Hopp til innhold

Slik blir id feira i Noreg i dag: – Det har blitt lettare å vera muslim i Noreg

I dag blir id, «fastebrytingsfesten», feira for å markere at fastetida er over. Sjå feiringa rundt om i landet.

Amalie (8) og og Haneefah (7) under Id i Haukelandshallen i Bergen. Over 2000 møtte opp til bønn.

Amalie (8) og Haneefah (7) under Id i Haukelandshallen i Bergen.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

– Det er kjempegøy å vere her i dag, seier Amalie (8).

Ho er ein av rundt 2000 menneske som var samla i Haukelandshallen i Bergen, den siste dagen i Ramadan for id-feiring.

Under bønn stod kvinnene på ei side, og mennene på den andre.

Over 2000 personar var samla for id-feiring i Haukelandshallen i Bergen.

Over 2000 personar var samla for id-feiring i Haukelandshallen i Bergen.

Foto: Mariann Reikerås / Mariann Reikerås
Å male hender med henna kan vere pynt til id.

Å male hender med henna kan vere pynt til id.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

– Kva er gøy?

– Å be. Eg har fått godteri, det er ingen gelatin i, for me toler ikkje gelatin, seier Amalie.

Ho forklarer at ho har tatt på seg finklede. Ho vil ikkje ete godteriet med ein gong, men vil heller spare det til ho skal heim til ein ven.

– For på id så besøker me folk, seier Amalie.

Send inn di id-helsing til NRK her.

Sajjid Younas, leiar i organisasjonen Pakistansk velferd Bergen, under id-feiringa.

Sajjid Younas har ein hard tørn med å servera pitabrød til over 100 norsk-pakistanarar på id-festen i Festerhuset i Kjøkkelvik.

Foto: John Inge Johansen / NRK

– Lettare å vera muslim

På forsamlingslokalet Festerhuset i Kjøkkelvik i Bergen er Sajjid Younas fullt opptatt med å laga til pitabrød.

Denne dagen er over 100 av dei rundt 250 pakistanarane i Bergen samla til feiring her

Younas er leiar for organisasjonen Pakistansk velferd Bergen. Han har budd i Noreg i 29 år.

– På desse åra har eg merka at det har blitt lettare å vera muslim i Noreg.

Dei vaksne barna hans er tredje generasjon norsk-pakistanarar, fødde og oppvaksne i Noreg.

– Dei er kulturelt norske i hovudet, men religiøst muslimar. Det gjer det nok lettare for mange å leva her.

Han nemner også at eit hyggeleg teikn er at ramadanlys og pynt seljast i mange vanlege butikkar.

– Ramadan og id får mykje større fokus i det norske samfunnet enn for nokre år sidan, seier Younas.

– Først og fremst barna sin dag

I Oslo er det sett inn ekstra sikkerheitstiltak etter truslar, men det stoppar likevel ikkje feiringa. Naboar i Oslo slår ring rundt moskeane. I år har også Oslo blitt Ramadan-pynta for første gong.

Det er i overkant av 1200 menneske samla i Ahmadiyya-moskéen på Furuset i Oslo.

Naghman Anwar i Ahmadiyya-moskeen på Furuset i Oslo for feiring av id

– Eg synest dette er ein lykkeleg dag, for alle muslimar, og spesielt dei heldige muslimane som har moglegheit til å feire denne dagen, seier Naghman Anwar. Han er i moskéen på Furuset i Oslo.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK
Usama Rana i Ahmadiyya-moskeen på Furuset i Oslo for feiring av id

– Utover dagen handlar det mest om å samle seg med familien og kunne ha id med dei, og å ete god mat saman, seier Usama Rama.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK
Talha Khan i Ahmadiyya-moskeen på Furuset i Oslo for feiring av id

– Det er sjølvsagt veldig stort, etter ein lang månad. Det har vore 30 dagar med faste, og no er det endeleg id, så det ser jo alle fram til. Det er ein stor dag, seier Talha Khan.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK
Imam Musawer Ahmed Shahid i Ahmadiyya-moskeen på Furuset i Oslo.

Imam Musawer Ahmed Shahid i Ahmadiyya-moskéen på Furuset i Oslo.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Id er først og fremst barna sin dag, understrekar imam Musawer Ahmed Shahid. Det er ein dag prega av god mat, gåver og festpynta familiar.

– Nesten som på julaftan. Mange reiser også til gravlunden, seier han.

Det er mange måtar å feire på. Nokon spelar spel saman, andre drar på byen. Dei fleste samlar seg med familien til god mat og feiring.

Men me må også hugse Gud og menneskerettane når vi feirar, seier imamen.

Id er også ein dag for refleksjon. Etter frukost drar dei fleste i bønn.

Muslimar har gått gjennom ein treningsperiode under ramadan. Dette for å bli eit betre menneske, komme nærmare sin Gud. Det er det vi feirar i dag, seier imamen.

Bønn i moské på Furuseth i Oslo under id.

Bønn i Amahdiyya-moskeen på Furuset i Oslo under id.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK
Bønn i Amahdiyya-moskeen på Furuset i Oslo under id.

Over 1500 menneske samla i Amahdiyya-moskéen på Furuset i Oslo.

Foto: Zhilwan Manbari / NRK
Bønn under id på furuset i Oslo

Bønn er ein viktig del av id-feiringa.

Foto: Zhilwan Manbari / NRK

Les også Økt beredskap under id - men feiringa går som normalt i Oslo

Vakthold utenfor Ahmadiyya-moskeen på Furuset i Oslo

Gåver og mat

– Eg gler meg veldig til å få gåver og ete god mat, seier Nour Alhmmud (12).

Nour Alhmmud er på id-fest i eit fullt lokale på Moa i Ålesund.

Nour Alhmmud er på id-fest i eit fullt lokale på Moa i Ålesund.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Han er ein av dei rundt 500 som hadde møtt opp for å delta på feiringa på Moa i Ålesund.

12-åringen synest arrangementet som Ålesund moské har stelt i stand er kjempegøy. Det er han ikkje aleine om.

– Det er kjempekjekt å feire id-fest med slekt og vener, seier Shaima Abdi (7) som også feirar på Moa.

Shaima Abdi på id-festen på Moa i Ålesund

Shaima Abdi (7) har fått ny kjole og ho har gleda seg skikkeleg lenge til id-feiringa i Ålesund.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Josef Benchi er prosjektkoordinator i Ålesund Moské og seier feiringa går over all forventning.

Josef Benchi, prosjektkoordinator Ålesund Moské.

Josef Benchi er prosjektkoordinator i Ålesund Moské og fortel at dei starta feiringa med å be ein id-bønn og feiringa er dedikert til barna.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

– No har vi sett i gang aktivitetar for barn og unge, og når vi er ferdige med desse så drar alle familiane heim til seg og held fram festen der. Då får barna opne gåvene sine og vi får byrje og ete igjen etter ramadan.

Benchi seier at årets faste har vore full av kjensler.

– Ein ting er å avstå frå mat. Vi lærer oss tolmod. Men så er det mykje som skjer i verda no. Blant anna konflikten i Palestina. Vi feirar i dag, absolutt, men våre tankar er hos folket i Gaza og Palestina. Vi har bedd kvar einaste dag om å få slutt på denne krigen.

Å bryte fasta med dadlar ein profetisk tradisjon, og mellom anna på Krone Frukt i Hønefoss har over 900 kilo dadlar blitt selde.

Les også Seks ting du bør vite om id

En bildekombo bestående av mange ulike matretter som muslimer spiser til høytiden eid.

– Ein av dei største samlingane

I Østfoldhallen i Fredrikstad har over 1500 kvinner, menn og barn møtt opp for å feire. Nytt i år er at to moskéar i Østfold har samarbeida om treffet.

Tariq Alsagoff på feiring av id i Østfoldhallen i Fredrikstad. Han er daglig leder i Dialogforum Østfold.

Tariq Alsagoff på feiring av id i Østfoldhallen i Fredrikstad. Han er dagleg leiar i Dialogforum Østfold.

Foto: Christian Nygaard-Monsen / NRK

– Eg trur dette er ein av dei største samlingane i Østfold. Det er ikkje berre folk frå Fredrikstad her, men også besøkande frå andre byar som ikkje har dei same moglegheitene, seier Tariq Alsagoff.

Han er dagleg leiar i Dialogforum Østfold og seier sjølve fasta har gått veldig fint i år.

– Fordi dagane er blitt kortare i forhold til når me plar ha det på sommartid. Etter feiringa her trekk folk til sitt for å feire heime, og her er alle velkomen, seier Alsagoff.

Id-feiringa i Fredrikstad. Her blir det servert mat og godteri i Østfoldhallen til dei over 1500 menneska som møtte opp.

Her blir det servert mat og godteri i Østfoldhallen til dei over 1500 menneska som møtte opp.

Foto: Christian Nygaard-Monsen / NRK

På Tynset i Innlandet var over 100 personar samla til id-feiring. Der starta det med bønn klokka ni, og deretter var det tid for første ordinære måltid etter ein månad med faste.

Id-feiring Tynset

Id-feiringa på Tynset.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

I Stavanger var over 1500 personar samla i Stavanger Forum for bønn og feiring.

Fellesbønn og feiring av id i Stavanger Forum onsdag 10. april.

Mellom 1500 og 2000 muslimar var i dag samla i Stavanger for fellesbønn.

Foto: Erik Waage / NRK
Fellesbønn og feiring av id i Stavanger Forum onsdag 10. april.

Samlinga i og feringa her gjekk føre seg i Stavanger Forum.

Foto: Erik Waage / NRK
Fellesbønn og feiring av id i Stavanger Forum onsdag 10. april.

Å be under id er viktig.

Foto: Erik Waage / NRK
Fellesbønn og feiring av id i Stavanger Forum onsdag 10. april.

Etter bønn er det barna sin tur. Dei får gåver og godteri.

Foto: Erik Waage / NRK

I Kristiansand var rundt 3000 samla til id-bønn i Odderøya-hallen. Der var det barn og vaksne frå mange forskjellige moskéar og bydelar. Nokre barn skulle på leikeland etter bønn og dei fleste skulle feire med familien.

I Kristiandsand blei id feira med marsipankake.

I Kristiansand blei id feira med marsipankake.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Les også Butikkene fyller hyllene med kort, gaveposer og pynt til id-feiringen

Id-feiring

Tilreisande til feiring i Tromsø

– Me kom for ikkje så lenge sidan, så til no har me berre fått prøvd hoppeslottet, seier Norah, med vesle Israh på armen.

Jenter på id-feiring i Tromsø.

Desse jentene har gledd seg til Id-feiringa i Fløyahallen i Tromsø.

Foto: Linnea Berg Thorkildsen / NRK

Norah, Israh og Selma har pynta seg saman heime i Tromsø. Dei er samde om kva høgdepunktet med festdagen er:

– Me gler oss mest til å vere saman med familie, og kose oss med god mat, seier Norah.

– Og til å ete kake, skyt Selma inn.

Johanne og Wilma er einige.

Det er venta at rundt 1000 menneske deltar på festen i Tromsø. Det kjem også tilreisande frå områda rundt byen.

– Det finst mange som er einsame, og det er ei fint høve for dei å kome hit og føle at dei faktisk har brør og søstrer som er her for dei, seier Nadia Kofoed Hakmi frå Alnor Senter i Tromsø.

Nadia Kofoed Hakmi på id-feiring i Tromsø

Nadia Kofoed Hakmi på id-feiring i Tromsø.

Foto: Linnea Berg Thorkildsen / NRK

Arresterte person

Elles var rundt 1700 personar samla til i id-bønn i inne i Fritidsparken i Skien. Den skjedde i to puljar fordi det var så mange personar som var samla.

Innsatsleiar Ståle Fuglaas i politiet fortel at dei arresterte ein mann utanfor bygget der id-bønna var.

Mannen skal ha verka truande og hatt med seg noko som kunne sjå ut som eit våpen.

Les også QUIZ: Kan muslimer ha sex under ramadan?

Jrp-bAmYg6w