Hopp til innhold

Skandalane i kø for Berlusconi

Skandalane står i kø for Italias statsminister Silvio Berlusconi. Han er hardt pressa både politisk og privat.

Silvio Berlusconi på ein fotballfest i Milano sist helg.

Silvio Berlusconi går frå skandale til skandale.

Foto: Luca Bruno / Ap

Eit ektepar som skal ha pressa statsminister Silvio Berlusconi for pengar, vart pågripne i Roma i dag. Dei to skal ha skaffa unge jenter til den 74 år gamle statsministeren.

Samstundes avslører det italienske nyheitsbyrået ANSA at Berlusconi, i ein telefonsamtale med ein redaktør for ei Internett-avis, Valter Lavitola, 13. juli i år, skal ha sagt at han snart kjem til å reise frå Italia.

Valter Lavitola er etterlyst av politiet, men han har truleg forlate Italia.

- Passe mine eigne saker

Giampaolo Tarantini er mistenkt for å pressa Silvio Berlusconi for pengar.

Gianpaolo Tarantini vart pågripen i Roma i dag, mistenkt for pengeutpressing mot Silvio Berlusconi.

Foto: Donato Fasano / AP

Lett omskrive seier Berlusconi i telefonsamtalen, som vart avlytta av politiet i Napoli, at han er så transparent, så rein i alt han gjer, at han ikkje er i nærleiken av å gjere noko kriminelt .

- Folk kan seie at eg har eit sex-liv, men det er også alt, skal han ha sagt i telefonsamtalen.

Men han skal ifølgje ANSA også ha sagt følgjande i samtalen:

- Eg bryr meg ikkje. Om nokre få månader har eg tenkt å reise vekk og passe mine eigne saker. Eg skal forlate dette bedritne landet, som eg får lyst å spy av.

Ekteparet Giampoli Tarantino og Angela Devenuto, som altså vart arresterte i Roma i dag, er mistenkte for å pressa Silvio Berlusconi for store summar. Terantino skal ha fått ein eingongssum på 500.000 euro (fire millionar norske kroner), og så månadelege utbetalingar på 20.000 euro (160.000 kroner), melder tidsskriftet Panorama.

LES OGSÅ: Silvio Berlusconi mister grepet

LES OGSÅ: Saken mot Berlusconi stopper opp

Avviser pengeutpressing

Panorama er eigd av Berlusconis familie.

Berlusconi avviser overfor Panorama at han har vore utsett for pengeutpressing.

Patrizia D'Addario

Patricia D'Addario var 17 år då ho skal ha hatt sex med Silvio Berlusconi.

Foto: FILIPPO MONTEFORTE / AFP

- Eg hjalp ein person og ein familie med born, som hadde, og framleis har, alvorlege økonomiske problem. Eg gjorde ikkje noko ulovleg, eg hjalp ein desperat mann og bad ikkje om noko til gjengjeld. Det er slik eg er, og eg kjem ikkje til å forandre eg, seier han til Panorama.

Det høyrer med til historia at ekteparet Tarantino og Lavitola bur i eit luksushusvære nær Via Veneto, det mest eksklusive bustadområdet i Roma.

Giampoli Tarantini vart kjend i Italia i juli 2009, då ei prostituert kvinne, Patrizia D'Addario, gjekk ut og sa at ho hadde hatt sex med Berlusconi i palasset hans i Roma. Og at ho hadde fått betalt for det.

Tarantino sa at han hadde betalt rundt 30 unge kvinner for å vere med festar i husa til Berlusconi i Roma og på Sardinia, og at dei skulle vere seksuelt tilgjengelege for statsministeren om det vart aktuelt.

LES OGSÅ: Berlusconi tilbake i retten

LES OGSÅ: Berlusconi: - Tåpelege skuldingar

- Har aldri betalt

Tarantino er mistenkt for å ha pressa Berlusconi for pengar, mot å fortelje politiet at Berlusconi ikkje visste at dei 30 unge kvinnene var betalte for å stille opp. Han er forretningsmann innan medinsinsk utstyr, men er også mistenkt for svindel og narkotikahandel.

Det er ikkje forbode å kjøpe sex i Italia, men det er ulovleg med jenter under 18 år. Berlusconi har gjort eit stort nummer av at han har aldri har måtta betale for det. Elles har han ikkje noko i mot å fortelje at han ikkje er nokon helgen på dette området, og at han har eit aktivt sex-liv.

Den italienske statsministeren blir for tida etterforska i to saker som gjeld skattesvik og svindel, og så saka der han er mistenkt for å ha hatt sex med 17 år gamle Patrizia D'Addario.

Samstundes er han under sterkt politisk press på grunn av lav økonomisk vekst og høg statsgjeld.

LES OGSÅ: Etterforskes som Berlusconis hallik

LES OGSÅ: Blir det kvinnene som feller ham?

SISTE NYTT

Siste nytt