Hopp til innhold

Rockeband vart straffa hardt – fekk fengselsstraff for protestsong

Bandet skreiv ein protesthymne om det omstridde presidentvalet i Belarus i 2020. Retten svarte med å sende medlemmene i fengsel.

Tor Band

STRENGE STRAFFER: Dei tre medlemmene i Tor Band vart arresterte i oktober 2022 og seinare dømde til fengsel i opp til ni år.

Foto: Spring96.org

Medlemmene i bandet Tor Band må no sone lange fengselsstraffer for ein låt dei laga i samband med valet i Belarus.

Frontfigur Dzmitry Halavach fekk ni års fengsel. Yauhen Burlo vart dømd til åtte år og Andrei Yaremchyk fekk sju og eit halvt års fengsel.

– Når styresmaktene arresterer ein kulturpersonlegdom, ønskjer dei å sende ei melding til dei som enno ikkje har uttrykt lojaliteten sin til regimet, seier Pavel Sapelka frå Vjasna til BBC.

Hundretusener demonstrerte i 2020 mot president Aleksandr Lukasjenko, som meinte at han hadde vunne valet med over 80 prosent av stemmene.

President i Hviterussland Aleksander Lukasjenko

President i Belarus, Aleksandr Lukasjenko, har sittet med makten i landet siden 1994.

Foto: Sergei Shelega / AP

Demonstrantane meinte likevel at Lukasjenko hadde stole valet, og kravde at han måtte gå av.

Det var i denne opprivande perioden at rockebandet Tor Band engasjerte seg med å skrive ein song om opprøret.

Teksten nemner ikkje Lukasjenko, men han fanga tidsånda og raseriet mange demonstrantar kjende då.

Les også Lukasjenko ber hæren slå ned revolusjonsforsøk

Den hviterussiske lederen Aleksandr Lukasjenko ber hæren ta i bruk strenge midler for å slå ned opprøret i landet

Tiltalt for ekstremisme og ha fornærma presidenten

Det enkle, men patriotiske bodskapen i songen fall likevel Lukasjenko og regimet tungt for brystet. Bandmedlemmene vart arresterte i oktober 2022.

Musikarane vart tiltalte for ekstremisme og ha fornærma president Lukasjenko.

– Dei vart skulda for å vere ei ekstremistisk gruppe på bakgrunn av tekstane i songane sine. Dei som har høyrt desse songane veit at dei ikkje oppmodar til vald eller oppmodar til hat, seier Pavel Sapelka.

Tor Band

Bandet lid same lagnad som mange andre kulturutøvarar i Belarus, ifølgje PEN.

Foto: Promo

– Lukasjenkos regime viser si frykt

Dette er noko av teksten i melodien, i omsett versjon:

«Vi er ikkje kveg... og feigingar».

«Vi er ein levande nasjon, vi er belarusarar...»

«Med håp i våre hjarte, held vi stø kurs med banneret til fridommen over hovudet».

Opposisjonsleiar Svetlana Tikhanovskaja, som etter meininga til demonstrantane vann valet i 2020, har kommentert dommen.

– Lukasjenkos regime viser si frykt. Musikken kan stilne i domstolane, men aldri i våre hjarte, skriv ho på sosiale medium.

Les også Tøff jul for Tikhanovskaja – mannen dømt til 18 år i fengsel

Svetlana Tikhanovskaja

Fleire har vorte arresterte

Tor Band er berre dei siste i ei lang rekkje av kulturutøvarar som har vorte stoppa av styresmaktene sidan 2020.

Kunstnarar som blir rekna som illojale mot Lukasjenko-regjeringa blir ofte erstatta med utøvarar frå Russland, opplyser PEN Belarus til BBC.

Mellom januar og juni i år har det vore 925 tilfelle av menneskerettsbrot, ifølgje organisasjonen.

Tidlegare i år forlét to musikarar frå folkbandet Irdorath landet etter å ha sona to års fengsel for å ha delteke i protestane.

Kunstnaren Ales Pushkin døydde i fengsel i juli. Han sona ein fem år lang dom for å ha oppmoda til hat og «vanhelligelse av statssymbol».

Førre veke vart også songaren og TV-verten Lárisa Gribaleva arrestert, ifølgje Vjasna.

Natalia Pintsjuk foran mannen Ales Bjaljatski, en av vinnerne av Nobels fredspris for 2022.

Skrekkvelde i Belarus: Natallia Pintsjuk må hente ektemannens fredspris

Hei!

Hei, håper du likte saken. Har du tips til denne saken eller andre saker du mener jeg bør skrive om, ta kontakt!

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.