Hopp til innhold

Lvviv og Donetsk - symbolet på det splitta Ukraina

Det er 1250 kilometer mellom dei ukrainske byane Donetsk i aust og Lviv i vest. Mange opplever det som om landet alt er delt. Avstanden er for stor, både politisk, historisk og kulturelt.

Frivillilg væpna gruppe i Kiev.

Ei frivillig væpna gruppe patruljerer utanfor parlamentet i Kiev.

Foto: LOUISA GOULIAMAKI / Afp

Gruve- og industribyen Donetsk har alt som kjenneteiknar ein by frå det gamle Sovjetunionen. Ein statue av Lenin er framleis det store kjennemerket i byen, og byen har vorte karakterisert som eit typisk eksempel på postsovjetisk fattigdom og depresjon.

Bustadblokker frå Stalin-tida er over alt, saman med små fattigslege trehus med bølgjeblekktak. Lojaliteten hos menneske som bur her i stor grad hos Russland, og, og russisk er det dominerande språket.

LES OGSÅ: Derfor er Krim så viktig

– Landet er delt

Lenin-stasjonen i Donetsk.

Den 10 meter høge Lenin-statuen i Donetsk er eit samlingspunkt for russiskvenlege demonstrantar.

Foto: Darko Bandic / Ap

Ivan Reyko deltek i ein demonstrasjon ved den over ti meter høge Lenin-statuen mot den nye regjeringa og den vesle revolusjonen som er gjennomført i Kiev. Den 30 år gamle fabrikkarbeidaren er ein av fleire hundre som uttrykkjer si misnøye med den retninga Ukraina har teke.

– Landet er alt delt. Det er ingen veg tilbake til eit sameint Ukraina, seier han til nyheitsbyrået AP.

Gruvearbeidaren Nikolai er 35 år gammal. Han har arbeidd i gruvene i Donetsk sidan han var ferdig på skulen, og han seier at han ikkje kjenner noko slektskap med dei som bur vest i Ukraina.

– Eg har alltid meint at vi er veldig ulike. Om dei prøver å presse oss, så vil vi gjere opprør, seier han kort.

LES OGSÅ: Uroligheter i flere ukrainske byer

LES OGSÅ: Godkjente bruk av russiske soldater i Ukraina

Fryktar intervensjon

Bakteppet for dette er ei russisk militærøving der 150.000 russiske soldatar deltek rett på andre sida av grensa. Væpna menn har teke kontrollen over flyplassar og regjeringsbygningar på Krim-halvøya, og ukrainske styresmakter skuldar Russland for å ha sendt 6000 soldatar til Krim-halvøya.

Det er stor frykt for ein russisk militær intervensjon på Krim.

Forflyttar vi oss til Lviv, ikkje langt frå grensa til Polen, er det som å kome til, om ikkje ei anna verd, så i alle fall til eit anna land. Både Donetsk og Lviv har rundt ein million innbyggjarar, men der stansar også likskapen.

Prorussisk demonstrasjon i Donetsk.

Demonstrantar framfor Lenin-statuen i industribyen Donetsk i det austlege Ukraina.

Foto: Darko Bandic / Ap

Lviv er ein mellomalderby med brusteinsgater. Det vaiar EU-flagg saman med det ukrainske over heile byen. Ukrainsk er det dominerande språket, og byen har vore eit senter for opprøret mot den no avsette presidenten Viktor Janukovitsj.

LES OGSÅ: Krim-halvøya isolerer seg fra Ukraina

LES OGSÅ: Ukrainsk regional leder ber om russisk hjelp

Åtvarar mot deling

– Vi er rett og slett ulike dei som bur i aust. Dei veit ikkje kva Vesten er, vi har ikkje ein gong same historia. Kanskje er det best at vi deler oss ein gong for alle, seier studenten Ludmila Petrova.

Samstundes er det mange som åtvarar mot ei deling av landet. Borgarmeisteren i Lviv, Andrij Sadovij, seier at det å halde saman er den einaste måten Ukraina kan halde seg sterkt på.

– Ukraina sin styrke er einskapen. Ei oppdeling vil øydeleggje oss som nasjon, seier han.

LES OGSÅ: Tre land sperrer Janukovitsj sine konti

LES OGSÅ: – Russland er som vår mor

Kolvogner på skinnene i Donetsk.

Donetsk er ein typisk postsovjetisk industriby i det austlege Ukraina, der kolindustrien er viktig.

Foto: Darko Bandic / Ap

Splitta land

Laurdag blir det meldt om harde samanstøytar mellom tilhengjarar av den nye regjeringa i Kiev og motstandarar i den aust-ukrainske byen Kharkiv. Opprøret som starta i den vestlege delen av Ukraina kulminerte med at Viktor Janukovitsj og regjeringa hans måtte gå.

No er det den andre sida som har starta opprør. Dei som ikkje kjenner slektskap med dei nye makthavarane i Kiev, men med Russland. Ukraina er i dag meir splitta enn nokon gong.

SISTE NYTT

Siste nytt