Hopp til innhold

Russland gir WhatsApp og Snapchat bøter

Snapchat, WhatsApp og Tinder er pålagt bøter av russiske styresmakter. Grunnen er at dei skal ha nekta å lagre informasjon om russiske brukarar på databasar i landet.

Logoen til Whatsapp på ein mobiltelefon.

Logoen til WhatsApp på ein mobiltelefon.

Foto: AFP

Bota til kommunikasjonsplattforma WhatsApp er på 18 millionar rublar, melder Reuters. Det svarar til om lag 2,9 millionar norske kroner.

Snapchat har fått ei bot på 1 million rublar, som er i overkant av 161.000 norske kroner.

Det russiske nyheitsbyrået RIA melder at Russland og bøtelegg datingappen Tinder med 2 millioner rublar, skriv Reuters.

Summen svarar til over 323.000 norske kroner.

Ifølge russisk lov må utanlandske selskap som samlar inn data om russiske statsborgarar oppbevare informasjonen på russiske databasar, skriv NTB.

Snapchat, Tinder og Meta som eig WhatsApp, har så langt ikkje kommentert bøtene, skriv Reuters.

Vil kontrollere informasjonen

Russiske styresmakter og vestlege teknologiselskap har vore i klinsj i lengre tid, noko som har teke seg opp etter at Russland invaderte Ukraina 24. februar.

Etter at krigen starta har Russland blant anna innført restriksjonar på Instagram og Facebook, som og er eigde av Whatsapp-eigar Meta.

I mars blei Meta også skulda for å drive ekstremistisk aktivitet i Russland. Dei anka avgjerda, men anken blei avvist.

Les også Russiske journalister: – Krigen er upopulær blant mange russere

Roman Dobrokhotov i Moskva i juli 2021.

Målet til Russland med å legge restriksjonar på teknologiselskapa skal vere å ta større kontroll på informasjonsflyten på nett.

– Først og fremst er dette ein del av ein større trend der Russland ønskjer meir kontroll over teknologiselskapa og mediebedriftene som opererer i landet, seier teknologijournalist i NRK Beta, Martin Gundersen.

Symbolske summar for dei store selskapa

– Dette er ikkje bøter som svir på selskapa, men det legg press på selskapa og dei må stå i juridiske konfliktar med russiske styresmakter over tid, seier Gundersen om storleiken på bøtene.

Bøtelegginga viser korleis lovene som Russland har innført, med krav om at selskap skal ha kontor med tilsette i Russland eller lagre brukardata i landet, gjer det vanskelegare å operere i landet, forklarar han.

– Eg trur det vil vere eit større problem for mindre selskap med mindre juridiske musklar, og som kanskje er mindre tilbøyelege til å betale fleire millionar for å ikkje følgje russiske lovar, seier Gundersen.

Martin Gundersen er journalist i NRKbeta.

Martin Gundersen er journalist i NRKbeta.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

Vil ha meir kontroll over det offentlege ordskiftet

Kva veit vi om kva dei russiske styresmaktene vil bruke denne informasjonen til?

– Det er to ting. Det eine er at dei vil hindre at selskapa overføre data om innbyggarane deira til fiendtlege land.

Det andre er å få meir kontroll over data frå dei sosiale media sjølve.

– Russiske styresmakter har over fleire år blitt meir autoritære og overvakar og kontrollerer mykje meir av det offentlege ordskiftet der internasjonale teknologi og medieselskap spelar ein viktig rolle, seier Gundersen.

– Fleire selskap blei utestengt i vår i etterkant av den russiske invasjonen av Ukraina. Vil det same skje med WhatsApp og Snapchat?

– Det er vanskeleg å spå kva som vil skje framover. Det har ikkje vore nye teikn på at fleire selskap vil bli fjerna. Telegram fungerer framleis i Russland. Det er kanskje mindre truleg at dei meir meldingsbaserte tenestene WhatsApp og Snapchat vil bli blokkerte.

Tenestene som vart blokkerte i vår var dei store fellestenestene Instagram, Facebook og Twitter.

– Det er nok noko høgare terskel for å blokkere meldingstenestene Snapchat og WhatsApp, men det er ikkje utenkeleg at det skjer med dei og, seier Gundersen.

Les også Russiske rapparar protesterer mot Putin

Ivan Dryomin

SISTE NYTT

Siste nytt