Hopp til innhold

Qatar revurderer eiga rolle som meklar mellom Israel og Hamas

«Landet som snakkar med alle» var viktige i å få på plass ei våpenkvile i fjor. No revurderer dei si rolle som meklar.

al-thani

Mohammed bin Abdulrahman al-Thani er usikker på om Qatar er skikka til å vere meklar mellom Hamas og Israel.

Foto: Karim Jaafar / AFP

Mennesker drept siden 7. oktober 2023

Palestina
34.535
Siste uke:
352
Israel
1460
Sist oppdatert: 30.4.24

Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter

Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallet for antall drepte i Palestina er tall for Gaza. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. Ifølge tall som ble publisert 3. april av israelske myndigheter, har 260 israelske soldater blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.

USA, Qatar og Egypt er meklarar i våpenkvileforhandlingane mellom Israel og Hamas.

«Landet som snakkar med alle» har vore ein naturleg meklar. At dei har halde ein open kanal til Hamas, blei prisgitt med ei våpenkvile mellom partane i november.

Men no er statsminister i Qatar, Mohammed bin Abdulrahman al-Thani, usikker på om landet er skikka til rolla. Det melder nyheitsbyrået Reuters.

Kritikk frå amerikansk hald

Måndag, nokre dagar før Qatar seier at dei vil revurdere rolla si, blei dei kritisert frå amerikansk hald.

Demokrat og kongressmedlem Steny Hoyer meiner Qatar må legge meir press på Hamas i forhandlingane.

Hoyer vil at Qatar truar Hamas med å kutte finansiering, og nekte leiarane tilflukt i landet.

«Dersom Qatar ikkje klarer å bruke eit slikt press, må USA revurdere sitt forhold til Qatar», skriv Hoyer i ei fråsegn.

USA er sjølv hovudleverandør av våpen til Israel.

Les også Qatars spill med de mektige

– Det finst grenser

Al-Thani meiner no at Qatar blir misbrukt av politikarar i forhandlingane, til gunst for eigne politiske interesse. Han utdjupar derimot ikkje kven fråsegna sikter til.

– Dette har ført til at Qatar må gjere ei fullstendig revurdering av si rolle, og vi er no i denne fasa, seier al-Thani.

– Vi er forplikta overfor vår rolle frå ein humanitær ståstad, men det finst grenser.

Qatar utanriksminister al-Thani tar Espen Barth eide i handa. Dei smiler og ser i kamera. Al-Thani har på blå dress og solbriller.

Statsminister og utanriksminister i Qatar, Mohammed bin Abdulrahman al-Thani, var i Noreg i desember for å diskutere krigen på Gazastripa.

Foto: Killian Munch / Kilian Munch

Viktig diplomatisk aktør

Landet har eit godt forhold til «alle», og har i lang tid vore ein viktig diplomatisk aktør. Dei var viktige i å få på plass ein fredsavtale i Sudan i 2011 og mellom USA og Taliban i 2020.

USA, som er Israels næraste allierte, har sin største militærbase i regionen utanfor Qatars hovudstad, al-Udeid.

Og ikkje langt unna har Hamas sitt politiske kontor. Fleire Hamas-toppar bur i landet, mellom anna den politiske leiaren Ismail Haniyeh.

Qatar har generelt eit godt forhold til Vesten, i tillegg til å snakke grupper og land som Vesten ikkje snakkar med.

Men å vere venn med alle, må balanserast med ein knivsegg.

Trass i jamlege møter i Doha, har ikkje våpenkvileforhandlingane dei siste månadane ført fram.

Hzq5rT29nCU

Slik jobber Qatar i kulissene for ny våpenhvile

SISTE NYTT

Siste nytt

Flere videoer i sosiale medier viser samme hendelse, som alle samsvarer med beskrivelsen av hendelsen, våpenet og området det skjedde. Videoen er verifisert av bl.a. BBC.

Britisk politi: Ein død etter angrep med stikkvåpen i London

Ein 14 år gammal gut døydde etter sverdangrepet i London. Det opplyser britisk politi.

Disse videoen fra Twitter skal vise stormingen av Hamilton Hall

Gaza-demonstrasjon i USA: Har barrikadert universitetsbygg på Columbia

New York-universiteta Cornell og Columbia har byrja å straffe studentane sine for teltleirane ved campus. På det siste svarte studentane med barrikadar.