NRK Meny
Normal

Sjokk og sinne etter mafia-avsløringar

Italias statsminister Matteo Renzi er sint og sjokkert og leiaren for Underhuset i parlamentet, Laura Boldrini rasar, etter at politiet har avdekt at ein mafialiknande bande har hatt sugerøyr rett inn i den romerske bykassa.

Italias statsminister Matteo Renzi.

Italias statsminister Matteo Renzi har reagert sterkt på at kriminelle skal ha hatt sugerøyr inn i den romerske bykassa.

Foto: Herwig Prammer / Ap

Historia slo ned som ei bombe blant innbyggjarane i den italienske hovudstaden tysdag og onsdag denne veka. Mest sjokkerande var det at tidlegare borgarmeister Gianni Alemanno er blant dei som no blir etterforska i samband med saka.

Statsadvokaten i Roma kalla Magliana-banden, som skal ha sikra seg lukrative offentlege kontraktar etter korrupsjon, for ein romersk mafia.

– Mafia i Roma

Laura Baldrini er leiar for Underhuset i det italienske parlamentet.

Laura Boldrini er sjokkert over avsløringane i Roma.

Foto: ANDREAS SOLARO / Afp

– Eg blir sint og sjokkert når ein så seriøs person som statsadvokaten i Roma snakkar om ein mafia i Roma. Dette er sjokkerande for heile det politiske miljøet og det er nødvendig med «ein djup refleksjon», sa statsminister Matteo Renzi seint onsdag kveld.

Leiaren for Underhuset i parlamentet, Laura Boldrini, sa i ein kommentar at ho var «fullstendig rasande» etter avsløringane.

Den regjeringskritiske Femstjernealliansen har kravd at den noverande borgarmeisteren i Roma, Ignazio Marino, straks må gå av som følgje av denne saka. Han tok over som borgarmeister etter Gianni Alemanno i fjor.

– Stengt alle dører

Marino seier på si side at den nye administrasjonen hans har «stengt alle dører for alle som vil prøve å påverke dei». Politisjefen i Roma seier at situasjonen i byen no er så farleg, at det er nødvendig å auke tryggleiken rundt borgarmeisteren.

37 menneske er arresterte i samband med avsløringane ,og rundt 100 er under etterforsking, mange av dei politikarar.

Tidlegare borgarmeister i Roma, Gianni Alemanno.

Gianni Alemanno var borgarmeister i Roma inntil for vel eitt år sidan. Han er no under etterforsking for grov korrupsjon.

Foto: GABRIEL BOUYS / Afp

Ein av dei arresterte er Massimo Carminati, som blir rekna som leiar for Magliana-banden. Han var tidlegare med i den nyfascistiske terrororganisasjonen NAR, som var blanda inn i bombeaksjonen mot ein togstasjon i Bologna i 1980, der 85 menneske vart drepne.

Meir lønsamt enn narkotika

Politiet offentleggjorde onsdag lyd- og videoopptak av ein av dei nærmaste medarbeidarane til Carminati. Politiet avlytta mannen utan at han visste det, og på opptaket fortel han til ein annan person kor mykje pengar dei tener på kontraktane for å skaffe husvære til flyktningar, asylsøkjarar og sigøynarar.

Det går fram av samtalen at dei tener langt meir på desse kontraktane enn på sal av narkotika.

LES OGSÅ: Politiet filma hemmeleg mafia-seremoni

LES OGSÅ: Slik skal de knuse ‘Ndrangheta-mafiaen

LES OGSÅ: - Politi-samarbeid stansa ny mafia-allianse

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt