Hopp til innhold

Putin ringde Trump og takka for terror-tips

Russlands president Vladimir Putin ringde søndag til USAs president Donald Trump for å takke han for opplysningar som førte til at eit terrorangrep vart hindra.

Trump og Putin

SLO PÅ TRÅDEN: Stemninga mellom dei to presidentane Donald Trump og Vladimir Putin har vore anstrengt i lang tid.

Foto: DON EMMERT / AFP

Ifølgje det russiske nyheitsbyrået Tass skal informasjon som kom frå amerikanske styresmakter ha ført til at to russarar som skal ha planlagt eit terrorangrep i St. Petersburg, vart arresterte.

Ifølgje kontoret til den russiske presidenten skal dei to presidentane ha snakka om fleire rekke tema og vorte samde om å halde fram samarbeidet om å kjempe mot terror.

Det blir spekulert i at dette kan vere eit teikn på at isfronten mellom dei to landa er i ferd med å tø opp.

Forholdet mellom USA og Russland fekk ein alvorleg knekk etter at Russland hærsatte og sidan annekterte Krim-halvøya frå Ukraina i 2014.

Etter fleire sjarmframstøt frå Trump, og fleire personlege møte, fekk forholdet ein ny og alvorleg knekk då Russland vart skulda for å stå bak forgiftinga av ein tidlegare dobbeltagent i Storbritannia i 2018.

Strenge sanksjonar vart innførte, og det diplomatiske sambandet surna. Men Trump har heile tida hevda at han liker Putin personleg, og no kan den personlege relasjonen vere retta opp igjen.

Då den amerikanske utanriksministeren Mike Pompeo nyleg møtte Putin i Sotchi, vart det klart signalisert at dei to landa er villige til å snakke meir saman, trass i massiv usemje på fleire felt, mellom anna nedrusting, Iran, Syria, Venezuela og Ukraina

På møtet i Sotchi sa den russiske utanriksministeren, Sergej Lavrov, at Russland er villig til å akseptere eitkvart forslag om eit toppmøte mellom presidentane Putin og Trump i samband med G20-møtet i Japan i juni.

Vil du ha ukebrev fra NRK Urix? Bestill her!

SISTE NYTT

Siste nytt