Hopp til innhold

Obama: - Kan vere relatert til terror

USAs president Barack Obama seier at skytemassakren i San Bernardino i går kan ho vore terrorrelatert, men at det også kan ha vore knytt til forhold på arbeidsplassen. Motivet er framleis uklart, seier han.

USAs president Barack Obama seier at skytemassakren i San Bernardino i går kan ho vore terrorrelatert, men at det også kan ha vore knytt til forhold på arbeidsplassen. Motivet er framleis uklart, seier han.

VIDEO: Barack Obama om massakren i San Bernardino.

Obama konstaterte i ein tale frå det ovale rommet i Det kvite hus at begge dei to mistenkte hadde med seg våpen, og at dei hadde meir våpen heime.

– Vi skal kome til botnen av dette. Vi gir oss ikkje før vi har alle fakta på bordet, og vi ventar til det før vi trekkjer ein konklusjon, sa Obama blant ana. Han sa også at det kan vere snakk om fleire motiv for ugjerninga.

FBI leier etterforskinga

Skyting i California

Ein såra person blir trilla ut av bygningen i San Bernardino.

Foto: HO / Afp

Presidenten sa også at det no er det føderale politiet FBI som har ansvaret for etterforskinga i samarbeid med det lokale politiet. Han rosa politiet og styresmaktene i San Bernardino for måten dei hadde handtert tragedien som ramma.

– Mange amerikanarar kjenner seg makteslause overfor slike masseskytingar, men vi kan alle gjere noko, sa Obama blant anna. Han meinte at nasjonen må greie å gjere det vanskelegare å gjennomføre slike handlingar, men vedgjekk samstundes at det er umogleg å fjerne trusselen heilt.

– Det er viktig for alle amerikanarar, også dei som lagar lovene, å finne ut kva dei kan gjere for å hindre slike forferdelege hendingar, sa Obama. Han varsla også at alle offentlege bygningar, ambassadar og militære installasjonar skal flagge på halv stong fram til måndag.

California-angrep

Det var i bygningen til venstre på biletet at massakren gjekk føre seg.

Foto: MARIO ANZUONI / Reuters/NTB Scanpix

Fant bag med eksplosiver i USA

Førjulsfest

Det var i går kveld ved 20-tida norsk tid, 11-tida lokal tid, at alarmen gjekk hos politiet i San Bernardino i California, ein by 96 kilometer aust for Los Angeles. Dei første meldingane gjekk ut på at minst 20 menneske var skotne inne på eit servicesenter for funksjonshemma i byen.

Det viste seg at angrepet var retta mot ei gruppe tilsette i helseavdelinga i San Bernardino County, som var samla til førjulsfest i konferanseavdelinga i bygningen. Ein man som hadde vore til stades på festen , kom tilbake saman med kona si, begge i full stridsutrusting, og skaut vilt rundt seg inne i salen.

14 menneske vart drepne og 17 andre såra. Tilstanden er alvorleg for fleire av dei såra.

I San Bernardino i California ble 14 drept da tungt væpnede personer begynte å skyte inne i en kontorbygning i går kveld, norsk tid. I tillegg ble minst 17 såret i skytingen på det som skal ha vært julefesten til helseetaten i byen. Etter en omfattende politijakt, ble en mann og en kvinne skutt og drept, de to er mistenkt for å stå bak angrepet.

VIDEO: To mistenkte drepne.

– Virket som paret levde «den amerikanske drømmen»

– Slapp av, jeg tar en kule for dere

Drepne i skotveksling

Dei mistenkte gjerningspersonane, Syed Farook (28) og kona hans Tashfeen Malik (27), vart drepne i ei skotveksling med politiet nokre timar etter skytinga inne på senteret. Mannen jobba i avdelinga som hadde festen i bygningen der skytinga skjedde, og begge deltok på festen.

Dei to overlèt det vesle barnet sitt til mora til kona, og dei sa til henne at dei skulle til legen.

SISTE NYTT

Siste nytt