Hopp til innhold

Over 300 menneske er drepne sidan april

Fleire foreldre har måtte gravleggje borna sine i Nicaragua i helga. I tre månader har folk protestert mot presidenten og måten han strammar grepet om makta på. Det har hatt ein høg pris.

Dei siste månadene har det vore mange gravferder for menneske som har blitt drepne under demonstrasjonane.

Foto: Cristobal Venegas / AP

Det blå og kvite flagget dekker nesten heile den brune kista i det den vert senka ned i jorda. Ei kvinne sig saman på kne framfor grava, og bryt ut i gråt.

Familie og vener har samla seg i sorg for å ta farvel med José Esteban Sevilla Medina.

Han vart skoten i brystet då regjeringsstyrkar skulle fjerne barrikadane demonstrantane hadde sett opp i byen Masaya i helga.

Store protestar

Det er mange familiar som har kjent på sorg og fortviling dei siste månadene.

Det kjem stadig meldingar om menneske som er drepne i samanstøyt mellom demonstrantar og regjeringsstyrkar. Tysdag vart to personar drepne i Masaya, då regjeringsstyrkane prøvde å omringa demonstrantane.

Væpna politi

Væpna politi køyrer gjennom gatene i nabolaget Monimbo i Masaya. Dette har blitt kjerneområde for demonstrasjonar, og politiet ønskjer å ta tilbake kontrollen over byen.

Foto: Cristobal Venegas / AP

I helga vart det også samanstøyt utanfor universitetet i hovudstaden Managua.

Dei siste to månadene har studentar okkupert universitetet National Autonomous University of Nicaragua, i protestert mot presidenten Daniel Ortega. Fredag rydda politiet universitetet for okkupantar, og to studentar vart drepne då politiet opne eld mot dei.

– Dei var studentar, ikkje kriminelle, ropte folk, medan dei gjekk gjennom gatene i Managua på måndag.

Fleire hundre menneske hadde samla seg for å krevje rettferd for alle menneska som er blitt drepne dei siste månadane. Ifølgje menneskerettsorganisasjonar er over 300 menneske drepne sidan april.

Krev at presidenten går

Det var regjeringa sine planar om kutt i pensjon og trygd som utløyste protestane i april.

Ortega gjorde raskt heilomvending i saka og skrota han den nye velferdsreforma. Dette var likevel ikkje nok til å få ein slutt på demonstrasjonane.

Mariel Aguilar-Støen

Frustrasjonen i Nicaragua er komen til overflata, seier førsteamanuensis Mariel Aguilar-Støen.

Foto: FRANCESCO SAGGIO

– Ortega var inntil nyleg ein populær president i Latin Amerika, seier Mariel Aguilar-Støen, førsteamanuensis ved Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo.

– Økonomien har vakse, noko mange set stor pris på, og han har sett i gang fleire sosiale reformer, forklarar ho.

Samtidig har han gjort fleire lovendringar som har fått folk til å reagere.

– Han kan bli attvald som president så mange gongar han ønskjer, og familiemedlemmane hans kan sitte i regjering, slik kona hans gjer no som visepresident. Han har også sikra seg all makt over politiet og hæren, seier Støen.

Folk har derfor halde fram med å demonstrere, med krav om eit demokratisk og rettferdig styre i landet. I førre veke avviste Ortega kravet frå opposisjonen om halde eit nytt presidentval allereie mars neste år.

Gransking av drapa

– Folk i Nicaragua har demonstrert mange gongar tidlegare, men aldri før har dei blitt møtt med den type vald som politiet utøver no, seier Støen.

FN har tidlegare bede om tilgang landet for å etterforske rapportane om at mange demonstrantar er drepne.

Antonio Guterres

Talet på døde er sjokkerande, ifølgje generalsekretæren i FN, Antonio Guterres.

Foto: Juan Carlos Ulate / Reuters

Generalsekretæren i FN, Antonio Guterres sa på måndag at grupper knytt til Nicaraguas regjering har brukt makt som er «uakseptabel».

– Det er tydeleg at talet på døde er sjokkerande høgt, og det er viktig å få stoppa valden, sa Guterres då han var på besøk i nabolandet Costa Rica.

– Derfor er det viktig å bygge opp att politisk dialog, sa Guterres.

SISTE NYTT

Siste nytt