Hopp til innhold

Politimann i dødsskvadron: - Eg er ein engel

Fleire tusen menneske er drepne etter at Rodrigo Duterte vart president på Filippinane. – Vi er ikkje dårlege menneske. Vi er englar, som Mikael eller Gabriel, seier ein politimann, som har delteke i drepinga.

Aksjon mot kriminelle i Caloocan.

Over 3600 menneske er drepne etter at den filippinske presidenten Rodrigo Duterte erklærte krig mot kriminelle. Her frå ein aksjon mot narkotikaseljarar i Caloocan.

Foto: Bullit Marquez / Ap

Rodrigo Duterte starta presidentperioden sin 1. juli i år. Han erklærte krig mot narkotika og anna kriminalitet. Rundt 3600 menneske er drepne sidan, og ein politimann den britiske avisa The Guardian har snakka med seier at politiet er sterkt delaktig i dei ikkje-rettslege drapa.

Han fortel at han er med i ei av 10 hemmelege grupper av politifolk, kvar med 16 medlemer, som har som oppdrag å ta livet av narkotikahandlarar, narkotikabrukarar og andre kriminelle.

Møte på bordell

Rodrigo Duterte.

President Rodrigo Duterte har erklært krig mot kriminelle grupper i landet.

Foto: Aaron Favila / Ap

Guardian-journalisten Kate Lamb møtte politimannen på eit bakrom i eit bordell i hovudstaden Manila. Eit bordell er ein diskret stad for snakke om slike saker, seier han.

Han fortel at han har delteke i drapa på 87 personar i løpet av dei siste tre månadene.

– Vi er ikkje dårlege politimenn eller dårlege menneske. Vi er berre ein reiskap, vi er englar med eit talent gitt oss av Gud, som sørgjer for at desse dårlege sjelene blir sende tilbake til himmelen for å bli reinsa, seier han.

Han samanliknar seg og dei andre politimennene som deltek i spesialoperasjonane mot kriminelle, med erkeenglane Mikael og Gabriel.

– Det handlar ikkje om å drepe fordi vi likar å drepe, eller at vi er drapsglade galningar. Vi snakkar om eit høgare mål her, seier han.

Her viser Duterte fingeren til EU

Militssoldat: – Duterte matet kriminell til krokodiller

– Kjapt, presist og utan vitne

Politimannen fortel at skvadronen han er med i opererer for det meste om natta. Dei har hette over hovudet og er heilt svartkledde, seier han. Han fortel at dei har ordre om å gjennomføre drapa kjapt og presist utan vitne.

Drap på Filippinane.

Ein mistenkt narkotikahandlar er drepen i ein politiaksjon i Manila.

Foto: NOEL CELIS / Afp
Protestar mot massedrap på FIlippinane.

Det har vore mange store demonstrasjonar mot dei mange drapa. Også internasjonale humanitære organisasjonar har retta skarp kritikk mot filippinske styresmakter.

Foto: Bullit Marquez / Ap

Deretter dumpar dei lika, gjerne etter at dei har sett på ein merkelappar der det står «valdtektsmann», «narkotikamisbrukar», «narkolangar» eller «narkobaron».

- Dette gjer vi for at media og politiet skal vite kva slags folk dette her. Vi vil at politifolka skal tenkje slik: «Kvifor skal eg etterforske denne karen, han er narkotikaseljar, valdtektsmann, eg bryr meg ikkje med han. Det er bra det som har skjedd med han», seier den anonyme politimannen.

Internasjonal kritikk

The Guardian har fått stadfesta frå sikre kjelder at mannen er ein erfaren politimann i det nasjonale politikorpset på Filippinane.

Massedrapa på Filippinane har fått mange til å reagere, blant andre menneskerettsorganisasjonane Human Rights Watch og Amnesty International. Også USAs president Barack Obama har retta sterk kritikk mot president Duterte, utan dette verkar å ha gjort inntrykk på han.

Det er frykt for at Filippinane blir eit land der dødsskvadronane set dagsorden.

Seinast sist veke sa Duterte at han gjerne ville «slakte» tre millionar narkotikaavhengige.

Duterte beklager overfor jødene

Duterte sammenligner seg selv med Hitler

SISTE NYTT

Siste nytt