Hopp til innhold

Politiet sit ikkje på mobilvideo frå kabinen

To aviser har meldt at dei sit på ein video frå flykrasjen i Alpane, men etterforskarane har ikkje sett det. – Dersom nokon sit på ein slik video, må dei gi den til etterforskarane, seier aktor Brice Robin.

Vrak av Gertmanwings-fly i Alpene

HAR IKKJE VIDEO: Dei som etterforskar Germanwings-styrten seier dei ikkje sit på nokon video av flyulukka.

Foto: EMMANUEL FOUDROT / Reuters/NTB Scanpix

Det melder nyheitsbyrået AFP.

Franske Paris Match og tyske Bild hevdar å sitje på ein mobilvideo som viser dei siste dramatiske sekunda ombord i 4U9525.

Ifølgje den franske avisa kan ein høyre skrikande passasjerar på videoen. Avisa skriv også at ein kan høyre at fleire roper «herregud» på ulike språk.

Leiaren for den franske etterforskinga, Brice Robin, gjekk onsdag ut og sa at dei som eventuelt sit på ein slik video, må levere den til etterforskarane snarast råd.

SISTE NYTT

Siste nytt