– Den største utfordringa vår for tida er diverre tryggleiken, seier utanriksminister i Niger Mohamed Bazoum til NRK.
Og det seier ikkje så reint lite. Niger er landet som ligg på jumboplassen på FN sin levekårsindeks. Landets regjering står framfor ein drøss med utfordringar, men størst av dei alle er altså tryggleiken.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Det har vore store konflikter i våre naboland, og det gir store etterverknader for vår eigen tryggleik. Terroristane er ein fare for oss, og befolkninga er redde, seier Bazoum.
– Har berre opplevd fred
Terroristane han snakkar om tilhøyrer Al-Qaida i Maghreb (AQIM), Røyrsla for einskap og jihad i Vest-Afrika (Mujao) og Boko Haram. Dei tre gruppene har skapt stor frykt i Vest-Afrika dei siste to åra, og står bak fleire kidnappingar og bombeangrep.
Og i byrjinga av juni small det også i Niger. Ei bilbombe gjekk av ved ei franskeigd uraniumsgruve, og ei anna bombe gjorde stor skade på ein nigersk militærleir. 26 mennesker vart drepne og meir enn 30 skadde.
- LES OGSÅ:
– Me er ikkje van med denne typen situasjonar i Niger, og me vil ikkje ha slike hendingar i landet vårt. Heilt sidan barndommen har me berre opplevd fred i Niger, og det er alt me har å skryte av, seier ein mann på gata i hovudstaden Niamey til nyheitsbyrået AFP.
Tett samarbeid med Noreg
Utanriksminister Bazoum tilhøyrer Nigers demokratisk og sosialistiske parti som har hatt makta i Niger sidan 2011, etter at tidlegare president Mamadou Tandja mista makta ved eit statskupp. Bazoum og resten av regjeringa har no ambisjonar om å få Niger bort frå sisteplassen på FN sin levekårsindeks. Men for å få til utvikling er det mange kampar som skal kjempast.
– Me er eit fattig land, og me er landet med størst folkevekst i verda. Det er ei utfordring. Me har behov for å utvikle landbruket vårt for å kunne vere sjølvforsynt. Og me må utvikle infrastrukturen når det kjem til energi og transport, seier Bazoum.
(Saka held fram under biletet)
I førre veke var den nigerske utanriksministeren på noregsbesøk for å møte utviklingsminister og medsosialist Heikki Holmås, og for å planlegge eit tettare samarbeid mellom dei to landa. Holmås var på besøk i Niger i april i fjor, og meiner det finnes fleire gode grunner for å samarbeide med Niger.
– Det er ikkje mange regjeringar i Vest-Afrika som har demokratisk velt styre og som jobber så aktivt som regjeringa i Niger. Samstundes er dei råka av fleire ulike kriser, og det seier seg sjølv at dei menneskelege krisene oppi dette er store, meiner Holmås.
Millionar i bistand
Ifølge Norad sine nettsider har Noreg gitt 70 millionar bistandskroner til Niger sidan 2010, og 38,6 av desse har blitt gitt i år.
– Me har sett av 30 millionar kroner i år for å støtte opp om Verdas matvareprogram sitt program for jordbrukstutvikling og klimatilpassa landbruk i Niger. Og me går no inn med meir penger for å sjå korleis me kan utvide dette samarbeidet. Dette gjer me mellom anna saman med Danmark, seier Holmås.
Afrika-ekspert og Fafo-forsker Morten Bøås er einig i at bistandspenger kan hjelpe Niger til å utvikle seg i riktig retning, men åtvarar mot å gje for mykje penger på for kort tid. Bøås meiner framtida til Niger ikkje berre er positiv trass den positive utviklinga den siste tida.
– Landet har ei vanskeleg framtid. Det er ein betre styringskvalitet no, det er bra. Men utfordringane er enorme. Det er Vest-Afrikas største land, men åtti prosent av landet er ørken. Dei ligg nedst på FN si utviklingsrangering, og då seier det seg sjølv at tilhøva ikkje er bra, seier Bøås.
– Kan kome fleire angrep
Han viser til at uran, gull, olje og gass kan skape moglegheiter for inntekter i framtida, men at landet er avhengig av gode statlege institusjonar for å kunne utnytte ressursane godt. Bøås deler utanriksminister Bazoum sine bekymringar for tryggingsarbeidet til Niger.
- LES OGSÅ:
– Det som skjer i nabolanda påverkar alle land i regionen. Niger er ein svak start, og dei har no fått kjenne terrorisme på kroppen etter angrep frå islamistar som tidlegare var basert i Nord-Mali.
– Kan Niger bli eit nytt utgangspunkt for terrorisme?
– Dei kan heilt klart bli råka av fleire angrep enn dei har blitt. Også i Niger finnes det lommer av misnøye. Unge folk som har fått utdanning, men ikkje får seg jobb, og som søker svar på dei utfordringane dei står ovanfor. For nokon av desse kan islamisme vere fascinerande og interessant, men at Niger skal bli eit nytt utgangspunkt for islamistiske grupper slik me såg i Nord-Mali trur eg ikkje nødvendigvis kjem til å skje, seier Bøås.
Utanriksminister Bazoum forsikrar om at Niger har tatt dei forholdsreglane som dei kan, og utført tryggingsarbeid ved Aïr-fjella, som ifølge utanriksministeren er den einaste staden terroristane hadde moglegheit til å etablere seg.