Hopp til innhold

Tysk politi jaktar på terror-medhjelpar

Tysk politi gjennomførte i kveld ein razzia på eit asylmottak i Berlin i jakta på ein 26 år gammal tunisisk statsborgar. Politiet trur han kan ha hjelpt gjerningsmannen under terroraksjonen mot ein julemarknad i byen 19. desember.

Terror i Berlin.

Ein lastebil køyrde inn i ein julemarknad i sentrum av Berlin 19. desember. 12 menneske vart drepne og over 50 såra.

Foto: Odd Andersen / AFP

26-åringen skal ha kjent den no avlidne gjerningsmannen Anis Amri sidan 2015, og dei to skal ifølgje politiet ha vore i kontakt med kvarandre berre kort tid før Amri køyrde lastebilen inn i menneskemengda på julemarknaden, opplyser den tyske påtalemakta.

Mannen vart ikkje funnen under aksjonen i dag. Politiet meiner han kan ha visst om planane til Amri, men dei ser heller ikkje bort frå at han kan ha delteke i planlegginga eller hjelpt han på ein annan måte.

– Hadde kontakt med Amri

Etterlyser Anis Amri for Berlin-terror

Anis Amri vart skoten og drepen av italiensk politi etter å ha motsett seg arrest.

Foto: Handout

Politiet har også aksjonert mot eit husvære i Berlin og arrestert ein mann som tidlegare har budd saman med Anis Amri. Han skal også hatt kontakt med Amri ikkje lenge før angrepet.

Tysk politi vil ikkje gi fleire opplysningar om denne mannen før i morgon, men seier at målet med aksjonen var å finne ut meir om kva Amri gjorde både før og etter terrorangrepet.

12 menneske vart drepne og over 50 såra i terrorangrepet.

24 år gamle Anis Amri, også han tunisisk statsborgar, vart skoten og drepen av italiensk politi i Milano 23. desember, fire dagar etter angrepet.

Hadde 1000 euro

Italiensk politi opplyste tidlegare i dag til nyheitsbyrået Ansa at den 24 år gamle terroristen hadde 1000 euro på seg då han vart skoten. Etterforskarar skal prøve å spore kvar pengane kjem frå. Dei trur han anten tok ut pengane sjølv frå ein minibank, eller at andre gjorde det for han.

Sporing av pengane kan gi ein peikepinn om han hadde medhjelparar.

Anis Amri vart alt i februar i fjor klassifisert av tysk politi som ein trussel, ifølgje Süddeutsche Zeitung. Konklusjonen var likevel at det var lite truleg at han ville gjennomføre eit angrep, og politiet hadde uansett ikkje nok på han til at det kunne reisast ei straffesak.

Politipatrulje i Berlin.

Det har vore eit stort politioppbod i sentrumsgatene i Berlin etter terroraksjonen 19. desember.

Foto: Fabrizio Bensch / Reuters

Politirapport: Polsk lastebilsjåfør skutt timer før Berlin-angrep Terrormistenkte Anis Amri drakk alkohol og gikk aldri til bønn i hjembyen Oueslatia

– Den største trusselen

Dette trass i opplysningar om at han hadde vore i kontakt med terrororganisasjonen IS og tilbode seg å bli sjølvmordsbombar. Han hadde også prøvd å få tak i våpen og prøvd å få med seg folk som kunne hjelpe til.

Det kom seinare fram at han hadde sverja truskap til IS i ein video .

Denne saka har fått tyske politikarar til å krevje at det blir gått hardare til verks mot militante islamistar. Også forbundskanslar Angela Merkel sa nyleg at islamsk terror no er den største trusselen mot Tyskland.

Vil ha lik hjelp til verdens terrorofre

SISTE NYTT

Siste nytt