Hopp til innhold

Terrorbombe skaper frykt i Tyrkia

Tyrkiske styresmakter meiner terrorgruppa Den islamske staten (IS) står bak sjølvmordsaksjonen i grensebyen Suruc i dag, der minst 30 menneske vart drepne. Frykta aukar for at borgarkrigen i Syria skal spreie seg over på tyrkisk side.

Terroraksjon i Suruc i Tyrkia.

Minst 30 menneske vart drepne og over 100 såra i ein sjølvmordsaksjon retta mot ungdomar i Suruc i Irak.

Foto: Ap

Den tyrkiske regjeringa trur det var 18 år gammal jente som sprengde seg sjølv om lufta i Suruc i føremiddag og tok med seg 30 andre ungdomar i døden. Over 100 andre vart såra i angrepet, som var retta mot ei sosialistisk ungdomsforeining.

Foreininga skal drive hjelpearbeid i solidaritet med innbyggjarane i byen Kobane på den syriske sida av grensa, ein by som IS tok kontroll over i fjor, men som kurdiske militssoldatar har gjenerobra. IS gjorde i juni eit nytt forsøk på å erobre byen, men vart slått tilbake.

– Retta mot unge menneske

Kristin Solberg - NRK i Istanbul

Kristin Solberg er NRK-korrespondent med base i Istanbul i Tyrkia.

Foto: NRK

NRKs korrespondent Kristin Solberg er i Istanbul i Tyrkia. Ho ser ikkje bort frå at bombeangrepet i dag kan vere eit signal frå IS om at kampen om Kobane ikkje er over.

Ho fortel at terroraksjonen er ei svært stor nyheitssak i landet i dag, ikkje minst for at terroren var retta mot unge menneske som dreiv med humanitært arbeid. Det har fått mange til å frykte at borgarkrigen i Syria skal smitte over på tyrkisk side av grensa.

– Hittil har smitteeffekten frå Syria vore relativ liten i Tyrkia, i forhold til land som Irak og til dels Libanon. No fryktar mange at det kan bli verre også her, seier Kristin Solberg.

Ho reknar med at tyrkiske styresmakter no må auke presset på radikale islamistar.

Tyrkia-ekspert Einar Wigen meiner at dersom dette var eit sjølvmordsangrep, så er det mykje som peikar på IS. Han minner likevel om at det er fleire grupperingar i Tyrkia som ikkje likar at dei sosialistiske ungdomane driv solidaritetsarbeid i den kurdiske byen Kobane.

– Litt for slepphendte

Einar Wigen

Einar Wigen er forskar og Tyrkia-ekspert.

– Saka har heilt klart eit politisk aspekt. Ungdomane ville reise til Kobane for å byggje leikeplass og plante tre, seier han til NRK.

– Det har vore litt usemje om i kva grad dei har late slike grupperingar operere i landet, men det står fram som om dei har vore litt for slepphendte. I Istanbul har det vore demonstrasjonar til støtte for IS, utan at politiet har gripe inn. Det er i motstrid til kor hardt dei slo ned på demonstrasjonane til miljøaktivistar for to år sidan, seier legg han til.

Suruc ligg like ved Tyrkias grense til Syria og blir rekna som ein tvillingby til Kobane på den andre sida av grensegjerdet, 10 kilometer unna. Dei fleste som bur i Suruc har slektningar i Kobane.

Tyrkias statsminister Ahmet Davutoglu lovar i kveld at tryggingstiltaka på grensa til Syria skal styrkast.

Minst 20 personer er drept og over 60 personer såret i en eksplosjon i den tyrkiske byen Suruc, som ligger ved grensen til Syria.

VIDEO: Selvmordsaksjon i Suruc i Tyrkia

SISTE NYTT

Siste nytt