Hopp til innhold

Over 1000 menneske plukka opp av Kystvakta

Den italienske kystvakta har plukka opp over 1000 menneske frå skrøpelege farkostar utanfor dei italienske øyane Lampedusa og Sicilia det siste døgnet.

Flyktningar utanfor Lampedusa.

Ei gruppe flyktningar er plukka opp av eitt av fartøya til Den italienske kystvakta.

Foto: - / Afp

Det harde vintervêret i Middelhavet skremmer ikkje menneske frå Afrika og Asia frå draumen om eit betre liv i Europa. Det faktum at fleire hundre flyktningar omkom i bølgjene utanfor den italienske kysten i fjor, har heller ikkje stansa den farefulle trafikken over havet.

LES OGSÅ: Drømmen om Europa

Operasjon «Mare Nostrum»

Flyktningar utanfor kysten av Italia.

Ei gruppe flyktningar om bord i eit italienske marinefartøy utanfor Sicilia.

Foto: HANDOUT / Reuters

Den italienske kystvakta har intensivert patruljeringa av havområda rundt Italia for å prøve å hindre katastrofar som den i oktober i fjor, då over 400 menneske drukna. Det skjedde etter at to overfylte fiskebåtar forliste i dårleg ver. Operasjonen har fått namnet «Mare Nostrum».

Transporten til Europa er lukrativ for dei som eig båtane som blir brukte. For dei som får plass på dei skrøpelege fartøya må betale godt for seg. Dei har gjerne selt alt dei eig for å sikre seg ein sjanse til å nå Europa.

Mange seier at dei kjenner til risikoen, men at situasjonen i heimlandet er så ille, at det å droppe turen ikkje er eit alternativ.

823 menneske er berga opp frå fire flyktningbåtar utanfor Lampedusa dei siste 24 timane, opplyser Den italienske kystvakta. Dei var fordelte på fire båtar, og dei om bord var frå blant anna Egypt, Pakistan, Irak og Tunisia.

LES OGSÅ: Vil til Norge etter båthavari

LES OGSÅ: Ropte «morder» til Barroso og Letta

Video frå havområda utanfor Italia, filma av Den italienske kystvakta.

VIDEO: Over 1000 plukka opp frå skrøpelege båtar det siste døgnet.

Tredobling i 2013

233 andre vart berga opp frå to båtar utanfor Sicilia, og desse menneska på flukt frå krig og fattigdom var frå Eritrea, Nigeria, Somalia, Zambia, Mali og Pakistan.

2013 var eit rekordår for båtflyktningar til Italia. Landet opplevde ei tredobling av trafikken i forhold til året før. Og italienske styresmakter fryktar at auken vil halde fram i minst like stort tempo som i fjor.

Dei fleste av dei som kjem til Europa sjøvegen blir sende tilbake til landet dei kom frå. Berre eit lite mindretal får ein sjanse til å bli. Det er dei som oppfyller krava til politisk asyl eller har rett til familiegjenforeining.

LES OGSÅ: Nytt forlis ved Lampedusa

LES OGSÅ: – Delar av Middelhavet har blitt ein gravlund

– Minst 15.000 drukna

Av EU-landa er det Italia, Hellas og Malta som tek mot flest flyktningar frå Afrika og Asia. Dei tre landa har bede EU om å etablere ein felles politikk for korleis å hanskast med problemet.

Italienske hjelpeorganisasjonar reknar med at mellom 17.000 og 20.000 menneske har mist livet i forsøk på å nå Europa sjøvegen dei siste 20 åra.

LES OGSÅ: Gransker behandling av flyktninger på Lampedusa

SISTE NYTT

Siste nytt