– Presidenten vil seie nokre ord under Den nasjonale bønnefrukosten (National Prayer Breakfast) om kor viktig det er med religionsfridom. I år har vertskapet også invitert Hans Nåde Dalai Lama, seier talskvinne for det nasjonale tryggingsrådet, Bernadette Meehan.
Avgjerda om at Obama skal vise seg offentlege på same arrangement som Dalai Lama vil heilt sikkert skape reaksjonar i Kina. Obama og Dalai Lama har møtt kvarandre tre gonger tidlegare, sist i februar i fjor.
Til Trondheim
Dette møtet førte til kinesiske truslar om at det ville gjere forholdet mellom dei to landa dårlegare.
Den nasjonale bønnefrukosten går føre seg 5. februar. Etter dette kjem den åndelege leiaren for fleire millionar tibetanske buddhistar til Noreg. Han skal delta i eit debattmøte under Internasjonal Studentfestival i Trondheim 9. februar.
Då Dalai Lama vitja Noreg i mai fjor, vekte det reaksjonar at ingen frå den norske regjeringa eller presidentskapen på Stortinget ville møte han av frykt for reaksjonar frå stormakta Kina, men representantar frå åtte politiske parti tok mot han der.
Det var Knut Arild Hareide (KrF), Trine Skei Grande (V), Bård Vegar Solhjell (SV), Liv Signe Navarsete (Sp), Rasmus Hansson (MDG), Michael Tetzschner (H), Marianne Aasen (Ap) og Ingebjørg Godskesen (Frp).
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Forholdet til Kina
Dalai Lama har vore fleire gonger i Oslo etter han fekk fredsprisen i 1989. Han var her i 1994, i 1996, i 2000 og 2001, og ein gong til i 2001 under 100-årsmarkeringa for Alfred Nobel.
Ved alle dei tidlegare besøka vart han teken mot av statsminister, utanriksminister og stortingspresidenten.
Forholdet mellom Kina og Noreg har vore på frysepunktet sidan tildelinga av Nobels fredspris til den kinesiske regimekritikaren Liu Xiabo i 2010.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: