Abbas har levert FN-søknaden

Like etter klokka 17.30 norsk tid gjekk den palestinske presidenten Mahmoud Abbas i møte med FNs generalsekretær Ban Ki-moon for å overlevere søknaden om fullt medlemskap i FN.

Mahmoud Abbas (t.v.) og Ban Ki-moon.

Mahmoud Abbas (t.v.) overleverte søknaden om Fn-medlemskap til FNs generalsekretær Ban Ki-moon.

Foto: EMMANUEL DUNAND / Afp

Etter det korte og formelle møtet mellom dei to, gjekk Mahmoud Abbas på talarstolen i hovudforsamlinga i FN for å leggje fram grunngjevinga for at palestinarane no vil ha fullt medlemskap i FN. Han starta innlegget sitt litt etter kl. 1810.

LES OGSÅ: Abbas seier han vil forhandle

Ein FN-talsmann stadfesta klokka 17:45 norsk tid at søknaden om FN-medlemskap no er overlevert generalsekretær Ban Ki-moon. Møtet fann stad på møterommet til generalsekretæren i FN-bygningen.

Abbas leverte søknaden i ein konvolutt med det palestinske seglet på. Ban opna konvolutten og byrja å lese i dokumenta, blir det opplyst.

Tryggingsrådet

Det som vidare skal skje er at Ban Ki-moon skal presentere søknaden for Tryggingsrådet i FN. Det er uklart kor lang tid det vil ta før ei eventuell avrøysting kan finne stad i Tryggingsrådet.

Fleire delegatar har sagt at det kan ta tid. Frankrikes utanriksminister Alain Juppe sa torsdag at det kan ta fleire veker før det kjem så langt som til ei avrøysting.

Mahmoud Abbas har trass massivt press frå fleire land, aller mest frå USA.

- Det er små land i verda som har fått fridom og sjølvstende, men vi har enno ikkje fått vår. Så vi krev retten vår og gir søknadne til Ban Ki-moon, sa Abbas eit par timar før han gjekk i møtet med Ban.

Vil leggje ned veto

USA har gjort det klart at dei vil leggje ned veto i Tryggingsrådet, dersom det kjem til ei avrøysting. USA arbeider hardt for å få i gang igjen direkte samtalar mellom Israel og palestinarane om ei fredsløysing.

Ein amerikansk talsmann seier i ein kommentar til at Abbas leverte søknaden til Ban Ki-moon i kveld, at den einaste måten å få til ein palestinsk stat er gjennom forhandlingar med Israel.

Men svært mykje må på plass må på plass før det er mogleg å snakke om ein fredsavtale mellom Israel og palestinarane, og det er liten tvil om at partane står svært langt frå kvarandre .

Gidi Schmerling, presseltalsmann for Israels statsminister Bejamin Netanyahu, seier at Israel beklagar dette skrittet.

- Vi meiner einaste vegen til sann fred går gjennom forhandlingar, og ikkje gjennom einsidige steg, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt