Hopp til innhold

Ny forsvarsminister i Sør-Korea

Tidlegare forsvarssjef Kim Kwan-jin blir ny forsvarsminister i Sør-Korea.

Kim Kwan-Jin tar over for Kim Tae-jung

Kim Kwan-Jin (til høgre) tar over som forsvarsminister for Kim Tae-jung (til venstre).

Foto: KIM JAE-HWAN / Afp

Folk følgjer med frå fastlandet

Tysdag angreip Nord-Korea. Det tok 13 minutt før Sør-Korea svarte.

Foto: STR / Afp
Krav angrep mot Pyeongyoang

Det var ikkje raskt nok, meiner folk i Sør-Korea. Demonstrantar i Seoul krev at Sør-Korea angrip naboen i nord.

Foto: JUNG YEON-JE / Afp

Den forrige forsvarsministeren Kim Tae-jung gjekk av etter at han fekk kraftig kritikk etter angrepet frå Nord-Korea tysdag.

Han vart skulda for å reagere for seint og for forsiktig på granatskytinga som tok livet av fire personar på øya Yeounpyenong.

13 minutt for lenge

Sør-Korea brukte 13 minutt på å skyte tilbake mot angrept frå Nord-Korea. Det var for lang tid, meiner kritikarane.

No tek 61 år gamle Kim Kwan-jin over.

– Han er vurdert som ein typisk soldat med rasjonalitet og sterke leiareigenskapar, seier regjeringstalsmann Hong Sang-pyo til nyheitsbyrået Yonhap.

– Passar til jobben

Kim Kwan-jin var forsvarssjef i Sør-Korea mellom 2006 og 2008.

– Kim er passande i jobben som forsvarsminister i ei tid der deira arbeid med å forsvare liv og eigedom er viktigare enn nokosinne, seier talsmannen.

SISTE NYTT

Siste nytt