Hopp til innhold

Rapport: Berre Stalin har arrestert fleire enn Putin

Nettstaden The Project har undersøkt undertrykking i Russland. – I omfang har Putin overgått alle sovjetiske leiarar, utanom Josef Stalin.

Vladimir Putin

Vladimir Putin har vore president i Russland sidan 2012. Før det var han president fra 2000 til 2008.

Foto: STANISLAV FILIPPOV / AFP

Under Vladimir Putin si fjerde presidentperiode vart 116.000 menneske utsett for undertrykking.

Det skriv russiske The Project, ei gravegruppe som driv undersøkjande journalistikk.

– Det er trist, men dessverre ikkje overraskande, seier Petr Vasilev som er styremedlem SmåRådina.

Ifølgje han er metodar frå det sovjetiske regimet på veg tilbake.

– Til dømes blei menneske erklært sinnssjuke og bura inne. Det blir i dag også brukt mot politiske fangar, som middel for å halde dei innelåste i det uendelege.

Petr Vasilev i SmåRådina

Petr Vasilev i SmåRådina.

Foto: Simon Pugh Photography

Tysdag blei Oleg Orlov, ein av mennene bak menneskerettsorganisasjonen Memorial, dømd til fengselsstraff for kritikk av Putin og regimet hans.

Les også Russisk menneske­retts­aktivist dømt til 2,5 års fengsel

Oleg Orlov

Nesten ingen blir frifunne

Journalistane har henta informasjon frå domstolar i landet, og har sett på straffesaker og lovbrot frå 2018 til 2023.

  • På desse seks åra fekk domstolane nesten 600.000 saker som handla om vald mot eller krenking av styresmakter, og «insubordinasjon».
  • Meir enn 50.000 menneske vart utsett for undertrykking på grunn av ord og meiningar.
  • 4.500 militærfolk vart stilt for retten etter at det vart innført nye reglar som følgje av krigen.

Talet på frifinningar i Russland er under 1 prosent, ifølgje nettstaden.

NRK har forsøkt å kontakte den russiske ambassaden i Noreg, men har ikkje fått svar.

Trur Putin er redd

Inna Sangadzhieva er avdelingssjef for Europa og Sentral-Asia i Helsingforskomiteen.

Ho vaks sjølv opp i den russiske republikken Kalmykia, og har sett parallellane til Sovjetunionen. Ho trur Putin er redd.

– Putin sitt regime er redde for samfunnet og dei som er klare for å delta i politikken. Navalnyj er eit eksempel på kor mykje eit menneske kan gjere aleine.

Inna Sangadzhieva i Den norske helsingforskomiteen

Inna Sangadzhieva i Den norske Helsingforskomiteen.

Foto: Den norske helsingforskomiteen

Ho vart likevel overraska over tala.

Dette er høge tal. Det seier noko om kor mykje protest som ligg i samfunnet, og kor mange som kjempar for rettane sine.

Men ikkje alle som bryt lova er klare over det.

– Brukar du til dømes øyredobbar med regnbogefargar er du plutseleg ekstremist, seier ho.

Les også Russland klassifiserer LHBT+ som «ekstremister»

SgIvhk3dCsw

Stalin toppar statistikken

Berre ein ting er klart, skriv The Project.

I omfang av undertrykking har Putin lenge overgått nesten alle sovjetiske leiarar, utanom ein - Josef Stalin.

Han var ein av Sovjetunionen sine fremste leiarar, og sende mange hundre tusen i fengsel eller konsentrasjonsleir berre frå 1937–1938.

Gulagsystemet var på sitt største i 1953, skal det ha eksistert 146 arbeidsleirar i Sovjetunionen. Talet på fangar i leiarar og koloniar vaks til omkring 2,5 millionar.

Josef Stalin, Sovjetunionens leder fra 1924 til 1953.

Josef Stalin leia Sovjetunionen frå 1924 til 1953.

Endar i sjølvsensur

Putin har dei siste åra innført fleire titals lover som legg band på ytringsfridomen.

Dei som ytrar usemje, kan bli utviste frå universitet og tvungne ut av landet. Nektar ein å reise, må ein offentleg seie unnskyld og sverje truskap til styresmaktene.

Ifølgje gravegruppa er det umogleg å vite kor mange som har blitt utsett for slik undertrykking.

– Dersom det finnast statistikk, er den godt gøymd hos politiet, skriv dei.

Vasilev i SmåRådina seier folk ikkje lenger tør å dele meiningar og tankar.

– Folk er redde for korleis det vil slå tilbake på dei. Dei sensurerer seg sjølve, og det minner også veldig om Sovjetunionen. Folket blir paralyserte.

protest i St. Petersburg, 2021

Politiet arresterer ein mann under ein demonstrasjon i St. Petersburg i 2021. Demonstrasjonen var til støtte for opposisjonsleiar Alexej Navalnyj.

Foto: Olga MALTSEVA / AFP

Nekta å gå i krigen

Då krigen mot Ukraina braut ut, aksjonerte styresmaktene mot dei som nekta å kjempe for Russland. Sidan 2022 har straffa for ikkje å etterkome ei ordre blitt kraftig skjerpa.

Meir enn 13.000 menneske vart stilt for retten, 4.500 av dei var militærfolk.

Nettstaden skriv at det truleg er store mørketal, fordi Putin og regjeringa brukar eit breitt spekter av teknikkar for å utøve makt – som bøter, trakassering, spionasje.

Nyleg vart den russiske opposisjonspolitikaren Aleksej Navalnyj funnen død i fengsel. Støttespelarane hans hevdar at han vart drepen.

Statsminister Jonas Gahr Støre tente onsdag kveld lys foran bildet av Aleksej Navalnyj i Kirkenes. 

Statsminister Jonas Gahr Støre tente lys framfor bildet av Aleksej Navalnyj i Kirkenes.

Foto: Sebastian Faugstad / NRK

Pandemi-straff

Koronapandemien i 2020 gav også nye reglar, og nye brot på reglar.

Frå april 2022 til slutten av april 2023 vart rundt 159.000 personar i Russland straffa på grunn av saker knytt til pandemien.

Dei russiske forbrukarmaktene (Rospotrebnadzor), politiet og domstolane heldt fram med å straffe russarar for brot på karantenereglar fram til i fjor sommar.

Vasilev i SmåRådina trur ikkje situasjonen blir betre i åra som kjem. Sangadzhieva er meir positiv.

– Det kan ta tid, men eg har eit håp om at situasjonen blir annleis og at Russland klarer å bli eit demokrati. Andre land i Sovjetunionen har klart det før dei, men dette er den tøffaste kampen.

SISTE NYTT

Siste nytt