Åtte utanriksministrar «på stripe». Både Ine Eriksen Søreide, Antony Blinken og Sergej Lavrov er på plass i Reykjavík. Her skal dei markere 25-årsjubileum, og stake ut kursen for vidare arktisk samarbeid.
Ein regional handlingsplan mot forsøpling av havet av klar, og fleire arbeidsgrupper legg fram forskingsrapportar bl.a. om klimatilstanden i Arktis.
1. Kva er ekstra spennande med møtet på Island?
Mange saker vil prege møtet i Reykjavík. Men det er to ting som det kanskje knyter seg ekstra spenning til. Kva signal vil USA komme med om utviklinga i Arktis? Og korleis vil Russland setje sitt preg på arbeidet i Arktisk råd?
USA har som kjent ny regjering, og utanriksminister Antony Blinken deltar for første gong. Både Blinken og president Joe Biden har vist stor interesse for Arktis. Det har også Russland gjort.
Og forholdet mellom dei to landa er langt frå det beste.
- «Det er verre enn under den kalde krigen», sa utanriksminister Sergej Lavrov i slutten av april.
- 14. mai publiserte den russiske regjeringa ei liste der dei erklærer USA og Tsjekkia for å vere «uvennlege statar».
- Måndag denne veka åtvara Lavrov Vesten mot å militarisere Arktis, og han åtvara Noreg mot å la Nato få innpass i farvatna i nord.
- Om forholdet til Noreg sa talsperson for russisk UD, Maria Zakharova følgjande 10. mai, etter at ein atomubåt hadde lagt til kai i Tromsø: «Denne aktiviteten viser at Oslo bevisst følgjer den destruktive kursen med å auke spenninga i det euroarktiske området, og øydeleggje forholdet oss imellom.» Bakgrunnen for det ho sa, var også at Noreg og USA i april signerte ein avtale om tettare militært samarbeid. Tidlegare i år blei amerikanske bombefly mellombels stasjonert på Ørland flystasjon.
- Den amerikanske utanriksministeren, Antony Blinken skulda tysdag Russland for å ha gjort seg skuldig i «ulovleg maritim aktivitet» i Arktis.
Så då er spørsmålet: Vil motsetnader mellom Russland og andre arktiske statar skape problem for samarbeidet i Arktisk råd, når russarane no skal leie arbeidet dei neste to åra?






Sårbare område ved iskanten i Arktis.
FOTO: NRK2. Kva er Arktisk råd?
Arktisk råd er eit samarbeidsorgan mellom dei åtte arktiske statane Canada, USA, Island, Danmark, Noreg, Sverige, Finland og Russland. Oppdraget er å arbeide for samarbeid, samordning og samhandling mellom dei arktiske statane, og bidra til berekraftig utvikling og vern av miljøet i Arktis.
Seks organisasjonar som representerer urfolk i Arktis er permanente deltakarar i rådet. 13 land og 25 organisasjonar har status som observatørar. Arbeidet i rådet er organisert i seks arbeidsgrupper som legg fram rapportar i samband med ministermøta annakvart år.
Det går på omgang mellom landa å leie arbeidet i rådet, for to år om gongen. Sekretariatet ligg i Tromsø.
Utanriksminister Antony Blinken meiner Russland utnyttar klimaendringane til å få større kontroll over Arktis.
Foto: Joshua Roberts / Reuters3. Kva har USA sagt om Arktisk råd?
President Joe Biden la fram sin ambisiøse klimaplan i fjor sommar. Han varsla at USA vil ha med seg dei andre landa i Arktisk råd på eit mellombels forbod mot oljeboring til havs i Arktis. Han vil ha klima på topp på Arktisk råd sin agenda.
Biden sa også at han vil bruke Arktisk råd til å setje søkjelys på russisk aktivitet i Arktis, og halde Russland ansvarleg for eventuelle forsøk på å militarisere regionen.
19. april heldt utanriksminister Antony Blinken ein tale om «America’s Global Climate Leadership». Der annonserte han at han ville delta på ministermøtet i Arktisk råd, for å «stadfeste at USA er forplikta til å oppfylle klimamåla våre, og oppfordre dei andre arktiske statane til å gjere det same».
- Les også:
Om Russland sa han dette: «Klimaendringane kan også skape konflikt. I februar seglde ein russisk gasstankar gjennom den arktiske nordlege sjøruta (i Nordaustpassasjen) for første gong. Fram til for kort tid sidan, var det berre mogeleg å bruke denne sjøruta nokre få veker i året. Men med eit Arktis der oppvarminga skjer dobbelt så raskt som gjennomsnittet i verda, vil denne perioden bli mykje lenger. Russland utnyttar denne endringa for å få kontroll over nye område. Dei moderniserer basane sine og byggjer nye. Kina er også til stades i Arktis i større grad enn før.»
Kraftige isbrytarar skal gjere Nordaustpassasjen tilgjengeleg for skipstrafikk året rundt, ifølgje russarane.
Foto: Motion Array4. Kva har Russland sagt om Arktisk råd?
Det er andre gong Russland har formannskapen i Arktisk råd. I si «programerklæring» seier russarane at dei vil fokusere på økonomisk, sosial og miljømessig berekraftig utvikling i Arktis. Russland vil byggje arbeidet sitt på ein felles innsats frå dei arktiske statane og prinsippa i folkeretten. Dei understrekar verdien av å respektere og ta omsyn til dei ulike landa sine interesser i alt frå forsking og miljøtiltak, til bruk av den nordlege sjøruta gjennom Nordaustpassasjen.
- Les også:
Den nordlege sjøruta var også eit tema i eit intervju med Nikolaj Kortsjunov, som leier Russland sitt arbeid i Arktisk råd. Til the Arctic fortalde han at navigasjon i arktiske farvatn blir ei viktig sak for Russland i Arktisk råd. «Dette vil hjelpe oss med å promotere og utvikle Den nordlege sjøruta», sa han.
I april sa forsvarsminister Sergej Sjojgu at landet sin posisjon i Arktisk råd «gjer det mogeleg å styrkje Russlands rolle som koordinator og initiativtakar til mange program i regionen».
Nyheitsbyrået Tass skriv at klima vil stå høgt på agendaen for Russland. Det er bl.a. planar om ein internasjonal konferanse om permafrost som smeltar som følgje av varmare klima.
I 2011 deltok Hillary Clinton på ministermøtet i Nuuk på Grønland. Dette var første gong ein amerikanske utanriksminister deltok på eit møte i Arktisk råd.
Foto: Eivind Molde / NRK5. Kva har Arktisk råd fått til gjennom sine 25 år?
Arktisk råd blei etablert i Ottawa 19. september 1996. På 25 år er det gjennomført ei lang rekkje forskingsprosjekt og ulike tiltak i saker som bl.a. gjeld miljøvern, klima, biologisk mangfald, havforvaltning, skipsfart, grøn energi og berekraftige lokalsamfunn.
Den første juridisk forpliktande avtalen mellom medlemsstatane blei signert i 2011. Avtalen skulle sikre eit forpliktande samarbeid om søk og redning. På ministermøtet i 2013 blei det signert ein avtale om beredskapssamarbeid i samband med oljesøl, mens utanriksministrane i 2017 skreiv under ein avtale om forskingssamarbeid.
Landa som er med i Arktisk råd.
Foto: NRK6. Kva har Island gjort i Arktisk råd dei siste to åra?
Island tok over leiinga av Arktisk råd under ministermøtet i Rovaniemi for to år sidan. Landet har hatt følgjande saker øvst på prioriteringslista: Havmiljø og skipsfart, klima og grøne energiløysingar, tiltak for folk og lokalsamfunn i Arktis og arbeidet for eit sterkare Arktisk råd.
På møtet i Reykjavík skal ministrane vedta ein regional tiltaksplan mot havforsøpling i Arktis.
Arktisk råd legg fram klimarapportar på ministermøta i Arktisk råd. Biletet er frå Kongsfjorden på Svalbard. Før var fjorden dekka av is vinterstid. Dei siste vintrane har fjorden i stor grad vore isfri.
Foto: Eivind Molde / NRK