Hopp til innhold

Tyrkia trekker soldatar ut av Mosul

Etter fleire dagar med krangling i diplomatiske kanalar mellom Tyrkia og Irak trekte tyrkiske myndigheiter i dag ut fleire av sine soldatar frå byen nord i nabolandet.

TURKEY-KURDS/ Turkish soldiers patrol and search for mines on a road surrounded by rugged mountains in south-eastern province of Sirnak

TREKK SEG UT: Arkivbilete av tyrkiske styrker som leitar etter miner i den søraustlege Sirnak-regionen, på grensa mot Irak. Tyrkiske myndigheiter har lenge vore i konflikt med kurdarane i området.

Foto: OSMAN ORSAL / Reuters

Det er uklart kor mange soldatar det er snakk om, og om dei trekk seg heilt ut av landet eller berre nordover i dei kurdiske sjølvstyreområda, der dei lenge har vore til stades med både regulære og kurdiske styrker.

Samtidig som dei tyrkiske regjeringsstyrkene og den kurdiske PKK-militsen no har eit felles mål i IS, er situasjonen mellom dei meir anstrengt enn på lenge, og den tyrkiske innsatsen mot IS vert av kurdarane og fleire med dei skulda for å vere eit skalkeskjul for å slå ned på dei og deira framgang i området.

Hevda tyrkarane invaderte landet

Det var i starten av desember at Irak sin statsminister Haider al-Abadi bad Tyrkia om å trekke tilbake troppane sine som han meinte var stasjonert i landet mot deira samtykke.

Abadi gjekk til og med til Nato for å få organisasjonen til å legge press på medlemslandet, men fekk berre ein lovnad frå Tyrkia om at dei ikkje skulle sende inn fleire soldatar.

FNs tryggingsråd har også vore inne og oppfordra partane til å løyse konflikten på ein fredeleg måte.

Mideast Iraq Turkey

PROTESTERER MOT TYRKISK 'OKKUPASJON': Irakarar tok til gatene i Baghdad 12. desember for å protestere mot dei tyrkiske styrkane nord i landet.

Foto: Karim Kadim / Ap

Tyrkia har hatt styrker nær Mosul sidan i fjor, men då dei sende inn fleire soldatar tidlegare denne månaden reagerte regjeringa i Baghdad.

Tyrkias statsminister omtalta forsterkinga som ei rutinesak og naudsynt for å beskytte tyrkiske soldatar som er der for å lære opp irakiske styrker i kampen mot IS, som har stått sterkt i området.

– Vi gjorde det vi meiner var det rette frå eit militært synspunkt, sa statsminister Ahmet Davutoglu i eit tv-intervju.

Tyrkia sin kamp mot IS

Tyrkia er med i USA sin allianse mot IS, og trappa i sommar opp innsatsen etter at situasjonen vart meir spent på grensa dei deler med Syria og etter fleire angrep i landet som dei meiner IS står bak.

Tyrkia har fått kritikk for å sjå gjennom fingrane når det gjeld den svært porøse grensa som fungerer som innfartsåre for framandkrigarar frå Europa, i tillegg til at både olje og våpen skal gå i skytteltrafikk mellom landa.

Den tyrkisk-syriske grensa har også vorte gjenstand for ein konflikt med Russland etter at Tyrkia førre månad skaut ned eit russisk krigsfly som skal ha krenka russisk luftrom. Veka etter kom Russland sitt forsvarsdepartement med påstandar om at den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan sin familie kjøper olje frå IS.

SISTE NYTT

Siste nytt