Hopp til innhold

Naudhjelp til Syria får fleire vegar inn: – Ingen fleire overlevande att

FN og Assad-regimet opnar to nye grenseovergangar for å få naudhjelp til jordskjelvoffera. Samtidig sluttar Dei kvite hjelmane å leite etter livsteikn.

Kosedyr i ruinene i Syria

FRAMLEIS BEHOV: Det er ikkje lenger nokon å redde i live i Syria, meiner Dei kvite hjelmane. Framleis er det mange overlevande som treng naudforsyningar.

Foto: Juma Mohammad / Zuma Press

Sidan det første jordskjelvet råka Tyrkia og Syria for drygt ei veke sidan, har forskjellane mellom landa vore umoglege å oversjå.

Tyrkia har fått tilbod om hjelp frå 95 nasjonar, ifølge styresmaktene, og har klart å kome til med store maskinar mange stader trass i kolossale øydeleggingar.

Fleire av landa som bidreg i Syria står i sine eigne kriser. 80 prosent av det tidlege redningsarbeidet gjekk også føre seg for hand.

Dei kvite hjelmane har tidlegare fortvila til NRK om at vesten har «vendt ryggen» til dei. No seier dei at det ikkje lenger er håp om å finne folk i live.

White Helmets member looks at a notebook found at a damaged building, in Jandaris

Dei kvite hjelmane lovar seier dei vil kontrollere områda der dei har vore involverte i redningsarbeid ein siste gong.

Foto: WHITE HELMETS / Reuters

– Utifrå interaksjonane våre er det ingen fleire overlevande att, men vi prøvar å utføre avsluttande kontrollar på alle plassane der vi er involverte, seier leiar Raed al Saleh til Reuters.

Gruppa har redningsarbeidarar spreidd i dei opprørskontrollerte delane av regionen, der heile nabolag og landsbyar har blitt jamna med jorda.

Til no er det meldt om 37.000 døde som følge av jordskjelva. Svært mange av desse er opptalde i Tyrkia. Truleg finst det store mørketal.

Det finst også mange millionar som har overlevd. Blant dei råka er det 7 millionar barn, ifølge FN.

I Syria kan fleire vegar inn i landet gi større kapasitet til å møte det enorme hjelpebehovet.

¨-

Også i Syria er det redda ut mange overlevande frå ruinane. Biletet er frå dagane etter katastrofen.

Foto: De hvite hjelmene

FN-avtale om grenseovergangar

Syria og FN har inngått ein avtale om at to nye grenseovergangar til landet skal bli opna, slik at naudhjelp kan bli frakta til jordskjelvoffera.

Kunngjeringa kom etter at naudhjelpssjefen i FN, Martin Griffiths, møtte den syriske presidenten Bashar al-Assad i Damaskus.

FN sitt tryggingsråd vedtok i 2014 at naudhjelp til dei opprørskontrollerte områda nordvest i landet skulle bli frakta inn via fire grenseovergangar. To av desse er til Tyrkia, ein til Jordan og ein til Irak.

Syria UN Earthquake

Dette biletet har presidentkontoret til Assad viser eit møte mellom han og naudhjelpssjefen i FN, Martin Griffiths (v).

Foto: AP

Sidan 2021 har det berre stått att ein open grenseovergang, i Bab al-Hawa.

Russland, som er ein nær alliert av Assad-regimet, brukte nemleg vetoretten sin i tryggingsrådet til å stenge dei i Jordan og Irak. I 2021 samarbeida Russland og Kina for å stenge ein i Tyrkia.

Dei to nye overgangane som Assad-regimet no har gått med på å opne, er i Bab al-Salam og al-Ra'ee. Avtalen varar berre i tre månader.

Syria Turkey Earthquake Women

Demonstrantar i ruinane etter hus i Atareb, Syria. På skiltet står det: «FN er partnarar av Bashar Assad og drep syrarar».

Foto: Hussein Malla / AP

Nektar å sleppe inn hjelp frå regimekontrollerte område

Leiaren for Verdas helseorganisasjon (WHO), Tedros Adhanom Ghebreyesus, seier Assad har opna for å køyre naudhjelp inn til dei opprørskontrollerte områda i Syria.

Opprørarane i den Al Qaida-tilknytte gruppa Hayat Tahrir al-Sham, har nekta å ta imot slik hjelp, og krev at alt skal bli frakta inn frå Tyrkia, som står i si eiga krise.

FN seier det hastar å få fram mat, medisinar og annan naudhjelp til fleire millionar menneske som er råka av jordskjelva.

Mange av dei er internt fordrivne frå andre område i Syria, og hadde dårlege levekår før katastrofen skjedde.

Saleh, leiar for Dei kvite hjelmane, på ein pressekonferanse 10. februar.

Raed al Saleh, som leiar Dei kvite hjelmane, er kritisk til FN sin avtale med Assad-regimet.

Foto: ABDULAZIZ KETAZ / AFP

Saleh frå Dei kvite hjelmane er kritisk til avtalen, blant anna fordi den gir Assad autoritet over naudhjelpsleveransar som kjem inn i landet.

– Dette er sjokkerande, og vi er fortvila over måten FN opptrer på, seier han til Reuters, og meiner Assad har oppnådd ein politisk gevinst.

Til NTB skildrar Noreg sin FN-ambassadør, Mona Juul, avgjerda som godt nytt.

– Uhindra humanitær tilgang til alle menneske som treng det, er nøkkelen for å redde liv etter skjelvet.

-

Mange syrarar er heimlause og søv ute i gatene, seier Benedicte Hafskjold frå Kirkens Nødhjelp. Biletet er frå byen Hatay.

Foto: AFP

Mange overlevande å hjelpe

Benedicte Hafskjold er Kirkens Nødhjelp sin landsdirektør for Syria, og hjelper no jordskjelvoffer i den nest største byen i Syria, regimekontrollerte Aleppo.

– Det er klart at redningsarbeidet i enkelte delar av Syria har vore uoversiktleg. Det har vore avgrensa kva ein kan gjere. Vi får meldingar når vi er ulike stader om at folk framleis er sakna og at ein går ut ifrå at dei ligg under byggmassar, seier ho til NRK.

Benedicte Hafskjold i Aleppo

Benedicte Hafskjold er landsdirektør for Syria i Kirkens Nødhjelp.

I områda som Assad-regjeringa styrer er det meldt om 1414 døde. Der opprørarane har kontroll, er det meldt om minst 4400 døde.

– Styresmaktene går jo berre ut med det som er stadfesta, men ein kan jo gå ut ifrå, diverre, at talet er høgare.

I tida framover fokuserer hjelpearbeidarane på dei mest grunnleggande behova, ifølge Hafskjold.

Desse er tilgang på vatn, mat og ein plass og sove til dei har noko meir permanent. Ho seier dei har sett folk som søv i parkar og på gatene.

– Det kjem til å vere fleire tusen heimlause som treng ein stad å bu, og det blir det som blir den store jobben samtidig som å bygge opp infrastruktur, vass-system, kloakk. Dette er jo også øydelagt.

– Det er så enorme behov som kom ut av det blå, rett over natta, så det er eit stort press og veldig vanskeleg å kunne møte dei behova vi ser.

Les også Sjukehus i Syria manglar alt: – Vi har ikkje kontroll

SISTE NYTT

Siste nytt