Tyrkias statsminister Ahmet Davutoglu seier at dei ved hjelp av DNA-testar har greidd å identifisere ein av dei to mistenkte bombemennene, som tok med seg over 100 menneske i døden under ein fredsmarsj i den tyrkiske hovudstaden.
Davutoglu opplyser at terroristen er identifisert som Yunus Emre Alagoz frå byen Adiyaman i det sørlege Tyrkia, ein by rekna for å vere tilhaldsstad for eit stort miljø av militante islamistar.
Opplæring i Syria
Statsministeren seier også at dei er på god veg til å identifisere den andre mistenkte terroristen. Begge to skal ha fått opplæring i Syria, og tyrkiske styresmakter meiner dei var knytte til Den islamske staten (IS). Styresmaktene har også sagt at dei mistenkjer den kurdiske PKK-geriljaen for å ha vore med på angrepet.
Ein talsmann for den tyrkiske påtalemakta seier at Alagoz kom til Tyrkia frå «eit naboland ved år sørlege grense med det mål å gjennomføre angrepet». Broren til Alagoz er mistenkt for å ha gjennomført eit sjølvmordsangrep i juli i år i Suruc, ein by nær grensa til Syria, der 34 menneske vart drepne.
Statsminister Davutoglu seier at politiet etterforskar moglege band mellom angrepet i Ankara og angrepet i Suruc, pluss eit angrep i byen Diyarbakir i juni i år, der fem menneske vart drepne.
Stort våpenbeslag
Den tyrkiske påtalemakta opplyser at det er teke beslag i 11 sjølvmordsvestar, 22 handgranatar, seks Kalasjnikov-gevær, 1683 kuler og fleire hundre kilo eksplosiv under ransaking av bustader og køyretøy som høyrer til mistenkte i saka. Det er også teke beslag i ein bil påtalemakta meiner vart brukt under angrepet i Ankara.
Til saman er 768 personar arresterte på mistanke om band til IS etter angrepet i Suruc i juli, men mange av dei er sette fri. I går vart 50 utanlandske statsborgarar arresterte, mistenkte for å vere med i IS.
Det er parlamentsval i Tyrkia 1. november.