Hopp til innhold

Finland stenger heile grensa mot Russland

Det blir ikkje mogleg å søke asyl nokon stad ved den finske grensa til Russland, seier den finske regjeringa tysdag.

Migration Finland Russia Border

DEN SISTE OPNE: Ifølge finske medium prøvde regjeringa i landet å stenge den siste grenseovergangen allereie sist veke, men blei uviss på om vedtaket var lovleg.

Foto: Emmi Korhonen / AP

Årsaka er den aukande straumen med papirlause asylsøkarar frå russisk side av grensa.

Finland meiner Russland har sleppt dei igjennom med vilje for å utøve press på finske styresmakter.

– Ingen form for grensepassering er mogleg ved desse grensestasjonane, seier den finske innanriksministeren Mari Rantanen.

– Det handlar ikkje om asyl eller innvandringspolitikk. Dette er eit spørsmål om nasjonal tryggleik.

Finland Russia Border

Forlatne syklar og ein elsparkesykkel hos grensekryssinga ved Salla i Finland.

Foto: Jussi Nukari / AP

Stenginga av grenseovergangen Raja-Jooseppi trer i kraft natt til torsdag, og skal vare i to veker fram til 13. desember.

Russland misnøgde med grensestengingar

Rantanen fortel at formålet er å gjere slutt på «trugselen», og at restriksjonane kan lettast på når dei har fått det til.

– Vi er samtidig førebudde på at fenomenet vil halde fram og til og med bli større.

Kremlin spokesman Dmitry Peskov attends official welcoming ceremony in Astana

Talsperson for Kreml Dmitrij Peskov.

Foto: SPUTNIK / Reuters

Russiske styresmakter har ikkje svart på vedtaket som kom tysdag ettermiddag.

Men etter at dei første grenseovergangane stengde for to veker sidan, sa talsperson for Kreml Dmitrij Peskov ifølge Moscow Times:

– Vi er djupt misnøgde med at dei finske styresmaktene har valt å med vilje bevege seg vekk frå det som pla vere eit godt forhold.

Russland har også åtvara om «mot-tiltak» som svar på at Finland blei medlem av Nato i april.

Framleis opne for varetransport

For ei knapp veke sidan blei det kjent at alle utanom ein grenseovergang ville bli stengde. No gjeld det altså alle grenseovergangar mellom dei to landa.

Dei vil framleis vere opne for frakt av varer, men asylsøknader vil berre bli mottekne på finske flyplassar og hamner.

Statsministeren gav som grunn på pressekonferansen at Russland sender udokumenterte asylsøkarar til finsk side av grensa med vilje.

Swedish Prime Minister Kristersson and Finnish Prime Minister Orpo meet in Helsinki

Orpo seier at tiltaka som blir innførte denne veka «ikkje ville vore naudsynte dersom Russland ikkje hadde endra si tilnærming» til grensetrafikken.

Foto: LEHTIKUVA / Reuters

– Det handlar om Russland sine påverknadsaktivitetar, og dei aksepterer vi ikkje, sa han.

Regjeringa i Finland prøvde allereie sist veke å stenge heile austgrensa, skriv Helsingin Sanomat.

Det blei ikkje gjort, fordi justisministeren meinte eit slikt vedtak kunne vere ulovleg for regjeringa å gjennomføre, ifølge avisa.

Les også Finske grenser stengt:– Kynisk bruk av mennesker

Sykler - Salla

Ikkje langt frå Storskog

Finland har til saman ni grenseovergangar til Russland, og har også den lengste landegrensa med Russland på 1340 kilometer.

I luftlinje er Raja-Jooseppi berre 150 kilometer frå den norsk-russiske grenseovergangen ved Storskog i Sør-Varanger.

Mellom Murmansk og Raja Jooseppi går det ein sideveg nordover til den russiske byen Nikel, som berre ligg nokre titals kilometer frå Storskog.

Men enn så lenge har ikkje trykket auka ved den norske grensa.

Storskog grensestasjon

Grensestasjonen ved Storskog i august i år.

Foto: Kristin Humstad

– Det har ikkje vore noko endring i trafikken over Storskog sidan siste oppdatering frå stabssjefen her i Finnmark, seier operasjonsleiar Einride Hals i Finnmark politidistrikt.

Justis- og beredskapsdepartementet opplyser til NRK at det blir halde daglege møte mellom Politiets utlendingseining, Finnmark politidistrikt og Politidirektoratet for å fylgje utviklinga.

– Regjeringa er budd på å stenge grensa dersom det blir naudsynt. Vi er kjend med situasjonen i Finland, og fylgjer nøye med i utviklinga, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl.

Sverige og Estland også bekymra

Også Estland skulda sist veke Russland for å bruke migrantar for å utøve «press på Europa si austlege grense», ifølge Reuters.

Kring 30 migrantar på ei veke, dei fleste frå Somalia og Syria, hadde då prøvd å kome seg inn i landet over grensekryssinga Narva.

Ingen av dei bad om asyl og alle blei bedne om å vende tilbake, skriv nyheitsbyrået vidare.

Estonia stops Russians from entering with Schengen-issued visas

Folk ventar ved grenseovergangen Narva i Russland. Biletet er frå 18. september.

Foto: JANIS LAIZANS / Reuters

Det svenske forsvaret fryktar på si side at det kan kome båtflyktningar frå den russiske enklaven Kaliningrad som del av Russland sine forsøk på å destabilisere regionen, melder SVT.

I ein ny rapport blir det peika på som eit av fleire scenario saman med dataangrep og sabotasjeaksjonar under vatn.

– Det er kanskje ikkje det mest sannsynlege scenarioet, men det er unekteleg eit mogleg scenario, seier Michael Claesson, sjef for den svenske forsvarsstaben.

SISTE NYTT

Siste nytt