Hopp til innhold

Russisk menneske­retts­aktivist dømt til 2,5 års fengsel

Mangeårig Memorial-leiar Oleg Orlov er dømt til to og eit halvt år i fengsel. Mellom anna har han kritisert Russland sine væpna styrkar.

Oleg Orlov

Oleg Orlov er dømd til fengselsstraff etter at han kritiserte Putin sitt regime.

Foto: AP

70 år gamle Orlov er ein av leiarane i Memorial, den no forbodne menneskeretts-organisasjonen som blei tildelt Nobels fredspris i 2022.

Saka mot han starta same år, då han skreiv ein artikkel der han kritiserte Russland for å ha sokke ned i fascisme under president Vladimir Putin.

Orlov stod tiltalt for å ha krenka Russland sine væpna styrkar, ifylgje Memorial.

– Eg angrar ingenting, sa Orlov med skjelvande stemme i forkant av dommen, ifylgje nyheitsbyrået AFP.

Uthald har vore eit kjennemerke for den framståande aktivisten. Han har tala regimet midt imot sidan sovjetiske styrkar gjekk inn i Afghanistan for meir enn 40 år sidan.

– Å innrømme skuld framfor dommarane? Det ville vore å nekte for heile livsgjerninga mi, sa Orlov.

Les også Kvifor døyr fiendane til Putin?

SuIlBQUDgqo

Strengare straff

I retten måndag fordømte Orlov russiske styresmakter for undertrykkinga av politiske meiningsmotstandarar. Han peika mellom anna på Aleksej Navalnyj sin død og krigføringa i Ukraina.

Påtalemakta bad i rettssaka som gjekk i Moskva om ei fengselsstraff på to år og elleve månader, ifylgje Reuters.

Les også Memorial: – Nobels fredspris er ingen tryggingsgaranti

Memorial holder pressekonferanse

Han fekk til slutt ein dom på to og eit halvt år. Straffa er likevel strengare enn den han fekk i oktober i fjor. Straffa skal sonast i arbeidskoloni.

Då meinte retten at han skulle betale ei bot på 150.000 rublar (dryge 17.000 kroner). Den skal han ha fått for å ha «diskreditert dei væpna styrkane gjentatte gonger».

Påtalemakta meinte straffa var for mild og anka.

I grunngjevinga for fengselsstraffa blir det vist til at «motivet er ideologisk fiendlegsinn og hat» mot den russiske staten.

– Totalitarisme

Aktivisten har i over to tiår vore ein av leiarane for Memorial, som vann ein del av Nobels fredspris i 2022, eitt år etter at organisasjonen blei forboden og oppløyst i Russland.

Oleg Orlov i rettssalen tysdag

Menneskerettsaktivisten Olev Orlov med handjern i rettssalen etter han har blitt dømd til to og eit halvt års fengsel.

Foto: ALEXANDER NEMENOV / AFP

Russland har intensivert ei langvarig undertrykking av all form for politisk usemje som avvik frå linja til regjeringa, i det Moskva kallar sin «spesielle militære operasjon» i Ukraina.

– Russland går bakover. Vi forlét det kommunistiske totalitære styret, men har no returnert til ei anna form for totalitarisme. Eg kallar det fascisme, sa Orlov til Reuters i eit intervju i Moskva i fjor.

SISTE NYTT

Siste nytt

Fleire medium om FN-gransking: Ingen bevis frå Israel på at UNRWA-tilsette er kopla til terror

Den israelske regjeringa hevdar at 12 personar i FN-organisasjonen for palestinske flyktningar (UNRWA) var involverte i Hamas-angrepet. Udokumenterte påstandar, seier ein uavhengig granskingskomité.