Hopp til innhold

Politiet i Minneapolis skal granskast – guvernøren lover oppgjer med rasisme

Styresmaktene i Minnesota skal granske politiet i Minneapolis etter dødsfallet som utløyste demonstrasjonar og opptøyar over store delar av USA.

Politifolk i Minneapolis 27. mai 2020

Politifolk under ein demonstrasjon i Minneapolis førre veke.

Foto: Jim Mone / AP/NTB Scanpix

Departementet for menneskerettar i den amerikanske delstaten skal undersøkje rutinane til politiet i storbyen dei siste 10 åra.

Målet er å finne ut om etniske minoritetar systematisk har vorte diskriminerte, og korleis dette eventuelt kan endrast.

Guvernør Tim Waltz lovar å ta granskinga på alvor:

– Innbyggarane i Minnesota kan vente at styresmaktene vil bruke alle middel for å dekonstruere generasjonar av systemisk rasisme i delstaten vår, sa Waltz tysdag.

Demonstrasjonane og opptøyane i USA braut ut etter at afroamerikanske George Floyd (46) døydde då han vart arrestert i Minneapolis 25. mai.

Ein kvit politimann pressa kneet mot nakken og halsen til Floyd i mange minutt.

Advokaten til familien til Floyd seier at obduksjonen viser at det som skjedde var eit drap.

Politiet i Minneapolis har gjennom fleire tiår vorte skulda for unødvendig valdsbruk og diskriminering av svarte og andre minoritetar.

Kritikarar meiner det eksisterer ein ukultur som det har vore vanskeleg å endre. Det gjeld òg etter at byen i 2017 fekk ein afroamerikansk politisjef.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.