Hopp til innhold

15 maskerte mann angreip politibil med brannbomber

15 maskerte menn gjekk i kveld til angrep på ein politibil med brannbomber medan ein politimann var inne i bilen i Belfast i Nord-Irland.

belfast nord-irland

Politiet sikrar tekniske spor etter at ein gjeng kasta ein brannbombe inn i ein politibil medan ein politimann framleis var i bilen.

Foto: PETER MUHLY / Afp

Politiet seier dei etterforskar saka som eit drapsforsøk. Det er åttande kvelden på rad med alvorlege valdshandlingar i den nord-irske hovudstaden.

Kasta brannbomber

Det brutale angrepet mot politiet skjedde i den austlege delen av Belfast.

Først vart vindauga i bilen knuste, og så kasta mennene brannbomber inn. Politimannen greidde å kome seg ut.

Det har også vore uro i det sørlege Belfast i kveld, eit område der lojalistane til Storbritannia står sterkt.

Rasande demonstrantar har gått til angrep på politiet med bensinbomber, stein, murstein, flasker og fyrverkeri.

Politiet har svart med vasskanonar og tåregass, og det er store styrkar frå opprørspolitiet i området.

(Saka held fram)

Bilbrann i Belfast etter uro.

Mange bilar har vorte sette i brann i uroa i Belfast dei siste kveldane.

Foto: CATHAL MCNAUGHTON / Reuters

Bråk om flagging

Raseriet blant lojalistane i Nord-Irland kjem etter at bystyret i Belfast avgjorde at unionistflagget, altså flagget som symboliserer unionen mellom Nord-Irland og Storbritannia, ikkje lenger skal hengje utanfor rådhuset 24 timar i døgnet.

Etter eit nytt vedtak skal flagget berre heisast på spesielle høgtidsdagar.

Demonstrantar greidde å skape kaos i rushtrafikken i Belfast i ettermiddag.

Den største demonstrasjonen var i bydelen Dundonald i det austlege delen av byen, der over 500 menneske deltok.

Det har også vore demonstrasjonar i andre nord-irske byar som Ballyclare, Limavady og Lisburn, men her har det meste gått roleg føre seg.

Truga på livet

Førre veke vart parlamentsmedlem for Aust-Belfast, Naomi Long, truga på livet, og har hatt ein politipatrulje stasjonert utanfor huset sitt sidan. Ho er medlem av Alliance Party, som stemte for å avgrense flagginga.

Ho reagerer sterkt på hendingane måndag.

– Det er ingen unnskyldning for åtak på politiet eller folkevalde, seier ho til BBC.

– Me treng respekt for loven og den demokratiske prosessen, om Nord-Irland skal bevege seg framover. Me treng dette omgåande, før liv går tapt, seier ho.

Mange er no bekymra for at spenningane mellom lojalistar og nasjonalistar, det vil seie, dei som vil høyre til Storbritannia og dei som vil høyre til Irland respektivt, blir forsterka.

SISTE NYTT

Siste nytt