Hopp til innhold

Abbas seier han vil forhandle

Den palestinske presidenten Mahmoud Abbas bad i talen sin i FN i kveld Israel om å møte dei med fred, og at han er klar til nye forhandlingar.

Mahmoud Abas på talarstolen i FN

Mahmoud Abbas på talarstolen i FN fredag kveld.

Foto: Richard Drew / Ap

Han sa i talen at Den palestinske frigjeringsorganisasjonen PLO er klar for nye forhandlingar med Israel, og han sa også at han ikkje vil isolere eller delegitimisere landet.

Video Abbas leverte FN-søknad fredag

VIDEO: Abbas leverte FN-søknad fredag

Men ha la til at han vil deligitimisere okkupasjonen.

– Her og no seier eg at PLO er klar til straks å gå tilbake til forhandlingsbordet med Israel, mot at landet stansar bygginga i busetjingane, sa Abbas til delegatrane i FNs hovudforsamling i New York.

– Fredeleg motstand

Abbas sa at palestinarane vil halde fram sin fredelege og folkelege motstand mot den israelske okkupasjonen. Han åtvara også om at dei israelske busetjingane på palestinske område er ein fare for ei totstatsløysing, og også ein fare for dei palestinske styresmaktene.

– Denne politikken vil øydeleggje sjansane for å få til ei totstatsløysing, som det er internasjonal konsensus om, sa han.

Den palestinske presidenten skulda også Israel for å ha knust alle forsøk på å få til ein fredsavtale, og at dette er grunnen til at han no har gått til FN for å bli teken opp som ein fullverdig medlem i veredsorganisasjonen.

LES OGSÅ: Abbas har levert FN-søknaden

LES OGSÅ: Israelske tostats-løsninger på tvers av verdenssamfunnet

– Hadde håp i fjor

For eitt år sidan i denne salen sa leiarane at dei hadde håp om nye forhandlingar, sa Abbas.

Han sa at palestinarane gjekk inn i desse forhandlingane med opne hjarte og gode hensikter. Men forhandlingane braut saman få veker etter at dei var i gang.

– Vi gav ikkje opp, og vi har ikkje late ei einaste dør stå uopna. Vi har sett med positive auge på alle initiativa som er tekne.

LES OGSÅ: Abbas har lite å miste - men alt å vinne i FN

LES OGSÅ: – Ingen svarvei til fred i Midtøsten

– Knuste mot klippene

– Men alle desse oppriktige forsøka frå internasjonale aktørar vart fleire gonger knuste mot klippene av den israelske regjeringa, la Abbas til, og trekte på nytt fram byggjeaktiviteten i dei israelske bbusetjingane på område som skal blir ein del av den palestinske staten.

Abbas vart møtt med ståande applaus då han inntok talarstolen i kveld. Han vart også avbroten av applaus då han i talen sin hylla den avlidne, tidlegare palestinske leiaren Yasir Arafat.

LES OGSÅ: Dette må til for at en fredsavtale kan komme på plass

Feiring på Vestbreidda

Fleire titusen palestinarar strøymde ut i gatene i dei største byane på Vestbreidda i kveld for å følgje talen til Abbas på storskjermar. På Arafat-plassen braut dei frammøtte ut i gledesrop då det vart klart at Abbas formelt hadde levert søknaden.

Video Abbas leverte FN-søknad fredag

Palestinere på Vestbredden følger Abbas' tale i New York

Dei frammøtte vifta med det palestinske flagget og ropte slagord til støtte for Abbas og medlemssøknaden i FN:

- Abbas, vi er ditt folk og du får oss til å løfte hovuda våre, vart det ropt.

SISTE NYTT

Siste nytt