Det var sett opp mange storskjermar i sentrum av byar som Ramallah, Betlehem, Hebron og Nablus, og det var pynta med palestinske flagg og banner.
På Arafat-plassen i Ramallah braut dei frammøtte ut i gledesrop då det vart klart at Abbas formelt hadde levert søknaden. Dei vifta med det palestinske flagget og ropte slagord til støtte for Abbas og medlemssøknaden i FN.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Hylling av Abbas
- Abbas, vi er ditt folk, og du gjer at vi kan gå med løfta hovud, var eitt av ropa som runga gjennom folkemengda.
- Vi skal forsvare Palestina med sjelene våre og blodet vårt, var eit ranna slagord som som gjekk igjen.
Palestinere på Vestbredden følger Abbas' tale i New York
- Det er fleire titusen menneske ute i gatene i byar som Ramallah, Hebron og Nablus, seier ein talsmann for dei palestinske tryggingsstyrkane, Adnan Damiri.
I Hebron jubla folkemelngda då ein gigantisk ballong dekorert med det palestinske flagget og eit bilete av Mahmoud Abbas vart sendt opp i lufta. Også her vifta dei med palestinske flagg og ropte «Palestina 194».
Det refererer til søknaden om at dei palestinske områda skal bli FNs medlemsland nummer 194.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Høg beredskap
Israelske soldatar og grensepoliti er i høg beredskap langs grensene til dei palestinske områda, i frykt for uro. Det vart tidlegare i dag meldt om fleire samanstøytar mellom palestinarar og israelske soldatar.
I byen Qusra utanfor Nablus vart ein 37 år gammal palestinar
. Han døydde etter å ha blitt skoten i nakken.Israelske styresmakter fryktar at søknaden om medlemskap i FN skal føre til omfattande uro. Fleire israelske politikarar har skulda palestinske styresmakter for å ha planlagt bruk av vald mot busetjarar og soldatar.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: