Hopp til innhold

– Me er klare for å døy for Niger

Det begynner å koke om Frankrike og Ecowas blir nemnt i Nigers gater. No pågår det nye krisemøte i Vest-Afrika.

Fleire demonstrerer mot Ecowas og Frankrike i Niameys gater.

I Niameys gater har det vore fleire demonstrasjonar. Dei fleste som tør å demonstrere viser støtte til kuppmakarane.

Foto: Omar Hama Saley / NRK

Ecowas og Frankrike er i ferd med å drepe folk. Massakrere folk. Dei set ut dårlege rykte om folk, roper Oumar Farok Belko.

Han forsøker å overdøyve lyden av tuting, jubel og kamprop. NRK har engasjert ein lokal journalist som er ute i Nigers gater, der ei gruppe unge menn har samla seg.

– Berre ute etter å fornærme oss

– Mer er her i dag for å seie at me må få ei endring. Dette statskuppet er eit kupp som gjer det mogleg for Afrika å bli heilt frigjorde, seier Belko.

Han er blant fleire i Niger som meiner landet har blitt styrt frå Paris, via den franskvennlege presidenten Mohamed Bazoum.

Oumar Farok Belko

Oumar Farok Belko er rasande på Ecowas og Frankrike.

Foto: Omar Hama Saley / NRK

No sit Bazoum fanga i presidentpalasset. Som den første presidenten i Niger som kom til makta ved ei fredfull maktovertaking, var han for fleire eit symbol på demokratisk framgang.

Men hans militære underordna kuppa makta. Mest sannsynleg fordi presidenten planla utskiftingar i maktapparatet, slik presidentar gjer frå tid til annan. Det skal ha vore usemje internt i toppen av Nigersk politikk i tida før kuppet.

Les også Kuppmakarane i Niger vil straffeforfølge presidenten

-

Vekene som har følgt kuppet har vore prega av kritikk frå omverda, men også jubel frå ein del innbyggjarar i Niger.

– Me er her for å vise at me stiller oss bak general Tchiani. Og Ecowas er berre ute etter å fornærme oss, seier Belko, til jubel frå dei andre demonstrantane.

Fleire av dei unge demonstrantane er barn.

Det russiske flagget er i bruk, ofte som eit symbol på motstand mot Frankrike.

Foto: Omar Hama Saley / NRK

Sinne mot Frankrike

Ecowas er ein samarbeidsorganisasjon med fleire vestafrikanske land som medlem. Mali, Burkina Faso, Guinea og Niger er alle medlem, men for tida ekskluderte fordi kuppmakarar har teke makta utan å gjennomføre nye demokratiske val.

Ecowas har innført fleire sanksjonar som skaper trøbbel i Niger.

Nigeria har slått av store delar av straumen inn i Niger, der dei er avhengige av å importere straum. Grensene til Nigeria og Benin er stengde, og dermed er det mangel på fleire varer og generell prisauke.

I går og i dag møtest militære leiarar i Ecowas-landa for å diskutere ein eventuell intervensjon i Niger, der ein ny styrke er planlagd for å stanse kuppmakarar i Niger og andre land i regionen.

– Me treng ikkje eit slikt Ecowas. Me treng eit fritt Ecowas, og eit demokratisk Ecowas som er blant folket og lyttar til kva dei vil, seier Djibril Abdou.

Les også Kuppet i Niger: Skjebnedagar for Vest-Afrika

Demonstrantar som støttar kuppmakarane i Niger er ute i gatene i hovudstaden Niamey.

Men trass demonstrantane sin krasse kritikk mot Ecowas, så er det ikkje gitt at alle i Niger er einige med Abdou. Og Bazoum er trass alt vald til president i eit av dei få vala som er gjennomført i Niger.

Mykje av sinnet i gatene handlar om ein motstand mot Frankrike, den tidlegare kolonimakta.

– Me ønsker ein partnar som me er likestilte med. Ein som samarbeider 50-50 med oss. Me støtter ikkje ein partnar som vil halde oss i skuggen, seier Abdou.

Djibril Abdou

Djibril Abdou meiner at Frankrike ikkje er ein samarbeidspartnar som likestiller seg sjølv med Niger.

Foto: Omar Hama Saley / NRK

Vil heller prøve samarbeid med Russland

Frankrike har heilt sidan kolonitida stått nært fleire presidentar i det fransktalande Afrika, og samanlikna med britane har franskmennene hatt omfattande næringslivsinteresser i fleire av sine tidlegare koloniar.

I Niger er det særskild uran som har vore av interesse for Frankrike, men også i aukande grad militært samarbeid.

Spesielt etter at Mali og Burkina Faso har vore gjennom militærkupp og vist Frankrike ryggen. No kan Niger vere på veg i same retning, bort frå Frankrike, og kanskje i retning nærare samarbeid med Russland. Det har skjedd i Mali.

– Me treng Russland, fordi Russland har bestemt seg for å redde heile Afrika. Russland hadde nyleg eit ekstraordinært toppmøte om Afrika, der målet er å hjelpe Afrika og afrikanarar, seier Oumar Farok Belko, som også han er blant demonstrantane.

Ikkje alle deler Belkos oppfatning av Afrika-toppmøtet som vart halde i St.Petersburg i august. Fleire meiner det skuffande oppmøtet av afrikanske statsleiarar viste at Russland ikkje har like solid fotfeste i Afrika som ein kan få inntrykk av.

Les også Putin med krevende sjarmoffensiv overfor afrikanske land

Putin

Massiv kritikk mot Frankrikes Afrika-politikk

Men om ein ser på Sahel, og dei sentrale delane av Vest-Afrika, så er det liten tvil om at Russland har teke store skritt i retning av meir stat-til-stat-samarbeid, og det skjer på kostnad av Frankrike.

Mange ser på det som skjer i Sahel med stor uro, spesielt med tanke på kva veg demokratiet skal ta.

Men samtidig er det mange som meiner at demokratiet vil bli betre om Frankrike er ute av biletet.

At Frankrike støttar udemokratiske presidentar, så lenge dei er lojale til Frankrike, er ein sentral del av kritikken som rammer Frankrike hardt.

Og det finst fleire døme:

  • I Burkina Faso sat Blaise Compaore som president i 27 år, med solid støtte frå Frankrike. Etter at han vart kasta i eit kupp vart han tiltalt for å ha drepe sin forgjengar, folkehelten Thomas Sankara som var marxist og tydeleg motstandar av Frankrike. Compaore vart dømd for drap, og fleire har seinare skulda Frankrike for å ha hatt ein rolle i kulissane. Frankrike har nekta for dette.
  • I Kamerun har Paul Biya regjert i 41 år utan spor av demokratiske val, og seinast i fjor hadde den ganske så reduserte 90-åringen besøk av sin franske kollega, Emmanuel Macron.
  • I Tsjad styrte Idriss Deby, ein mann med militær bakgrunn, i mange år. I 2021 vart han drepen i kamp, og då Macron var i gravferda kom skuldingar om fransk dobbeltmoral. For kvifor snakkar Macron varmt om demokrati, samtidig som han viste støtte til ein president med militærbakgrunn som hadde regjert i 31 år .

Opp gjennom åra har Frankrike hatt nær kontakt med afrikanske leiarar, og franske selskap har inngått fleire lukrative kontraktar.

Dei fleste tidlegare franske koloniar ligg i Vest-Afrika. Fleire av dei er blant verdas fattigaste land, og har store demokratiske problem i form av presidentar som sit i fleire tiår, eller statskupp.

Franc, fransk og franske soldatar

At andre vestlege land har stått ved Frankrikes side blir av mange brukt som forklaringa på kvifor afrikanske land bør sjå ein annan veg enn mot Vesten.

Dei som meiner fleire afrikanske land er for avhengige av Frankrike viser mellom anna til at ei lang rekke land framleis har ein valuta som er bunden opp til euroen, og som har namnet «sentralafrikansk franc».

Souleymane Djibo

Souleymane Djibo seier han er klar for å ofre livet om han må.

Foto: Omar Hama Saley / NRK

I tillegg er fransk offisielt språk i dei fleste tidlegare koloniar, og tusenvis av franske soldatar har tenestegjort i Afrika opp gjennom åra.

I gata i Niamey meiner fleire av demonstrantane at Ecowas og Frankrike er to sider av same sak, og at dei andre landa i Vest-Afrika let seg styre av Frankrike og USA.

– Om Ecowas sine styrkar angrip Niger, så skal me vere klare til å døy for Niger. Me er klare. Me skal kjempe til døden. Me er klare for å døy, roper Souleymane Djibo, og startar med det ein ny runde med full jubel i Niameys gater.

SISTE NYTT

Siste nytt