Hopp til innhold

Trur ikkje ordkrig vil øydeleggje for arktisk samarbeid

Tonen er blitt tøffare mellom USA og Russland i det siste. Men utanriksministeren trur ikkje at det vil øydelegge for samarbeidet i Arktis.

Ine Eriksen Søreide

Ine Eriksen Søreide kom til Reykjavík onsdag formiddag.

Foto: Eivind Molde / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) kom onsdag formiddag til Island for å delta på ministermøtet i Arktisk råd. Også Antony Blinken, Sergej Lavrov og dei andre utanriksministrane er på plass i Reykjavík i løpet av dagen.

Her på Island skal Søreide ha eigne møte både med Blinken og Lavrov.

– Russland er ein konstruktiv samarbeidspartnar i Arktisk råd, seier Søreide til NRK. Ho trur ikkje motsetnader mellom landa skal skape friksjon i det arktiske samarbeidet.

Det er 25-årsjubileum for rådet, og ein ny strategi skal peike ut kursen vidare for dette samarbeidsorganet for dei åtte arktiske statane. Ei rekkje forskingsrapportar om Arktis skal presenterast.

Møtet finn stad i ein situasjon der forholdet mellom Russland og USA ikkje er det beste.

k3JqU9JlKWg

Måndag kom den russiske utanriksministeren, Sergej Lavrov, med ei åtvaring til Noreg og Vesten. – Nato bør ikkje sleppe til i Arktis, sa han.

Foto: Alexander Zemlianichenko / AP

– Vilje til gode løysingar

Den russiske utanriksminister, Sergej Lavrov, åtvara denne veka Noreg mot å la Nato sleppe til i Arktis. Tidlegare har han sagt at forholdet til USA er det dårlegaste sidan den kalde krigen.

– Dette skaper kanskje ikkje det beste utgangspunktet for eit godt samarbeid i Arktisk råd framover, Søreide?

– Slik vi opplever det, har samarbeidet i Arktisk råd fungert veldig godt under vekslande regjeringar i ulike land, og det er fordi vi er samde om hovudprioriteringane. Vi arbeider godt saman i arbeidsgruppene i rådet, og eg har stor tru på at vi skal kunne halde fram med det, seier Søreide.

– Kva forventar du av Russland når dei no tar over «formannsklubba» i rådet for dei neste to åra?

– Prioriteringane dei har lagt fram er veldig godt i samsvar med det som har vore prioriteringane i Arktisk råd gjennom ulike formannskap, og vi forventar sjølvsagt at russarane følger opp det på ein god måte. Russland er ein konstruktiv samarbeidspartnar i Arktisk råd. Så er vi naturleg nok usamde i ulike saker, men det er ikkje ein del av Arktisk råd. Eg opplever at det er ein stor vilje til å konstruktive og gode løysingar, seier Søreide.

Arktisk råd i Rovaniemi, Finland

God stemning då utanriksministrane stilte opp til fotografering under ministermøtet i Rovaniemi i 2019. Men klima blei dei ikkje samde om. Frå venstre: Ine Eriksen Søreide, Sergej Lavrov, Margot Wallström og Mike Pompeo.

Foto: Eivind Molde / NRK

Neppe klimakrøll i år

Under ministermøtet for to år sidan, i Rovaniemi, skjedde det noko som aldri før har skjedd. Utanriksministrane greidde ikkje å bli samde om den avsluttande ministererklæringa. Årsaka var usemje om klima.

No er situasjonen ein annan. President Joe Biden vil ha klima på topp på Arktisk råd sin agenda.

– Dette er velkomment i Arktisk råd, for det er eit av hovudområda vi arbeider med. Det at Biden på dag to i sin presidentperiode gjekk inn i Parisavtalen, det at han kalla saman til eit toppmøte om klima i april, det gir grunn til å tru at det også i Arktisk råd kjem til å vere fornya merksemd om dette.

– Men utanriksminister Antony Blinken har også sagt at han meiner Russland utnyttar klimaendringane til å få større kontroll over Arktis. Kva synest du om det?

– Det er ingen tvil om at klimaendringane i Arktis kjem til å få tryggingspolitiske konsekvensar. Dette er noko som blir diskutert både i Nato og i mange andre samanhengar. Men nettopp derfor er samarbeidet vi har om spørsmål i nord gjennom Arktisk råd så viktig, og nettopp derfor legg Noreg store ressursar i å bevare dette samarbeidet godt og konstruktivt. Vi vil bidra til eit lågt spenningsnivå i Nordområda, seier Søreide.

Jonas Gahr Støre, Hillary Clinton m.fl. under møte i Arktisk Råd i Nuuk på Grønland 2011

I 2011 deltok Hillary Clinton på ministermøtet i Nuuk på Grønland.

Foto: Eivind Molde / NRK

Støre: – Russland kan Arktis godt

Ministermøtet i Nuuk på Grønland i 2011 var det første der ein amerikansk utanriksminister deltok. Hillary Clinton representerte USA, mens noverande Ap-leiar Jonas Gahr Støre var norsk utanriksminister.

Støre følgjer utviklinga i Arktis tett.

– Skuldingane går begge vegar. Det unike med samarbeidet i Arktis er at det stort sett har handla om nettopp dette – forholda i Arktis. Det meiner eg vi må verne om. «High North – Low Tension», som vi sa rundt 2010.

Møte i Arktisk Råd i Nuuk - Støre og Bildt

Jonas Gahr Støre og Carl Bildt på ministermøte i Arktisk råd på Grønland i 2011.

Foto: Bang, Ulrik / SCANPIX

Støre seier dette om Russland i Arktisk råd:

– Russland kan Arktis godt, gløym ikkje det. Mi erfaring er at det er Noreg og Russland som er dei mest kunnskapsrike arktiske kyststatane. Det hjelpte oss til å finne løysingar som førte til semje om delelinja i 2010. Vi har viktige felles interesser som kyststatar, og det bør vi utnytte i vårt tosidige forhold. Eg meiner vi skal ha klare forventningar om grundig og fagleg solid arbeid frå Russland, knytt til ein arktisk dagsorden, et stykke unna annan geo-politikk.

– Vil det spente forholdet mellom USA og Russland kunne gå ut over samarbeid og tiltak i regi av Arktisk råd?

– Svaret er ja. Samarbeidet som er unikt og knytt til nettopp Arktis vil lide dersom statane løfter annan stormakt-rivalitet inn i rådet sitt arbeid. Noreg bør seie klart frå om at vi ikkje ser oss tente med det, seier Støre.

Kart Arktisk råd

Landa i Arktisk råd.

Foto: NRK

SISTE NYTT

Siste nytt