Hopp til innhold
Korrespondentbrev

Kondommangel i Zimbabwe bør også uroe nordmenn

Over heile Afrika blir det kutta i budsjetta til ulike hjelpeprosjekt. Nokre bistandskutt er nok heilt på sin plass, mens andre medfører store problem.

To afrikanske menn fordeler pakkar med kondomar. Dei sit inne på eit rom, med både medisinpakkar og små kondompakkar framfor seg.

Allan Chikuwa deler ut glidemiddel til Felix Mago, som deltek i arbeidet med å distribuere kondom, glidemiddel og hiv-testar til sex-arbeidarar i nærmiljøet.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Kor mange har hiv i Noreg, spør Patrick meg.

Eg innser at han spør om noko eg nesten aldri har tenkt på før, og fiskar opp mobilen for å finne svar.

Rundt 6000 personar, svarer eg.

Mennene rundt meg kikkar på kvarandre, så kikkar dei litt på meg, og deretter tilbake på kvarandre igjen. Så bryt dei ut i full latter.

6000? Men, hæ? Her har jo alle hiv, seier Patrick.

Kondomutdeling i Harare

Me har sett oss ned for å ein liten lunsjpause, etter å ha vandra rundt i ein av Harares meir slitne bydelar.

Mennene rundt lunsjbordet har nettopp delt ut kondom, glidemiddel og hiv-testar til sine kollegaer.

Tre afrikanske menn går langs en vei. De har med seg en pose.

Patrick, Allan og Felix er på veg til sex-arbeidarar med naudsynt utstyr.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Mine lunsjvener er sexarbeidarar på kveldstid, men på dagtid er dei hjelpearbeidarar og viktige brikker i kampen mot plagsame, eller direkte farlege, sjukdommar som ein kan få ved å ha sex.

Patrick sin påstand om at alle i Zimbabwe har hiv er opplagt ein spøk, men det er eit lite snev av sanning i det også, for hiv i Noreg er noko heilt anna enn hiv i Zimbabwe.

Landet har lenge vore hardt ramma av viruset. Rundt 30 prosent av folket i Zimbabwe hadde då det var på det verste.

Men etter år med hardt og godt arbeid har dei klart å snu på dette.

No er skamma rundt hiv mindre, og kunnskapen er større. Lokale krefter har jobba hardt og lenge, godt støtta av bistandspengar – ofte frå USA.

Eit par menn står i ei døråpning. Dei utvekslar nokre pakkar og utstyr, og ser på kvarandre.

Felix Mago møter ein av dei som han ofte deler ut utstyr til.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Overraskande kutt i pengestøtta

Men dette året starta med eit aldri så lite jordskjelv, for USA kom med eit dramatisk bistandskutt som har ramma verdas innsats mot det dødelege viruset.

USAs tidlegare president George W. Bush satsa i si tid på å støtte arbeidet mot hiv, noko som sannsynlegvis har redda millionar av liv. No har hans partifelle Donald Trump stansa mykje av pengestøtta til arbeidet.

En gruppe bokser på et bord

Kondom, glidemiddel og informasjon på eit bord på den vesle klinikken i utkanten av Harare.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Sjølve hiv-medisinen vart verna frå amerikanske kutt, men det meste av arbeidet rundt medisinen forsvann over natta.

Dermed når medisinen ikkje alltid fram til dei som treng den.

Dette uroar dei homofile sex-arbeidarane eg møter i Zimbabwe, og det bør også uroe nordmenn.

For om viruset ikkje møter motstand frå hiv-medisinen får det leve meir fritt i kroppane til dei smitta, og då kan resistens få utvikle seg. I så fall kan me stå overfor ein ny runde med spreiing av hiv.

Er det USA sitt ansvar?

Me har berre ti hiv-testar igjen, seier Patrick og ser nesten litt redd ut.

Me er tilbake på klinikken, og han fortel meg om konsekvensane det amerikanske kuttet har hatt.

Men er det eigentleg USA sitt ansvar at de får hiv-testar, kondom og medisin, spør eg.

Nei, er det første svaret, som raskt blir etterfølgt av eit «men».

Støtta frå USA var så stor, og kuttet skjedde så plutseleg, at det automatisk skaper store hol i arbeidet mot hiv.

Kvinne holder livreddende medisiner i hendene.

Også blant hivsmitta i Kenya er det kritisk. Her held Mary frå Nairobi nokre piller, og no må ho be om nye piller kvar andre veke. Tidlegare fekk ho medisin for fleire månader.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Og for gjengen i Zimbabwe er det slik at landet deira gjennom mange år er øydelagd av korrupte leiarar i dei fleste ledd.

Dei verkar til å ete pengar til både frukost, lunsj og middag, og altfor ofte er det lite igjen til det fellesskapets pengar faktisk skal gå til.

Dei hiv-smitta står ofte langt bak i køen, og er i stor grad avhengige av støtte utanfrå – frå givarar som klarer å halde pengane unna korrupte tenarar.

Brytningstid for bistandsbransjen?

I tillegg til USA har også ei rekke andre land kutta i bistand og naudhjelp. Det siste året har vist at nokre afrikanske land taklar dette greitt.

I Zimbabwes naboland Zambia har til og med presidenten gått ut og sagt at dei store bistandskutta er ein sjanse for afrikanske land til å stå meir på eigne bein. Liknande røyster har det vore fleire av.

Sør-Afrika, Nigeria, Kenya og Ghana er land som har betre føresetnader til å takle utfordringa kutta fører til.

Men så er det slike land som Zimbabwe, der ein ser tydeleg kor avhengig svake grupper i samfunnet er av støtte frå utlandet.

Heile situasjonen tvinger fram eit spørsmål om kor berekraftig det eigentleg er at grunnleggande samfunnstenester i ein del afrikanske land har blitt avhengige av pengeoverføringar frå land veldig langt unna.

Bistandsbransjen er kanskje akkurat no inne i ei tid som vil endre den for alltid. Dei massive kutta tvinger fram endringar. Kanskje er det ikkje nødvendigvis berre ein dum ting.

Krise i fleire flyktningleirar

Nokre vil nok hevde det er på høg tid at fleire land i Afrika mottek mindre bistand, og at leiarane oftare blir stilte til ansvar for å tilby folket sitt helsetenester, skulegang og drikkevatn.

I andre afrikanske land er situasjonen annleis, og leiarskapet kan anten vere så svakt, korrupt eller egoistisk, at bistandskutt ikkje blir erstatta. Då vil ofte dei svakaste av dei svake måtte betale prisen for kutta.

Og ein del afrikanske land er vertskap for så mange flyktningar frå nabolanda at dei treng hjelp for å takle byrda det skaper. Men også her ser ein nedgang i pengehjelpa utanfrå.

Les også Stadig fleire flyktningkriser i stadig større pengeknipe

Nema Grace gir snacks til borna sine, men ho har stadig mindre mat å dele ut på grunn av kutt i mathjep til flyktningar.

Det siste året har eg besøkt flyktningleirar kor det har vore store demonstrasjonar fordi matrasjonar er kutta til eit minimum.

Eg har møtt jenter som har mista tilgang på bind og tampongar, og difor må halde seg heime frå skulen. Og eg har høyrt rykte om barn som må selje kroppen sin for å skaffe familien ei inntekt.

Verdas Matvareprogram er blant dei som kuttar i matrasjonar til store barnefamiliar som knapt har mat igjen til eit måltid per dag.

Dei har få andre å vende seg til når det er pengemangel i det humanitære systemet som er bygd opp etter andre verdskrig for å hjelpe folk i naud.

Ny hivmedisin skaper håp

Og no sit eg altså med denne gjengen rundt lunsjbordet i Harare, der fleire er redde for det som skal komme. Dei lever allereie i strid mot landets lovar berre fordi dei har sex med andre menn, og i tillegg er dei gruppa som er klart mest utsette for hiv-smitte.

Det finst også gode nyheiter, for samtidig som det kjem omfattande kutt til arbeidet med prevensjon og seksualopplysing, så kjem også ein ny hiv-medisin snart på marknaden. Lenacapavir kan bli løysinga på mange av problema som har oppstått.

Og den ekstra gode nyheita for gjengen i Harare er at Zimbabwe er plukka ut som eit av dei første landa der denne medisinen skal bli rulla ut.

Ein farmasøyt held eit lite glas med lenacapavir

To dosar lenacapavir i året skal vere nok til å stanse hivviruset frå å utvikle aids.

Foto: AP

Så kanskje vil dette med hiv ordne seg. Men det alvorlege draget over ansiktet er der likevel.

For det å nedkjempe hiv treng også innsats på andre plan. Og andre seksuelt overførbare sjukdommar vil spreie seg fort når dei ikkje har fleire kondom å dele ut. Og om glidemiddel går tomt, så vil andre ting takast i bruk. Og det kan skade tarmen.

Som vanleg er det store biletet ganske så komplisert. Noko er negativt. Noko anna er positivt. Men for mange av menneska eg møter er vegen frå kvardag til katastrofe ofte ganske kort.

Bufferen som kan skape tryggleik er sjeldan der, og om du først er avhengig av bistand er du sjeldan i ein posisjon der du har makt over verken politikk eller pengar.

Det blir nok turbulent ei god tid framover, også for sex-arbeidarane i Harare.

I mellomtida har ikkje lunsjkameratane mine tenkt å slutte med det dei driv på med. Verken nattskiftet, eller det livsviktige dagsarbeidet.

SISTE NYTT

Siste meldinger