Hopp til innhold

Razzia mot Ryanair i fleire tyske byar

Tyske skattestyresmakter har i dag gjennomført samordna razziaer mot flyselskapet Ryanair sine kontor i minst fire tyske byar. Dei har aksjonert også mot private heimar som høyrer til pilotar i selskapet.

Ryanair på Rygge

Tyske skattestyresmakter har aksjonert mot Ryanair i fleire tyske byar i dag.

Foto: Lars H. Pedersen / NRK

Dette opplyser Ryanair Pilot Group (RPG), pilotorganisasjonen i selskapet. Det er teke beslag i store mengder dokument, opplyser organisasjonen i ei pressemelding.

Tyske styresmakter meiner at bemanningsselskapa til Ryanair ikkje har betalt dei skattane og avgiftene dei skulle, ifølgje meldinga.

Bemanningsselskap

Her heiter det også at fleire pilotar vart avhøyrde om kva tilsetjingsforhold dei har til Ryanair. Pilotane som vart avhøyrde flyg for Ryanair gjennom kontraktar med selskapa Brookfield Aviation og McGinley Aviation.

Over 60 prosent av pilotane i Ryanair er tilsette gjennom desse to bemanningsselskapa.

I desember i fjor gjennomførte britisk politi ein aksjon mot Brookfield Aviation sine kontor i Storbritannia, på oppdrag frå tyske styresmakter.

– Vil spare skatt

Aksjonen i Tyskland i dag ser ut til å vere ei oppfølging av undersøkingane rundt Brookfield i Storbritannia.

Ryanair Pilot Group meiner at kontraktane med Brookfield og McGinley, berre er ein måte for Ryanair å distansere seg frå ansvaret dei har som den reelle arbeidsgjevaren til desse pilotane. Målet er å få mindre skatt og sosiale utgifter, meiner RPG.

– Ryanair samarbeider

Talskvinne Arune Jaraite i Ryanair seier i ein E-post til NRK at selskapet samarbeider med tyske styresmakter med deira etterforsking av fleire pilotar på kontrakt. Dei seier at styresmaktene har stadfesta at det ikkje er Ryanair som er under etterforsking.

– Ryanair krev at alle pilotar, både dei som er direkte tilsett i Ryanair og dei som er tilsette i bemanningsselskap, til å betale skatten dei skal. Dersom tyske styresmakter treng meir hjelp frå oss, så skal dei få det, seier Jaraite.

Samstundes seier ho at ingen av Ryanair sine pilotar er medlem Ryanair Pilot Group (RPG).

– Ryanair har utpressing og trusler som sin forretningsmodell

Rygge-sjefen hudfletter regjeringen

SISTE NYTT

Siste nytt