Hopp til innhold

Han blir kalla «Putins hjerne» – no er dottera drepen i attentat

Den russiske redaktøren og analytikaren Darja Dugina vart drepen i eit attentat like utanfor Moskva laurdag kveld, melder russiske medium. Far hennar kan ha vore målet.

Alexander Dugin

SJEFIDEOLOG: Dugin har av enkelte vorte rekna som den ideologiske hjernen bak Russlands invasjon av Ukraina. Han kan ha vore målet for bombinga.

Foto: Francesca Ebel / AP

Den russiske redaktøren og politiske analytikaren Darja Dugina har omkome etter at ein bil eksploderte utanfor Moskva seint laurdag kveld.

Det skriv det russiske, statlege nyheitsbyrået Ria Novosti.

Ho er dotter av den kjende russiske ideologen Aleksandr Dugin.

Den russiske avisa Izvestiva skriv på Twitter at Dugin er lagt inn på sjukehus etter hendinga. Det er ikkje kjent om han er skadd eller ikkje.

Den russiske ideologen Aleksandr Dugin ankommer åstedet for drapet på datteren hans, Darja Dugina.

Denne videoen henta frå sosiale medium viser den russiske ideologen Aleksandr Dugin som kjem fram til åstaden for drapet på dottera hans, Darja Dugina.

Hevdar faren var målet

Denis Pusjilin, som leier den russiskvennlege separatistrørsla i Donetsk i Ukraina, seier «terroristar frå det ukrainske regimet» står bak eksplosjonen, og at det eigentlege målet for angrepet var Aleksandr Dugin.

Darja Dugina

Darja Dugina.

Ukraina avviser på si side at det står bak eksplosjonen, skriv NTB.

– Ukraina har sjølvsagt ikkje noko med eksplosjonen å gjere, fordi vi ikkje er ein kriminell stat, og særleg ikkje ein terroriststat, slik Russland er, seier rådgivaren til president Volodymyr Zelenskyj, Mykhailo Podoljak.

Telegram er det lagt ut ein video som skal vise etterspelet på den aktuelle staden.

Vrakrestar ligg strødd i vegen. Det er også bilete i sosiale medium av det som skal vere ein svært opprørt Aleksandr Dugin.

Eksplosjonen fann stad i Odintsovo-distriktet, som ligg i Moskva oblast.

Etterforskere arbeider på åstedet for eksplosjonen.

Etterforskarar arbeider på åstaden for eksplosjonen.

Foto: INVESTIGATIVE COMMITTEE OF RUSSI / Reuters

Har vore sanksjonert

Den 29 år gamle dottera er blant dei mange russarane som har vorte sanksjonerte av vestlege land i form av fryste midlar og innreisenekt etter den russiske invasjonen.

Ho er blant anna sjefredaktør for nettsida United World International, som Storbritannia har omtalt som ein nettstad som «fremjar prorussisk desinformasjon».

Den britiske regjeringa omtalte henne i april som ein «hyppig og profilert» kjelde til «desinformasjon om Ukraina og den russiske invasjonen av Ukraina på fleire nettbaserte plattformer».

Også USA, Canada og Australia har sanksjonert henne.

Darja Duginas bil står i brann etter eksplosjon. Dugina er datteren til den russiske filosofen Aleksandr Dugin.

Denne videoen henta frå sosiale medium viser Darja Duginas bil som står i brann etter eksplosjonen.

Sjefideolog

Aleksandr Dugin har av enkelte vorte rekna som den ideologiske hjernen bak Russlands invasjon av Ukraina, og som ein nær rådgivar for Russlands president Vladimir Putin, men det er uklart akkurat kor tett forholdet deira er.

Han har vore avdelingsleiar ved Institutt for sosiologi for internasjonale relasjonar ved Universitetet i Moskva, har jobba som mellom anna førelesar, politikar og TV-kommentator.

I tillegg har han gitt ut ei lang rekkje bøker.

Den mest kjende boka er «Osnovy geopolitiki: geopoliticheskoe budushchee Rossii» frå 1997, på norsk «Grunnleggjande om geopolitikk: Russlands geopolitiske framtid».

I boka skisserer han kva taktikk Russland bør bruke for å byggje seg opp igjen som ein global maktfaktor, skriv CBS.

Han skriv at Russland må ta i bruk desinformasjon, destabilisering og annektering, ei oppskrift Putin har teke i bruk.

Eitt av måla for annektering bør ifølgje Dugin vere Ukraina.

I boka skriv han at Russland, som ligg mellom Europa og Asia ikkje er kompatibelt med Vestens liberale demokrati og dei tilhøyrande verdiane.

Draumen om imperiet

I staden meiner Dugin at Russland bør ta sikte på å sameine Europa og Asia til eitt kjempeimperium under kontrollen til etniske russarar.

Filosofien blir gjerne kalla ny-eurasianisme. Eitt hinder på vegen til imperiet er ifølgje Dugin eit uavhengig Ukraina.

– Ukraina som ein uavhengig stat med territorielle ambisjonar, utgjer ein enorm fare for heile Eurasia, og, utan å løyse det ukrainske problemet, er det meiningslaust å snakke om kontinental politikk, skriv han i boka ifølgje CBS.

SISTE NYTT

Siste nytt