USA skapte klimakrøll i Arktisk råd

ROVANIEMI (NRK): USA ville ikkje stille seg bak teksten som handla om klima. Derfor blei det inga felleserklæring frå ministermøtet i Arktisk råd i Finland. Det er første gong det skjer.

Arktisk råd i Rovaniemi, Finland

God stemning då utanriksministrane stilte opp til fotografering i Rovaniemi. Men klima blei dei ikkje samde om. Frå venstre: Ine Eriksen Søreide, Sergej Lavrov, Margot Wallström og Mike Pompeo.

Foto: Eivind Molde / NRK

I to dagar har utanriksministrane frå dei åtte landa i Arktisk råd vore samla i den nordfinske byen Rovaniemi. Møtet skulle etter planen konkludere med ei felleserklæring, slik desse møta alltid har gjort før.

Men slik gjekk det ikkje, trass i forhandlingar til siste slutt.

– Vi skulle gjerne sett at det blei ei felleserklæring, og det har vi jobba mykje med å få til. Når det ikkje skjedde, var det fordi amerikanarane ikkje ønskte nokon referanse til global oppvarming og klimaendringar, mens vi andre gjorde det, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H).

– Er du skuffa over at det gjekk slik?

Ine Eriksen Søreide på Arktisk råd i Rovaniemi, Finland

Ine Eriksen Søreide heldt det norske innlegget under ministermøtet i Rovaniemi.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Skuffa

– Ja, vi skulle gjerne hatt ei erklæring. Men det vi fekk i staden, var ei tydeleg fråsegn frå alle ministrane om arbeidet vidare i Arktisk råd, og ei svært god oppsummering frå det finske formannskapet. Den tar opp i seg det som skulle vere innhaldet i erklæringa, seier Søreide.

Usemja om klima kjem tydeleg fram i dokumentet frå formannskapet. Her står det «fleirtalet av oss» åtte gonger. I praksis tyder det «alle bortsett frå USA».

Møtet i Rovaniemi tysdag var det andre der alle utanriksministrane frå Arktis råd-landa stilte opp på eit ministermøte. Det har vore elleve slike møte sidan rådet blei etablert. Søreide ser det som eit positivt teikn.

– Dette viser kor viktig Arktisk råd er for dei arktiske statane, USA inkludert. Arbeidet i rådet held fram med full styrke, sjølv om vi er usamde på nokre område, seier ho.

Jonas Gahr Støre, Hillary Clinton m.fl. under møte i Arktisk Råd i Nuuk på Grønland 2011

I 2011 deltok Hillary Clinton på ministermøtet i Nuuk på Grønland. Dette var første gong ein amerikanske utanriksminister deltok på eit møte i Arktisk råd.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Godt samarbeid om andre saker

Ho ser på USA som ein konstruktiv samarbeidspartnar, også i Arktisk råd.

– Når vi er usamde seier vi frå om det, og så jobbar vi vidare på dei områda der vi er samde, og ser at vi kan finne felles løysingar på felles utfordringar, seier Søreide.

Presidenten for Samerådet, Åsa Larsson Blind understrekar at ei felleserklæring er meir forpliktande enn dei dokumenta som blei signerte i dag. Ho skulle gjerne sett eit «sterkare» dokument frå dette ministermøtet.

– Vi hadde håpa på ei tydeleg erklæring, og har jobba for det. Vi ser på klima og miljø som ein heilt sentral del av rådet sitt arbeid. Men vi må berre konstatere at det er ulike prioriteringar her, seier ho.

Samerådet er ein av fleire urfolksorganisasjonar med status som permanente deltakarar i rådet.

Arctic Youth Network på Arktisk råd i Rovaniemi, Finland

Tre ungdommar frå organisasjonen Arctic Youth Network deltok under minister-lunsjen tysdag. I ein tale oppfordra dei politikarane til å gjere meir i kampen mot klimaendringane.

Foto: Eivind Molde / NRK

– USA er problemet

Direktøren for Arctic Center ved Universitetet i Lappland, Timo Koivurova, kjenner arbeidet i Arktisk råd svært godt. Han følgjer det tett. No er han uroa over det som skjer.

Timo Koivurova, Arctic Centre

Timo Koivurova, direktør for Arctic Center i Rovaniemi.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Tidlegare var USA ei drivkraft i Arktisk råd. Barack Obama var ambisiøs i klimaspørsmål. Men no har USA, som vi veit, ein klimaskeptisk president. Det er eit problem for arbeidet i dette forumet, fordi klimaspørsmål er så viktige for rådet. Etter at Trump tok over, er situasjonen kraftig forverra. USA vil ut av Parisavtalen, og fører ein politikk der dei i mindre grad enn før tar omsyn til klimaet, blant anna når det gjeld oljeutvinning. Dette pregar også det internasjonale samarbeidet på dette feltet, seier Koivurova.

Arne O. Holm er redaktør for High North News, og var til stades under møtet i Rovaniemi.

– Det vi har sett her illustrer at USA køyrer eit sololøp. Dette har dei nok bestemt seg for tidleg. Eg trur aldri dei var villige til å godta ei einaste formulering om klima. Måten USA opptrer på her minner om det dei gjer i andre internasjonale fora. I verste fall er dette eit forvarsel om at Arktisk råd er nok ein organisasjon som USA planlegg å forlate viss dei andre landa ikkje dansar etter deira pipe, seier han.

Amerikanarane har sjølve ikkje kommentert denne saka tysdag.

Måndag ettermiddag, før utanriksministrane møttest til middag, heldt den amerikanske utanriksministeren Mike Pompeo ein tale der han varsla at USA vil auke innsatsen sin i Arktis. I talen kom han med sterk kritikk av Kina og Russland, som han skulda for aggressiv framferd i området.

Kart Arktisk råd

Landa som er med i Arktisk råd.

Foto: NRK

Konkrete avtalar

Arktisk råd blei oppretta i 1996 som eit samarbeidsorgan mellom dei åtte arktiske landa. Oppdraget er å bidra til berekraftig utvikling og vern av miljøet i Arktis. Sekretariatet ligg i Tromsø.

Den første avtalen mellom medlemsstatane blei signert i 2011. Avtalen skulle sikre eit forpliktande samarbeid om søk og redning. På ministermøtet i 2013 blei det signert ein avtale om beredskapssamarbeid i samband med oljesøl, mens utanriksministrane i 2017 skreiv under ein avtale om forskingssamarbeid.

13 land og 25 organisasjonar er observatørar i rådet. Siste runde med opptak av nye observatørland var under ministermøtet i Kiruna i 2013. Der fekk EU, Kina, Japan, India, Sør-Korea, Italia og Singapore observatørstatus i Arktisk råd.

Kongsfjorden på Svalbard

Før var Kongsfjorden på Svalbard dekka av is vinterstid. Dei siste vintrane har fjorden i stor grad vore isfri.

Foto: Eivind Molde / NRK

Miljøsamarbeid

Arbeidet i Arktisk råd er organisert i seks arbeidsgrupper. Til ministermøtet for to år sidan la Arctic Monitoring and Assessment Programme (AMAP) fram ein omfattande rapport om klimaendringane i Arktis.

Også før møtet i Rovaniemi er det lagt fram fleire rapportar. Ein av dei viser at nesten heile torskebestanden i Barentshavet kan forsvinne på grunn av at havet blir stadig surare.

Finland har leia arbeidet i Arktisk råd dei siste to åra. No har Island tatt over formannsklubba.

SISTE NYTT

Siste nytt