Hopp til innhold

Guvernør drepen av mikrofonbombe

Ei bombe plassert inni ein mikrofon drap guvernøren i Logarprovinsen i Afghanistan i dag. Fleire andre skal vere kritiske skadde. Også i Irak tok ei bombe menneskeliv i dag.

Afghanistan Arsallah Jamal

Guvernør i Logarprovinsen, Arsallah Jamal, vart drepen av ei mikrofonbombe i dag.

Foto: Haraz N. Ghanbari / Ap

Bomba gjekk av då guvernør Arsallah Jamal skulle halde tale under eit arrangement som markerte starten på den muslimske høgtida Eid, som tek til i dag. Jamal var ein nær samarbeidspartnar til Afghanistans president Hamid Karzai.

Ingen tok umiddelbart på seg ansvaret for angrepet, men den siste tida har Taliban gjennomført fleire angrep mot afghanske styresmakter, militære og NATO-troppar, i forsøk på å vinne terreng medan dei internasjonale styrkane trekk seg ut av Afghanistan innan 2014.

Også i Kirkuk i Nord-Irak har ei bombe gått av då muslimar var samla til eit bønnemøte i ein moské i dag. Ni vart drepne og minst 19 skadde, seier kjelder i politiet til nyheitsbyrået AFP.

SISTE NYTT

Siste nytt