Hopp til innhold

Putin sender soldatar til den finske grensa: – Han har bygd opp ei forteljing

At Putin sender soldater til den finske grensa, var forventa. Russland-ekspert meiner det også heng i hop med at presidentvalet nærmar seg.

putin retter på uniforma til ein sodlat

TIL GRENSA: Putin er klar for å sende russiske soldatar til den finske grensa. Biletet er frå 2022.

Foto: Mikhail Klimentyev / AP

– Han har bygd opp ei forteljing om at Nato prøver å omringe og nedkjempe Russland, og at han er Russlands redningsmann som skal motstå offensiven frå vest.

Det seier Julie Wilhelmsen, Russland-forskar ved Nupi.

julie wilhelmsen ser i kamera

Ifølge Nupi-forskar Julie Wilhelmsen må vi forvente meir russisk tilvære i nord.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Då må han sjølvsagt «levere» ved å bygge opp militært, spesielt i forkant av presidentvalet, seier Wilhelmsen.

Ho seier at det heile var forventa, men kallar det likevel ei eskalering i konflikten.

Sender våpen og soldatar

Torsdag blei Sverige formelt Nato-medlem, 11 månader etter Finland. Generalsekretær Jens Stoltenberg meiner at dei to landa gjer alliansen sterkare og tryggare.

Russlands president Vladimir Putin kallar det derimot for eit «meiningslaust steg», i eit intervju med det statlege nyheitsbyrået Ria onsdag.

I same intervju annonserer han at Russland derfor vil sende soldatar og våpen til den finske grensa.

– Vi hadde ikkje styrkar der, no vil det bli det. Det var ingen våpensystem der, no vil det bli det.

Ikkje nødvendig

Heller ikkje Nupi-forskar Karsten Friis er overraska over at Russland sender soldatar og våpen til grensa, men legg til at det ikkje er noko som eigentleg er nødvendig. Nato er trass alt ein forsvarsallianse, seier han.

– Det interessante blir å sjå kva konkret dei vil gjere. Kva slags våpensystem og kor store avdelingar blir det? Blir det for eksempel mykje presisjonsvåpen, som missil og dronar, eller meir konvensjonelle bakkestyrkar?

Friis fortel at dette kan påverke korleis Finland og Nato utviklar sitt forsvar.

– For Russland er som kjent ikkje berre defensivt orientert. Dei kan ein gong i framtida også finne på å bruke forsvaret sitt til å angripe nye naboland, slik dei angrip Ukraina no.

Migration Finland Russia Border

Finland stenger heile grensa mot Russland

Ein varsla manøver

Då Finland og Sverige for to år sidan sa at dei ønskte å bli med i Nato, var nestleiar i Det russiske tryggingsrådet klar i sin tale. Ei slik innmelding vil sette dei to landa på Russlands liste over fiendar.

Han sa at det i ein slik situasjon, vil vere aktuelt for russarane å utvide sine bakkestyrkar, sitt luftforsvar og marinestyrkar i nærleiken av Finland.

Atomvåpen og USA

Putin åtvara også i Ria-intervjuet om at Russland teknisk sett er klar for ein atomkrig.

– Atomvåpen finst for å bli brukt. Vi har våre eigne prinsipp.

Han la så til at dersom USA sender militære styrkar til Ukraina, vil dette bli sett på som ei eskalering av krigen. Og dersom USA vel å gjere atomøvingar, kan Russland gjere det same, åtvarar han.

Russian President Putin

Putin: – Reell mulighet for at atomvåpen tas i bruk

Men den russiske presidenten la også trykk på at dette ikkje er situasjonen i dag, og at han ikkje ser nokon grunn til å bruke atomvåpen i Ukraina no.

– Kvifor skal vi bruke våpen laga for masseøydelegging? Det har aldri vore eit slikt behov.

Ifølge Reuters er Russland og USA dei største atommaktene i verda og kontrollerer over 90 prosent av verdas atomvåpen.

Høyr Utanriksredaksjonens podkast:

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.