Hopp til innhold

– Delar av Middelhavet har blitt ein gravlund

Rundt 50 menneske omkom og 221 er berga etter at eit nytt skip med flyktningar har gått ned i Middelhavet. - Delar av Middelhavet har blitt ein gravlund, seier statsministeren på Malta.

Overlevande har kome seg om bord i ein livbåt.

Dette biletet frå marinen på Malta viser overlevande frå flyktningskipet om bord i ein livbåt.

Foto: Ap

Berre nokre få dagar etter tragedien på den italienske øya Lampedusa, då over 300 flyktningar omkom i eit havari, skjedde det igjen, denne gongen litt lenger sør i Middelhavet.

Flyktningstraumen i skrøpelege farkostar frå Asia og Afrika til Europa ser ikkje ut til å ha nokon ende. Dei overfylte båtane legg ut frå land som Libya og Algerie i

Imigranter i interneringsleir på Lampedusa

Flyktningar samla i ein interneringsleir på den italienske øya Lampedusa.

Foto: Luca Bruno / Ap

Nord-Afrika med Europa som mål. Flyktningane kjem frå land både i Afrika og i Asia, og dei flyktar ofte frå ekstrem fattigdom.

LES OGSÅ: Nytt forlis ved Lampedusa

Brennpunkt Lampedusa

Den italienske øya Lampedusa, som ligg nærare Afrika enn Italia, er ofte målet for dei hasardiøse sjøreisene. Dei overlevande frå forliset i går vart i hovudsak tekne til Lampedusa og hovudstaden Valetta på Malta.

Redningsoperasjonen i går var ein felles innsats av maltesisk og italiensk kystvakt.

Det er 113 kilometer frå det nordlegaste punktet i Afrika til Lampedusa, og sjølv om både eigarane av fartøya og flyktningane kjenner til risikoen, så stansar ikkje straumen av båtar over havet.

Flyktningar i havari i Middelhavet.

Overlevande blir hjelpte i land frå eit maltesisk marinefartøy i hamna i Valetta på Malta.

Foto: Matthew Mirabelli / Afp

– Middelhavet ein gravlund

Maltas statsminister Joseph Muscat seier dei sørlege delane av Middelhavet har blitt ein gravlund.

– Vi kjenner oss svikta av Europa. Kor mange menneske må døy på havet før nokon grip inn, sør han. Han legg til at det var takka vere rask inngriping frå maltesiske og italienske marinefartøy at ikkje fleire drukna i dette siste forliset.

– Vi skal sørgje for å bli høyrde på neste EU-toppmøte, seier han.

Cecilia Malmström

EU-kommissær etterlyser handling av medlemslanda i EU når det gjeld flyktningstraumen frå Afrika til Europa.

Foto: GEORGES GOBET / Afp

EU-kommissær Cecilia Malmström seier at det har kome solidariske fråsegner frå alle EU-landa etter tragedien på Lampedusa, men at dette blir tomme ord om dei ikkje blir fylgde opp av konkrete tiltak.

Truleg har mellom 17.000 og 20.000 flyktningar mist livet på flukt frå Afrika til Europa i små skrøpelege farkostar i Middelhavet.


LES OGSÅ: Nytt forlis ved Lampedusa

LES OGSÅ: Ropte «morder» til Barroso og Letta

– Veit dei risikerer livet

Maurizio Albahari, professor i antropologi ved Nortre Dam-universitetet i Paris, seier til nyheitsbyrået AFP, seier at det er ei rasjonell avgjerd.

– Flyktningane veit at dei risikerer livet, men det er ei rasjonell avgjerd. Dei er drivne av eit håp om eit betre liv i Europa. Det er anten å flykte eller å gå i hundane der dei er, seier professoren.

LES OGSÅ: Var sikker på at sønnen hadde omkommet i flyktningeforliset

LES OGSÅ: Kritikken øker mot italiensk kystvakt

SISTE NYTT

Siste nytt