Hopp til innhold

Fransk ambassadør tatt som gissel i Niger

– Akkurat no har vi fleire diplomatar som bokstaveleg tala blir haldne som gissel i den franske ambassaden, seier president Macron.

Niger Hostages Freed

GISSEL: Ambassadør Sylvain Itté til høgre i biletet skal ha blitt tatt til fange av kuppmakarane i Niger. Her frå lauslatinga av den franske journalisten Olivier Dubois som blei bortført og halden fanga i to år.

Foto: Judith Besnard / AP

Frankrike sin øvste diplomatiske utsending til Niger, ambassadør Sylvain Itté, er ein av dei som er innesperra i ambassadekomplekset.

– Dei får ikkje mat inn, og overlever på feltrasjonar, fortel Emmanuel Macron på eit pressetreff i Burgund.

An officer of the Niger national Police

Den franske ambassaden ligg i Niger sin hovudstad Niamey.

Foto: AFP

31. august fekk den franske ambassadøren eit ultimatum om å forlate landet.

Militærjuntaen hevda at ambassadøren ikkje lenger hadde diplomatisk immunitet, og bad politiet kaste han ut av landet.

Frå Paris kom det grei beskjed om at kuppherrane ikkje hadde makt til å utvise ambassadør Itté.

Fredag skal han og andre utsende franske tenestepersonar ha blitt tatt til fange.

Nigerien soldiers

Nigerske soldatar held vakt under ein demonstrasjon utanfor ein flyplass i Niamey,

Foto: - / AFP

På spørsmål frå nyheitsbyrået AFP om Frankrike vurderer å hente heim ambassadøren som sit fanga svarer Macron:

– Eg gjer det vi er einige med president Bazoum om fordi det er han som har den legitime autoriteten i Niger, og eg snakkar med han kvar dag.

Blodig kupp

Den tidlegare franske kolonien har hatt alt anna enn ein fredfull sommar. Den demokratisk valte presidenten Mohamed Bazoum blei avsett 26. juli, og makta ligg no hjå militære offiserar.

France Niger Coup

Utanfor Niger sin ambassade i Paris har det blitt halde demonstrasjonar til støtte for avsette president Bazoum.

Foto: Sophie Garcia / AP

Det blei det fjerde statskuppet sidan Niger blei eit sjølvstendig land i 1960, etter over tre tiår som koloni.

Franske styresmakter har nekta å anerkjenne militærjuntaen i Niger som landet sine leiarar.

Kuppmakarane kravde i august at den franske ambassadøren måtte forlate landet – eit krav Macron har nekta å innfri.

Militær inngriping

Etter kuppet meldte den vestafrikanske organisasjonen Ecowas at dei ville avsette kuppmakarane i Niger med militær makt. Planen fekk støtte frå Den afrikanske union, ein samarbeidsorganisasjon med 55 medlemsland.

Militærjuntaen har skulda den tidlegare kolonimakta for å ruste opp for eit militært angrep.

– Frankrike held fram å utplassere styrkane sine i fleire Ecowas-land som del av førebuingane til ein inngriping, forklarte regimets talsperson Amadou Abdramane på nasjonalt fjernsyn laurdag.

Les også – Me er klare for å døy for Niger

Fleire demonstrerer mot Ecowas og Frankrike i Niameys gater.

Frankrike har rundt 1500 soldatar stasjonert i Niger. Dei deltar i militæroperasjonar mot ytterleggåande islamistopprørarar i Vest-Afrika. Landet har også betydelege økonomiske interesser i Niger, og importerer store mengder uran derfrå.

Slapp fri franskmann

Torsdag blei ein annan mann som var halden som fange lauslaten. Stephane Jullien er rådgjevar for franskmenn i landet, og blei arrestert 8. september, skriv CNN.

Franske styresmakter bad om at han blei sett fri omgåande. Likevel sat han arrestert i ei snau veke før lauslating torsdag.

A man holds a placard

«Frankrike, forlat landet mitt!» står det på plakaten til støttespelarane til militærjuntaen i Niger.

Foto: AFP

Det siste kuppet har blitt fordømd av omverda, mellom anna FN sin menneskerettssjef Volker Türk.

– Det må straks vendast tilbake til sivilt styresett og opnast rom der menneske kan delta, påverke og kritisere regjeringa sine handlingar og fråvær av handlingar, sa Türk.

Støtte frå naboland

I slutten av august tillét militærjuntaen i Niger at militærstyrkar frå Burkina Faso og Mali fekk kome inn i landet, skriv France 24. Det blei gjort «i tilfelle ei krigshandling» utanfrå, uttalte det nigerske utanriksdepartementet.

Òg i Niger sitt naboland mot vest, Burkina Faso, har det tilspissa seg mellom dei styrande og den tidlegare kolonimakta Frankrike.

Niger og nordlege Burkina Faso er del av Sahel, overgangen mellom ørkenen Sahara i nord og det sudanesiske savannebeltet i sør.

Fredag kveld beordra militærjuntaen forsvarsattacheen ved den franske ambassaden til å forlate landet på grunn av «statsfiendtleg verksemd»

Utanriksdepartementet opplyser at diplomaten Emmanuel Pasquier og teamet hans har to veker på seg til å forlate landet, melder AFP.

– Påstanden om undergravande verksemd er openberrt fantasifull, seier ein talsperson for det franske utenriksdepartementet.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.