Hopp til innhold

- SD-suksess har fostra rasisme i Malmø

Svenske aviser meiner valsuksessen til det framandfiendtlege partiet Sverigedemokraterna kan ha gjeve næring til skytinga mot innvandrarar i Malmø.

To personer skutt i Malmø

Politiet utenfor en boligblokk hvor to kvinner ble beskutt torsdag kveld. Svenske aviser spekulerer i om innvandrarkritiske Sverigedemokraterna sin triumf i Riksdagsvalet har gjeve næring til rasistisk motiverte skyteepisodar i Malmø.

Foto: Prvulovic, Drago / Scanpix

– Me er rysta alle saman. Me er redde og vågar ikkje gå ut på kveldane. Barnefamiliar torer ikkje sleppa ut borna sine, seier ein av innbyggjarane i Sveriges tredje største by til NRK.

Seinast i går blei to kvinner av utanlandsk opphav skotne på i Malmø. Svensk politi jaktar no det dei trur er ein rasistisk snikskyttar i byen som er ein av dei viktigaste skansane til det innvandrarkritiske partiet Sverigedemokraterna (SD).

Trekkjer parallellar

I dagens leiar i den svenske avisa Expressen vert det trekt parallellar mellom det kontroversielle SD sitt inntog i Riksdagen og dei mange skyteepisodane mot innvandrarar i Malmø.

«Det er absolutt tenkjeleg at framandfiendtlege haldningar, som har fått ein slags legitimitet gjennom SDs inntog i riksdagen (...), har fått ein potensiell lasermann til å gå heilt frå sans og samling», står det i avisa sin leiar-spalte.

Det vert også vist til Lasermann-saka i Stockholm på 1990-talet, der 11 personar med innvandrarbakgrunn blei utsette for attentat.

DÅ: Ny demokrati inn i Riksdagen, infisert innvandringsdebatt og Lasermannen.

NO: Sverigedemokraterna inn i riksdagen, infisert innvandringsdebatt og Lasermannen 2.

– Må stoppa innvandringa i Malmø

Av dei 300 000 innbyggjarane i Malmø, er 30 prosent fødde i utlandet. 174 nasjonalitetar er representerte og Irak er den største innvandrargruppa. Deretter kjem Danmark, Jugoslavia, Polen og Bosnia-Hercegovina.

– Malmø har store problem med segregering, kriminalitet og arbeidsløyse, som påfører kommunen store utgifter. Det første ein må gjera, er å stoppa innvandringa til Malmø, seier pressesekretær for Sverigedemokraterna i Riksdagen, Eric Myrin til Norge I DAG.

Partiet, som hadde 90 prosent redusert innvandring som ein av sine største fanesaker i oppkøyringa til Riksdagsvalet i år, gjorde stor suksess.

Står sterkt i Malmø

Totalt 330 000 svenskar stemte SD. Aller best oppslutning fekk det framandfiendltege partiet i området rundt Malmø i Skåne. Medan partiet på landsbasis fekk ei oppslutning på 5,7 prosent, fekk dei støtte frå meir enn ti prosent av veljarane i Malmø. I somme bydelar stemte ein av tre veljarar på SD.

Aftonbladets kampanje mot Sverigedemokraterna

Aftonbladet sin kampanje mot Sverigedemokraterna.

Foto: Skjermdump

”Fremmedfryktens inntog i demokratiets høyborg”, raste politisk redaktør i avisa Expressen då SD gjekk frå null til 20 mandat i Riksdagen.

Partiets innmarsj inn i den svenske nasjonalforsamlinga sendte ei bølgje av sjokk, sinne, uro over store delar av den svenske befolkninga.

Fleire har stempla SD som eit rasistisk parti med nazirøtter som ikkje høyrer heime i eit demokratisk politisk organ.

– Ikkje rasistar

Jimmie Åkesson, partileder Sverigedemokraterna

Jimmie Åkesson, partileiar Sverigedemokraterna.

Foto: Persson, Fredrik / SCANPIX

Sverigedemokraterna sjølve definerer seg som eit demokratiskisk, nasjonalistisk parti.

– Me tek fullstendig avstand frå nazisme, rasisme og andre ekstreme ideologiar, seier SD-pressesekretær Myrin til Norge I DAG.

Av all hatkriminalitet rapportert i Sverige i 2009, var 71 prosent raseorientert eller retta mot utlendingar. I tillegg er ti prosent utløyst av religiøse motiv, som blant anna islamofobi, antisemittisme eller anti-religiøse haldningar, ifølgje statistikk frå Brottsförebyggande rådet (Brå).

Ein oppsiktsvekkande stor del av hatkriminaliteten skjer i sør-Sverige, og ikkje minst i Malmø.

SISTE NYTT

Siste nytt