig gransking med at den russiske innblandinga var omfattande og systematisk, men han fann ikkje fellande bevis for noko kriminelt samarbeid mellom Russland og Trump sin valkamporganisasjon.

SISTE NYTT

Siste nytt