Hopp til innhold

USA meiner Ukraina sto bak attentatet mot russisk nasjonalist

Amerikanske styresmakter meiner det var ukrainske tenestemenn som gav grønt lys til bombeangrepet som tok livet av den russiske nasjonalisten Darja Dugina.

Fra begravelsen til Darja Dugina

Fleire framståande russarar deltok under minneseremonien for Darja Dugina i august.

Foto: KIRILL KUDRYAVTSEV / AFP

Ukrainske styresmakter skal ha godkjent bilbomba som tok livet av Dugina i Moskva 20. august.

Det er konkluderer amerikansk etterretning i ei vurdering, skriv New York Times.

Men dei seier ikkje noko om kven i Ukraina som gav grønt lys, eller om president Volodymyr Zelenskyj var orientert.

Anonyme tenestemenn seier til avisa at USA ikkje spelte ei rolle i angrepet, og at dei heller ikkje var informert før det skjedde. Hadde dei blitt spurde om råd, ville dei vore imot angrepet, skriv avisa.

USAs regjering skal ha blitt orientert av amerikansk etterretning i førre veke. Vurderinga skal også vere delt med ukrainske styresmakter.

Etterforskere undersøker stedet der bilbomben eksploderte i Moskva.

Russland opna drapsetterforsking etter attentatet, og kalla eksplosjonen for ei terrorhandling.

Foto: HANDOUT / AFP

Frustrerte amerikanarar

USA har vore skeptiske til å bruke attentat i krig. Dei fryktar Russland skal hemne seg ved å gjennomføre liknande angrep mot sentrale ukrainske politikarar.

Dei er også frustrerte over Ukrainas hemmelege planar, spesielt når det gjeld operasjonar på russisk territorium.

Amerikansk etterretning har gjennom krigen delt sensitiv informasjon med Ukraina. Dei har på den måten bidrege til å finne russiske kommandopostar, forsyningslinjer og andre viktige mål.

Les også Forsker tviler på at Ukraina står bak drapet på Dugina

Darja Dugina sitter i et TV-studio

Men ukrainske styresmakter har ikkje alltid fortalt USA kva dei har planar om å gjere. I den tidlege fasen av krigen skal amerikanske tenestemenn ha sagt at dei visste meir om russiske krigsplanar enn dei gjorde om dei ukrainske.

Samarbeidet skal seinare ha betra seg, ifølge New York Times.

Dotter av kjent nasjonalist

Dugina var dottera til den kjende høgrenasjonalistiske akademikaren Aleksandr Dugin.

Han er ein ivrig tilhengar av krigen i Ukraina, og har blitt omtalt som ein viktig inspirasjonskjelde for president Vladimir Putin. Men det har vore strid om kor stor innverknad han har eigentleg har hatt.

Aleksandr Dugin

Aleksandr Dugin

Foto: KIRILL KUDRYAVTSEV / AFP

Dugina jobba som journalist for russiske TV-kanalar, og var kjent for russarar flest. Ho støtta varmt opp om Russlands krig mot Ukraina.

Ho blei drepen av ei bilbombe då ho var på veg heim i farens bil. Spekulasjonane har difor gått på om faren var det eigentlege målet.

Darja Duginas bil står i brann etter eksplosjon. Dugina er datteren til den russiske filosofen Aleksandr Dugin.

Darja Duginas bil står i brann etter eksplosjon. Dugina er dottera til den russiske filosofen Aleksandr Dugin.

Ukraina avviser

Dagen etter attentatet i august peika russisk etterretning på Ukraina som dei som sto bak.

Dette blei avvist av ukrainske styresmakter. Ifølge New York Times har ukrainske tenestemenn gjenteke dette etter at dei blei informert om korleis USA ser på saka.

I eit intervju med avisa i førre veke avviste også Zelenskyjs nære rådgjevar, Mykhailo Podoljak, at dei hadde noko med drapet å gjere.

– Eit drap i krigstid i eitt eller anna land må ha ei praktisk tyding. Det bør oppfylle eit bestemt formål, taktisk eller strategisk. Ein som Dugina er ikkje eit taktisk eller strategisk mål for Ukraina, sa han.

SISTE NYTT

Siste nytt