Hopp til innhold

– Asylsøkjarar betre butikk enn narkotika

Politiavlytting av telefonen til ein sentral medlem av Magliana-banden i den italienske hovudstaden Roma, avslører at banden har tent langt meir på å huse innvandrarar og asylsøkjarar enn på å selje narkotika.

Salvatore Buzzi.

Salvatore Buzzi vart avlytta av italiensk politi. Han avslørte kor kva Magliana-banden tente pengane sine på.

Foto: - / Afp

Arrestasjonen av fleire toppar i Magliana-banden, Banda della Magliana, har sendt sjokkbølgjer gjennom det italienske samfunnet. Minst 37 personar er arresterte i saka sidan måndag denne veka, blant dei mannen som truleg er leiaren for banden, Massimo Carminati.

Det var hans høgre hand, Salvatore Buzzi, som avslørte kva dei tener mest pengar på, medan han vart avlytta av politiet tidleg i 2013. Han var klar på at narkotika ikkje var så lønsamt som huslause innvandrarar.

Massimo Carminati blir ført bort av politiet.

Massimo Carminati vart arrestert av politiet i Roma tysdag denne veka.

Foto: Ap

– Er du klar over kor mykje pengar eg tener på desse immigrantane? Narkotika er ikkje så lønsamt. Vi omsette for 40 millionar euro i fjor, men overskotet kjem frå sigøynarar, innvandrarar og bustadkrisa, seier Buzzi, ifølgje politiet. Han slår fast at dei ikkje har tent pengar i andre delar av «verksemda», melder det italienske nyheitsbyrået ANSA.

Offentlege pengar

Magliana-banden skal ifølgje politi og påtalemakt kontrollere selskapa som har ansvaret for at innvandrarar, asylsøkjarar og andre heimlause skal få tak over hovudet og mat i Roma. Påtalemakta meiner at fleire sentralt plasserte politikarar har hjelpt den kriminelle gruppa til å få kontroll over desse selskapa.

På denne måten har den mafialiknande Magliana-banden sikra seg nærmast fri flyt av offentlege pengar.

Det er fleire politikarar blant dei arresterte, blant dei mest kjende er tidlegare borgarmeister i Roma, Gianni Alemanno. Han har også meldt seg ut av partiet sitt, «Brør av Italia – Nasjonalalliansen» etter at det vart klart at han var under etterforsking.

Dette partiet har røter heilt tilbake til Fascistpartiet til Benito Mussolini, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

«Kongen av Roma»

Tidlegare borgarmeister i Roma, Gianni Alemanno.

Tidlegare borgarmeister i Roma, Gianni Alemanno, er ein av fleire politikarar som er arresterte i saka.

Foto: GABRIEL BOUYS / Afp

Størst oppsikt er det likevel arrestasjonen av Massimo Carminati (56), mannen som skal vere sjefen for Magliana-banden. Han har vore arrestert og dømd fleire gonger, men har sjeldan vore lenge i fengsel. Han har fleire kallenamn, til dømes «Kongen av Roma».

Mafia-eksperten Lirio Abbate sa følgjande til vekeavisa L'Espresso:

– Namnet hans blir kviskra med frykt rundt om i byen. Han blir sagt å vere ein herre over liv og død, over menneskehandel og over politisk hestehandel. Han overlevde eit skot mot hovudet og har fått ord på seg for å vere udødeleg. Alle fryktar han, og det er grunnen til at han har fått tilnamnet «Kongen av Roma».

Lirio Abbate, som er forfattar og journalist, lever med politivakt 24 timar i døgnet.

Etter at han vart skoten i hovudet under ei skotveksling med politiet, miste Carminati synet på det eine auget. Då han i ein periode gjekk med ein lapp over auget fekk han raskt tilnamnet «Piraten».

Bombeabgrep mot togstasjonen i Bologna i 1980.

85 menneske vart drepne i terroraksjonen mot jernbanestasjonen i Bologna i 1980.

Foto: Ap

Bombeangrepet i Bologna

Carminati var på 1979- og 1980-talet medlem av den revolusjonære høgreorienterte gruppa Nuclei Armati Rivoluzionari. Dei var blant anna blanda inn i bombeangrepet mot jernbanestasjonen i Bologna, der 85 menneske vart drepne.

Ein av dei som vart dømde for ugjerninga, Valerio Fioravanti, seier om Carminati at han «alltid var klar til å bortføre nokon, å utføre mord, å delta i narkotikakriminalitet eller utpressing».

Fleire tidlegare kollegaer, som no har vorte informantar for politiet, har peika han ut som ansvarleg for fleire drap, men han har aldri blitt dømt for det.

Massimo Carminati er kjend for ein ekstravagant livsstil. Han går alltid i svært eksklusive klede, og ha fleire luksusbilar. Etter arrestasjonen tok politiet beslag i verdiar for 200 millionar euro, over 1,7 milliardar kroner. Blant gjenstandane politiet tok beslag i var kunstverk av Andy Warhol og Jackson Pollock.

Reagerer med harme

Arrestasjonane i Roma, og skuldingane om omfattande juks med offentlege kontraktar, har vekt harme blant innbyggjarane. Fleire grupper som arbeider for forbrukarane sine rettar har reagert sterkt på opplysningane, og spør om ikkje vanlege menneske alt har blitt straffa nok av den økonomiske krisa.

– Etterforskinga av denne saka avslører ein avskyeleg og grufull realitet, som er langt verre enn sjølv dei verste fantasiane, seier organisasjonane Adusbef og Federconsumatori i ei felles fråsegn. Dei meiner at saka er eit kraftig varsku for det italienske demokratiet.

Også FNs organisasjon for flyktningar, UNCHR, reagerer sterkt på det som har kome fram:

– Det å ta mot flyktningar er ei plikt for alle land. Flyktningar skal ikkje vere ei handelsvare for kriminelle, seier Laurens Jolles, UNCHR-representant for det sørlege Europa.

LES OGSÅ: – Mafia-seremoni inspirert av frimurarordenen

LES OGSÅ: Politiet filma hemmeleg mafia-seremoni

LES OGSÅ: Paven stengjer kyrkjedøra for mafiaen

LES GOSÅ: Slik skal de knuse ‘Ndrangheta-mafiaen

SISTE NYTT

Siste nytt