Hopp til innhold

– Det var ei flytande massegrav

Aril Sande (28) har vore på Siem Pilot i eitt år. Det som møtte han i Middelhavet var han ikkje førebudd på.

Siem Pilot

STERKE INNTRYKK: – Eg kjem aldri det å gløyme dette, fortel Aril Sande.

Foto: Privat

15. August 2016. Aril Sande og mannskapet på Siem Pilot får oppkall på radioen. Dei set kurs mot ein båt i naud utanfor kysten av Libya. Båten har fleire hundre flyktningar om bord. Då dei kjem fram til båten, skjønar Sande kor ille det er.

– Det største sjokket var å sjå alle dei døde.

I botnen av båten låg 49 omkomne. Truleg døde dei av kullosforgifting.

Sande gjekk om bord i båten og byrja å skjere opp dekket på båten.

– Det var eit vanvitig inntrykk å stå der med døde menneske rundt beina. Det kjem eg aldri til å gløyme.

Då skipet la til kai på Sicilia, gjekk 416 overlevande i land. 49 var omkomne.

– Vi fekk om bord familiar som hadde kryssa Middelhavet saman. Då vi slapp dei i land i Italia var det kanskje berre halve familien som gjekk i land. Det var mykje sorg.

Aril Sande

I MIDDELHAVET: Aril Sande har vore med på operasjon Triton i Middelhavet i eitt år. – Alle barna er nok det som har gjort størst inntrykk.

Foto: Kripos

Førebudde seg på det verste

Tre månader seinare sit Sande i bustaden sin heime i Bergen og ser på bilete frå opphaldet sitt i Middelhavet. Inntrykka han sit att med frå det siste året, er vanskeleg å fordøye.

– Det å sjå det på fjernsyn er éin ting. Å stå midt opp i det er noko heilt anna.

I april 2015 bestemte regjeringa at Norge skulle sende eit skip til Middelhavet for å delta i operasjon Triton. Sande, som jobbar som dykkar på Kystvakta, var med på det aller første oppdraget.

Han var ikkje i tvil om han skulle seie ja. Å hjelpe folk i naud freista. Men det var vanskeleg å danne seg eit bilete av kva som venta før han reiste ut.

– Eg prøvde å førebu meg på det verste.

Aril Sande frå Nordfjord har vore mannskap på Siem Pilot i Middelhavet det siste året.

VIDEO: Aril Sande fortel om det han opplevde.

– Vanskeleg å fatte

Så langt i 2016 har styrken om bord på Siem Pilot redda 16.047 personar. Sidan 2015 har meir enn éin million menneske flykta til Europa over Middelhavet. I løpet av den tida har operasjon Triton redda 28.598 menneske.

Langt ifrå alle kjem seg over i live. Så langt i år har 4.518 menneske mista livet på flukt over Middelhavet.

– Det er vanskeleg å fatte at nokon tek denne risikoen. Men det er folk i naud, og vi var der for å hjelpe.

Etter slike oppdrag som det i august, blei det viktig med debrifing. Mannskapet snakka om det dei hadde vore med på. Det som gjekk bra, og det som ikkje gjekk bra.

– Samhaldet har vore enormt viktig. Det var vore mykje vanskeleg, men det har vore veldig mykje glede og.

Tilbake i Norge er det flest gode minner han sit att med.

– Det å vere med å bidra og gjere ein skilnad har betydd mykje. Det er ingen tvil om at jobben vi har gjort har vore viktig. Det viser tilbakemeldingane frå italienske styresmakter.

– Barn gjer størst inntrykk

Å redde barn i naud er det som har gjort aller sterkast inntrykk på Sande.

– Det var mellom anna ein gut som kom i båt utan familien sin. Foreldra hadde sendt guten frå seg med ein framand familie.

Sande gav den vesle guten lua si for at han skulle ha noko å leike med.

– Den sat han lenge med før han fekk den på hovudet. Han krabba blid og nøgd rundt på dekk. Slike ting hugsar ein.

gutt med lue

GAV GUTEN LUA: Ein liten gut var ein av mange barn Sande var med å redda. Ein liten gut gjorde ekstra stort inntrykk.

Foto: Aril Sande

Klagar mindre

Siem Pilot utenfor Libyas kyst

SIEM PILOT: Styrken på Siem Pilot har redda meir 16047 menneske så langt i år, ifølgje Kripos.

Foto: Kripos / NTB scanpix

Om han skal tilbake til Middelhavet, veit han ikkje enno. Men etter eitt år til og frå oppdraget, har det blitt mange turar i fjellet etter at han kom heim.

– Eg tenkjer mykje over det eg har opplevd, difor går eg på tur. Eg er mykje ute i frisk luft for å klarne tankane.

Han seier han har blitt flinkare til å setje pris på ting etter at han kom heim frå oppdraget.

– Kontrastane er store. Ein tenkjer over ein del ting ein ikkje gjorde før. Å sete seg til middagsbordet, eller å gå ute med dei kleda som trengst. No tenkjer eg over kor godt eg har det.

– Det er tilfeldig kor ein hamnar. Eg føler eg har hatt flaks.