Hopp til innhold

Drapsetterforsking 40 år etter «Bloody Sunday»

Politiet i Nord-Irland vil setje i verk drapsetterforsking etter den såkalla «blodige søndagen» 30. januar 1972, då 13 menneske vart drepne av britiske tryggingsstyrkar i Londonderry.

Frå gravferdene til dei 13 som vart drepne i Lononderry 30. januar 1972.

Store menneskemengde fylgde dei 13 drepne etter den blodige søndagen til grava.

Foto: Ap

Kunngjeringa om drapsetterforsking kjem ei veke etter at dronning Elizabeth handhelste på på den tidlegare IRA-aktivisten og Sinn Fein-politikaren Martin McGuinness. McGuinness var sjølv til stades under demonstrasjonen i Londonderry.

LES OGSÅ: Den blodige søndagen i 1972

Eit viktig steg

Handtrykket mellom han og dronninga blir sett på som eit viktig steg for å kome vidare i fredsprosessen i Nord-Irland, etter fleire tiår med valdshandlingar som har kosta fleire tusen menneske, både soldatar og sivile, livet.

Ein høgtståande polititenestemann seier at etterforskinga truleg vil ta fire år, og at 30 politifolk må jobbe med saka på heiltid.

Drapa på dei 13 menneskerettsaktivistane, alle frå den republikanske sida i konflikten, vekte sterke reaksjonar, spesielt i Storbritannia og Irland, men også internasjonalt. I tillegg til dei 13 som miste livet var det 14 såra, og ein av dei døydde seinare av skadane.

Video Ber om orsaking for "Bloody Sunday"

VIDEO: I 2010 bad David Cameron om orsaking for 'Bloody Sunday'.

Fleire rapportar

Det er skrive fleire songar om den blodige søndagen, blant andre frå den irske gruppa U2 og den svenske visesongaren Fred Åkerström

Avgjerda vil politiet i Nord-Irland om å starte drapsetterforsking er teke etter ein gjennomgang av ein rapport om hendingane frå den blodige søndagen, som kom for to år sidan.

Den første rapporten kom kort tid etter at drapa i Londonderry skjedde. Granskinga vart leidd av Lord Wigery, og konklusjonen var at dei britiske soldatane skaut først etter at demonstrantane skaut først.

LES OGSÅ: Et historisk håndtrykk i Nord-Irland

LES OGSÅ: Marsjerte for siste gang i Derry

12 år lang gransking

For to sidan kom ein ny rapport, etter ei 12 år lang gransking leidd av høgsterettsdommaren Lord Saville. Denne rapporten tilbakeviste konklusjonane frå Wigery-rapporten om at demonstrantane skaut først.

Saville-rapporten konkluderte med at skytinga starta etter at ein soldat losna skot, truleg i frykt eller panikk. Dette førte til at medsoldatane også starta å skyte mot menneskemengda.

Det som skjedde i Londonderry 30. januar 1972 var med på å endre den politiske situasjonen i Nord-Irland til det verre. Den irske republikanske hæren, IRA, fekk fleire hundre nye medlemer, og organisasjonen trappa kraftig opp sine valdelege aksjonar både i Nord-Irland og på det britiske fastlandet

LES OGSÅ: 40 år siden Bloody Sunday

LES OGSÅ: Bad om orsaking for "Bloody Sunday"

Bad om orsaking

For to år sidan, etter Saville-rapporten, bad Storbritannias statsminister David Cameron om orsaking for det som skjedde denne dagen. Han sa at det var handlingar det ikkje er mogleg å forsvare.

3600 menneske vart drepne i uroa i Nord-Irland, før partane vart samde om ein fredsavtale i 1998, den såkalla langfredagsavtalen.

LES OGSÅ: Fikk endelig svar om Bloody Sunday

SISTE NYTT

Siste nytt