Hopp til innhold

Verdas muslimar feirar med bøn og slakt

Muslimar verda over slaktar i dag eit dyr og feirer eid al-adha. Høgtida er til minne om profeten Ibrahim som er villig til å ofre son sin til Allah. Dagen markerer også slutten på hajj, muslimane si pilegrimsreise.

Muslimar i Bodø, Oslo, New York og Mogadishu feirar i dag Eid. Då vert slaktekniven teken fram og nytta til å slakte eit dyr på muslimsk vis og feire utover kvelden.

Det finnes to formar for eid-feiring. Eid al-fitr er slutten av fastemåneden, ramadan, medan Eid al-adha altså er slutten av pilegrimsreisa. Mat og bøn står sentralt i begge høgtidene.

(Saka held fram under videoen)

Over heile verda feirer muslimar høgtida Eid. Sjå video frå muslimar som kjem til morgonbøn ved Al-Aqsa-moskeen i Israel, pilegrimer som er på veg til Mekka og russiske tryggingsvakter som passar på at muslimar ikkje vert angripne.

Sjå video av muslimar som kjem til morgonbøn ved Al-Aqsa-moskeen i Israel, pilegrimer som er på veg til Mekka og russiske tryggingsvakter som passar på at muslimar ikkje vert angripne.

Tidspunktet for eid al-adha varierar frå år til år for dei som følger den gregorianske kalendaren ein nyttar i Noreg. Kva dag feiringa skal finne stad varierer også frå stad til stad, alt etter kva måneobservasjonar som har blitt gjort av dei lokale, religiøse styresmaktene. I år er dei fleste einige om at høgtida fell på 15.oktober.

Nokre stader har det også vore ei vond start på feiringa. Bomber i Afghanistan og Irak har tatt liv, og i Russland vert eid-feiring vokta av vakter etter rasismehets dei siste dagane.Filippinene vakna folket til jordskjelv og meir enn 80 døydde og i Syria held krigen fram også på heilagdagen.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt