Hopp til innhold

Blir det kvinnene som feller ham?

En marokkansk strippar har fått Silvio Berlusconi i trøbbel - djup trøbbel. Nå ligg skjebnen til den italienske statsministeren i hendene til tre dommarar - alle kvinner.

Silvio Berlusconi og Ruby Hjerteknuser
Foto: GIUSEPPE ARESU / Afp

Kommentar: Gunnar Myklebust
Foto: NRK

Uttrykket «bunga-bunga» gjekk rett inn i det italienske språket då den unge marokkanske kvinna Mahroug fortalte at ho hadde vore på fleire «bunga-bunga»-festar hos Silvio Berlusconi.

Kva som har foregått på desse festane er litt uklart, men dei hadde med unge, vakre og lettkledde kvinner å gjøre - og det skal vere ein slags moroleik for vaksne menn som Berlusconi har lært av sin gode venn Moammar Ghaddafi.

Mahroug, eller «Ruby Hjartetjuv» som ho nå heiter i italienske medier, var under 18 år da ho kom med, og dermed mindreårig som prostituert. Det er dette som har ført Berlusconi inn i den til så lenge verste av alle dei klemmene han har vore i.

Ein ting er at han skal ha gitt henne pengar, men han var tankelaus nok til også å ringje politiet og be dei sette henne fri da ho blei arrestert for tjuveri. Berlusconi sa til politiet at ho var barnebarnet til Hosni Mubarak, og at det kunne få politiske følgjer.

Det kan det absolutt, men ikkje slik Berlusconi tenkte.

Tannteknikaren som blei hallik

Det er ikkje nytt at Berlusconi blir knytt til skandalar eller etterforska.

Han har dyrka ein haremkultur og leika seg med ungjenter, og han er skulda for korrupsjon og skattesvik og forsøk på å bestikke dommarar, utan at det har fått følgjer.

I Italia er det ikkje vanskeleg å trekke rettsprosessar i langdrag, nok til at skuldingane blir forelda. Men denne gongen gjeld det overgrep mot ein mindreårig, og da er der ingen slik utveg.

Han kan heller ikkje gøyme seg i statsministerstolen. Forfatningsdomstolen har langt på veg oppheva immuniteten hans.

Eigentleg er det mannen som overfall og slo Berlusconi i fjeset for vel eit år sidan, som har skulda. Overfallet gjorde at Berlusconi måtte fikse på tennene, og han var så takknemleg for behandlinga at han ga den smellvakre tannteknikaren Nicole Minetti sentrale politiske posisjonar.

Nicole Minetti

Nicole Minetti

Foto: ALESSANDRO GAROFALO / Reuters

Nå er ho halliksikta, for det var ho som henta inn Ruby frå Marokko til «bunga-bunga».

Dei fleste teier

I dei fleste andre land ville Berlusconi ha vore ferdig som politikar. Men Italia har ingen tradisjon for å sette etiske krav til politikarane sine.

Få hadde problem med at landets rikaste mann og største medieeigar stilte til val. Om han var kriminell, var det hans sak. Og tilliten til rettsstellet er også begrensa.

Den katolske kyrkja har også teidd. Kyrkjakan leve med dei moralske slagsidene, så lenge Berlusconi støttar skolane og forretningsverksemda deira. Næringslivet ligg lågt og føretrekkjer ei høgreregjering framfor ei frå venstre.

Og endeleg er opposisjonen eit konglomerat av ulike interesser og utan noen samlande leiar.

Kongen av fjernsynet

Synet på Berlusconi i opinionen har han stort sett skapt sjølv. Han kontrollerer i praksis 95 prosent av TV-marknaden i Italia og dermed også nyhetsformidlinga.

Dei fleste italienarar les ikkje aviser, men veit det det veit fordi dei ser TV.

Berlusconi eig dei tre største private TV-stasjonane og kontrollerer som statsminister i praksis dei tre statlege RAI-kanalane. Han kvier seg ikkje for å kalle inn TV-sjefar og diktere korleis nyheitene rundt hans person skal formast.

Veldig få av bevisa mot han i denne siste saka er lagt fram på TV. Bildet av han som offer, er skapt på TV. Angrepa hans mot rettsstellet, som han meiner er venstrevridd, blir formidla ukritisk.

Det er også i TV det italienske kvinnesynet er forma. Der er kvinneidealet vakkert og halvnake.

På botn i EU

Sidan Berlusconi blei statsminister for tredje gong i 2008, har Italia falle sju plassar på lista over kor likestilte dei ulika landa i verda er. Dette er ei liste som Verdens økonomiske forum har sett opp, og der er Italia nummer 74 - bak land som Colombia, Ghana og Kirgisistan.

Sjølv om det er fleire kvinner enn menn som tar høgare utdanning i Italia, er berre 45 prosent av kvinnene i arbeid utanfor heimen, færre enn i noko anna EU-land. Og har dei jobb, tener dei 20 prosent mindre enn mennene.

Italia gir kvinnene same fødselsrettane som EU elles, seks månader permisjon, men likevel har landet den lågaste fødselsraten i Europa, 1,3 barn pr. kvinne.

Arbeidsgivarane vil ikkje tilsette unge kvinner som kan mistenkast for å ha familieplanar. Bare fem av 100 barn får plass i offentleg barnehage.

Verdsforumet seier at Italia fort kunne auke bruttonasjonalproduktet sitt ved å få noen hundre tusen fleire kvinner ut i arbeidlivet.

Berlusconis likestilling

Slikt vekkjer lite respons hos Berlusconi.

Han meiner at han har gjort mye for å styrke kvinners stilling: Han gjorde ei tidlegare topplausdansarinne til likestillingsminister. Og hans råd til kvinner som ønsker seg økonomisk tryggleik og ei lykkeleg framtid er å finne seg ein rik kjæreste.

At styremaktene ikkje får gjort noe med valden mot kvinner og det aukande talet valdtekter, forklarer han med at - sitat - «vi har ikkje nok soldatar til å hindre valdtektene, fordi kvinnene våre er så vakre!»

Meiningsmålingar viser at unge kvinner kjøper Berlusconis verdensbilde og vil heller vere halvnaken på TV enn advokat eller lege.

La det samtidig vere sagt: Venstresida har heller ikkje gjort mykje for å hjelpe fram kvinnene.

Og, som ein klok eldre italienar sa nyleg: Det er ikkje bare Berlusconi, det ligg i det italienske genmaterialet. Når det kjem ein ny skandale rundt statsministeren, tenkjer 80 prosent av mennene: Eg skulle ønske det var meg.

Kanskje det. Kvinner som arbeider utanfor heimen, er framleis stigmatisert i store delar av folket. Eit utbreidd mannsideal er det å ha kona heime, og ha råd til det.

Det er gjort granskingar som viser at 95 prosent av italienske menn aldri har sett på ein vaskemaskin.

Kvinner demonstrerer mot Berlusconi i Napoli
Foto: MARIO LAPORTA / Afp

Ting tyder likevel på at folk også i Italia er i ferd med å bli trøtt av Sirkus Berlusconi. Sist søndag demonstrerte ein halv million kvinner i over 200 ulike byar i Italia i protest mot det inngrodde kvinnesynet.

Og det vekte oppsikt da statsministeren i ein TV-debatt nyleg fornærma eit kvinneleg parlamentsmedlem ved å seie at ho var meir vakker enn intelligent. Utan å nøle svarte ho: «Statsminister, eg er ikkje ei kvinne som står til din disposisjon!»

Dei neste dagane gjekk mange tusen kvinner rundt med T-skjorter der den setninga var påtrykt.

Tre kvinner avgjer lagnaden

Skandalane slit også på ein annan måte. Dei tar for stor plass, og statsministeren får ikkje gjort jobben sin. Økonomien i landet er i motvind, og statsgjelda nesten på nivå med Hellas. Det er politisk arbeid som ventar, meiner stadig fleire.

Derfor er tillitten til Berlusconi lågare enn noen gong før.

Berlusconi styrer med ein hårfin og trulaus majoritet. Han er avhengig av alliansepartnaren Lega Nord, eit høgrepopulistisk parti som vil gjøre Nord-Italia meir sjølvstyrt.

Makta sit hos Umberto Bossi, som kan kome til å kreve nyval dersom han ikkje får Berlusconi med på alle forslaga sine om korleis Italia skal bli meir føderalt.

Sjølv om Berlusconi har visst ei imponerande evne til å overleve, kan han stå ved vegskillet nå.

Berlusconi kjem neppe i fengsel. Blir han dømt - han kan få inntil 15 års fengsel - slepp han venteleg å sone på grunn av alderen. Men nederlaget vil vere komplett.

Eit poeng vil det i så fall vere at det var ein kvinneleg statsadvokat som sette i gang etterforskinga i Ruby-saka, ein kvinneleg dommar som bestemte at den er grunngitt, og tre kvinnelege dommarar som kjem til å sitte ved bordet når saka kjem opp i begynnelsen av april.

Det kan altså bli kombinasjonen av kvinnene han hevdar han elskar så høgt og rettsstellet han hatar så intenst, som bestemmer hans endelege politiske lagnad.

SISTE NYTT

Siste nytt