Hopp til innhold

Skuldar humanitære organisasjonar for samarbeid med menneskesmuglarar

Det har vekt sterke reaksjonar i Italia at ein italiensk statsadvokat skuldar humanitære organisasjonar som plukkar opp migrantar utanfor kysten av Libya, for å samarbeide med menneskesmuglarane. Slike skuldingar er farlege, meiner Legar utan grenser.

Migrantar utanfor Libya.

Rundt 30.000 menneske er berga utanfor kysten av Libya hittil i år. Dette biletet vart teke 20. mars i år.

Foto: Abdullah Elgamoudi / AFP

I ei høyring i det italienske senatet i går sa statsadvokat Carmelo Zuccaro i Catania på Sicilia at det er menneske om bord i ein del av skipa til dei frivillige organisasjonane «som har andre motiv enn det reint filantropiske», ifølgje det italienske nyheitsbyrået Ansa.

Han sa også at det ville vere «svært nyttig å identifisere korleis nokre av dei nystarta organisasjonane blir finansierte». Zuccaro sa også at det er fleire interesser ute og går her, ikkje berre interessene til dei som blir berga. Han la til at han har starta etterforsking av saka.

Han har ikkje lagt fram bevis for påstandane.

Avviser kontakt

Statsadvokat Carmelo Zuccaro.

Carmelo Zuccaro, statsadvokat i Catania på Sicilia, har skulda humanitære organisasjonar for å ha nær kontakt med menneskesmuglarar i Libya.

Foto: Remo Casilli / Reuters

Kommandør Nicola Carlone i Den italienske kystvakta avviste i den same høyringa opplysningane frå Carmelo Zuccaro. Han sa at dei humanitære organisasjonane i 2016 stod for 26 prosent av redningsoperasjonane i Middelhavet, og at det er for tida er 12 skip frå desse organisasjonane i aktivitet i området.

Han presiserte likevel at alle skipa ikkje oppheld seg i området utanfor Libya på same tid.

Han var klar på at nærværet av skip som deltek i den humanitære aksjonen ikkje på nokon måte oppmodar menneskesmuglarane til å sende folk ut på havet.

– Sjøen er roleg akkurat no. Det er fleire skip med bergingsmannskap i området, men ingenting skjer. Dette blir styrt frå land, og det er menneskesmuglarane som avgjer når dei sender ut migrantar. Og dei bryr seg ikkje korkje om vêret eller om skipa frå dei humanitære organisasjonane, sa Nicola Carlone i høyringa.

Migrantar på Sicilia.

Ei gruppe migrantar har kome til land på Sicilia. Dette biletet er frå 19. april.

Foto: Darrin Zammit Lupi / Reuters

– Drukning er alternativet

Nils Mørk

Nils Mørk er kommunikasjonssjef i Legar utan grenser. Han meiner kritikken frå den italienske statsadvokaten er ei avsporing av debatten.

Foto: Su Thet Mon / NRK

Også dei store humanitære organisasjonane har reagert sterkt på skuldingane frå statsadvokaten i Catania. Kommunikasjonssjefen i den norske avdelinga av Legar utan grenser, Nils Mørk, seier at skuldingane frå Zuccaro i verste fall kan vere farlege.

– Han går ut med direkte angrep på livreddande arbeid. Alternativet til å berge desse menneska er å la dei drukne, og det er ikkje noko alternativ. I tillegg er det ei openberr avsporing av det eigentlege problemet, at 5000 menneske drukna i Middelhavet i fjor, og at dette held fram også i år, seier Mørk til NRK.

Han fortel at Legar utan grenser har to skip som deltek i den humanitære operasjonen i Middelhavet, og at dei har berga 30.000 menneske sidan slutten av april.

– Vi legg oss ikkje opp i migrasjonspolitikk, kvar dei skal bu eller få opphald. Men ingen skal drukne i Middelhavet, rett framfor nasane våre. Det ville vere ein historisk fallitt, legg han til.

– Det var ei flytande massegrav

723 båtflyktninger reddet av Siem Pilot

Hevder nærmere 950 mennesker var om bord i fiskebåten

Operasjon Triton

Statsadvokat Paolo Giordano i den sicilianske byen Siracusa sa i ei anna høyring at han ikkje kjenner til noko bevis for at det er band mellom humanitære organisasjonar og menneskesmuglarar.

Også Noreg deltek i patruljeringa i Middelhavet i det som blir kalla Operasjon Triton, ein innsats som blir administrert av Kripos. Det norske skipet «Olympic Commander» skal overta etter «Siem Pilot» i grensekontrollen, og skal også delta i søk- og redningsoperasjonar. «Siem Pilot» er no ute på sin siste tokt i området før skipet set kursen mot Noreg igjen seinare i månaden.

- I tillegg driv vi etterretning om bord og leitar etter dei som kan ha vore med på å organisere overfarten. Til saman har norsk politi levert informasjon om fleire enn 180 slike mistenkte til italienske styresmakter, seier kommunikasjonsrådgjevar Axel Wilhelm Due i Kripos til NRK.

Siem Pilot oktober 2016.

Det norske skipet «Siem Pilot» plukka opp mange migrantar i fjor. Biletet er frå 24. oktober, då dei sette i land fleire hundre menneske i Palermo på Sicilia.

Foto: Ella Ide / AFP

Sidan starten på operasjonen i juni har mannskap frå politiet, forsvaret og reiarlaget O.H. Meling & Co berga over 33.000 menneske. Dei berga blir førde til Italia etter avtale med styresmaktene der, fortel han.

- Vi har eit godt samarbeid med dei humanitære organisasjonane i området. Det same har vi utanfor den greske øya Lesvos, der redningsskøyta «Peter Henry Von Koss» deltek i Operasjon Poseideon, legg Due til.

Kystvakten mindre synlig enn planlagt langs kysten

Blir i Italia

I 2016 kom det 181.000 båt-migrantar til Italia, det høgste talet nokon gong. Hittil i år har det kome 30 prosent fleire samanlikna med same perioden i fjor. Dei fleste av desse søkjer politisk asyl i Italia.

Tidlegare reiste mange vidare nordover i Europa for å søkje asyl der, men etter at fleire land har innført strenge grensekontrollar har denne trafikken vorte mykje mindre. Italienske styresmakter meiner at for mykje fell på dei, og dei bed andre europeiske land ta mot fleire.

SISTE NYTT

Siste nytt